Anmeldelse

Ori and the Blind Forest

Eit vakkert spel, men det er ikkje det du vil hugse det for

Ori and the Blind Forest trykkjer på både emosjonelle og nostalgiske knappar.

Ori and the Blind Forest er eit av dei vakraste spela eg nokon gong har sett. Godt mogleg er dette det vakraste spelet eg nokon sinne har hatt gleda av å bryne meg på. Det får fantastiske Rayman Legends til å framstå som eit hobbyprosjekt med sin vanvittig gjennomførte visuelle stil.

Dette er eit spel som aldri står i ro. Kvar du enn er, og kva som måtte skje, så skjer det alltid meir. Den magiske spelverda er bygd av lag på lag med panorerte bilete som lev sine eigne liv medan du fartar gjennom handteikna miljø som ser langt meir ut som ei verd nokon eller noko kan leve i, enn som ei hinderløype konstruert for optimal spelglede.

Ori And The Blind Forest er makelaust vakkert.

Og det er nettopp dette som gjer Ori and the Blind Forest så imponerande. Det er ei strålande hinderløype, og alt som skulle avsløre dette blir kamuflert med levande detaljar, ekspressive animasjonar, og eit lydspor som for det aller meste hoppar bukk over stemningsfulle komposisjonar til fordel for vakre melodiar inspirerte av komponistane som regjerte i plattformverda for mange generasjonar sidan.

Eit kunststykke

Ori and the Blind Forest er eit spel som hentar mesteparten av inspirasjonen sin frå klassiske todimensjonale eventyrspel som Super Metroid og Castlevania. Vi ser alt frå sida, men får ei stor verd å utforske der vi gradvis låser opp nye delar. Oppbyggjinga er ganske tradisjonell. Vi startar i sentrum som den vesle krabaten Ori, og får strengt tatt gå kvar vi vil derifrå. Det einaste som hindrar oss frå å gå overalt frå starten av er at vi manglar nødvendige eigenskapar.

Etter kvart som vi spelar kjem vi til forskjellige tre som gjev oss nye krefter, og desse kreftene kan vere alt frå doble hopp til sveving gjennom lufta, eller ei evne som let oss gripe tak i flygande prosjektil, berre for å skyte oss og prosjektilet i valfri retning etterpå.

Det er enkelt og ikkje spesielt originalt, men likevel uhyre effektivt. Spelt oppnår ein konstant driv som heile tida dyttar deg vidare. Ein ny eigenskap får deg til å innsjå at du no kanskje kan få tak i noko som var rett utanfor rekkevidde nokre timar tidlegare.

Samstundes har utviklarane oppnådd ein veldig god balanse i kor nyttige nye eigenskapar blir. Du klarar deg alltid heilt fint med det du til ei kvar tid har, men så snart ein ny eigenskap blir din, blir den essensiell og svært flittig brukt. Ori and the Blind Forest er eit spel med ei stor verd, men ein får lett inntrykket av at ein i staden fartar rundt i små og nøye planlagde plattformnivå. Nokre gongar må du meistre skiftande gravitet, andre gongar planlegge nøyaktige hopp i høg fart, og spelet byr heile tida på nye utfordringar og smart nivådesign som seinare garantert vil bli kombinerte for enda større utfordringar.

Er du god nok?

Luftputer sender deg flugande oppover.

Dette er ikkje eit enkelt spel. Ori and the Blind Forest byr på ei solid menge fiendar som alle prøvar å drepe deg på ulike måtar. Sjølv om du etter kvart får fleire måtar å handtere desse på, er det nokre energipiler som først og fremst står for den offensive biten. Detso lengre ut i spelet du kjem, desto viktigare blir det derimot å nytte alt du har for å handtere utfordringane, og dette er ein jobb du vil meistre hovudsakleg basert på eige ferdigheitsnivå.

Kontrollane i Ori and the Blind Forest er herleg presise. Du kan klatre opp ein vegg, hoppe ut, ta eit dobbelthopp, og huke tak i ei lykt før du skyt deg opp og fram i full visse om at spelet vil gjere nøyaktig det du vil når du gjer det. Det er viktig å reagere kjapt, og om du skulle deise i bakken er det din eigen feil.

Heilt rosenraudt er spelet likevel ikkje. Utviklarane har gjort eit feilgrep i å ville dytte for mange funksjonar inn på dei same knappane, noko som er både forståeleg og uforståeleg. Det er kjekt å ha alt på ein stad, men det byr på sine eigne problem. Diverre er det i spelets aller mest intense stunder at kontrollsystemet fell saman som eit korthus.

Ein og annan gong i løpet av spelt vil du kome ut for situasjonar der alt du må gjere er å kome deg i dekning frå noko så raskt som mogleg. Dette kan bli uhyre vanskeleg når du glir gjennom lufta og grip tak i ein vegg med same knapp. Det kan òg bli frustrerande når du slår i bakken som ein hammar med den same kontrollstikka du må bruke til å navigere unna piggar som fell frå taket. Når svært mykje skjer samtidig kan alle desse funksjonane fullstendig kollidere med kvarandre fordi du blir stressa og prøvar å handle raskt, men i staden finn deg låst til ein vegg berre fordi knappen du må halde inne gjer to ting samtidg.

Heldigvis høyrer slike situasjonar til unntaka.

Her og der er inspirasjonen frå gamle plattformspel ekstra tydeleg.

Med livet som innsats

Ori and the Blind Forest byr på den eine utfordringa etter den andre, og sjølv om dette på ingen måte er eit spel som sender deg i kne for kvart steg du tar, vil du ganske ofte ende opp i situasjonar der du vil døy om igjen og om igjen.

Farlege situasjonar vil få deg til å enten elske eller hate spelets lagringssystem. I Ori and the Blind Forest blir progresjonen din nesten aldri lagra automatisk, og berre etter viktige hendingar. I staden må du lagre sjølv ved å bruke energi på å lage lagringspunkt. Det er på mange måtar eit smart system, sidan det let deg sjølv velje kva som er beste plass å lagre på. Problemfritt er det derimot ikkje. Langt derifrå.

Energien du treng for å lage lagringspunkt må òg brukast på andre ting som til dømes å opne dører og bruke ekstra kraftige angrep. Kor mykje energi du har er i tillegg avhengig av kor mange store energikuler du har kome over i spelverda, noko som kan ha mykje med flaks å gjere, og om du gjekk til høgre eller venstre på eit tilfeldig punkt. Sjansen er difor stor for at du vil kome i nokre ganske kinkige situasjonar. Kanskje har du ikkje fått laga eit lagringspunkt på lenge fordi du ikkje har funne fiendar og krystallar som fyller opp energien din. Døyr du då blir du sendt heilt tilbake til der du plasserte førre lagringspunkt, og det kan svi veldig hardt, og koste deg mykje speletid.

Kanskje har du berre kosa deg litt for mykje. Du har fått alt til, meistra ei rekke utfordringar, klatra opp ei fjellside og hoppa over eit juv. Du har hatt det så moro at du rett og slett gløymer at du må lagre. Noko du ikkje hugsar før du brått blir møtt av eit stup der livsfarlege tornebuskar ventar på botnen. Det er din feil, men spelet kunne godt ha kommunisert betre kor viktig det er å lagre. Spesielt tidleg i spelet. Seinare i spelet er dette eit mykje mindre problem, sidan du etter kvart vil ende opp med meir energi enn du veit å bruke, og du er på eit punkt der du er så klok av skade at du lagrar for kvar einaste kneik som kan sjå farleg ut.

Konklusjon

Inntørka tre byr på nye eigenskapar.

Ori and the Blind Forest er ikkje problemfritt. Det har sine uflide kantar som lett kan by på gjentakande furstrasjonar. Det totale biletet er likevel det av eit ufatteleg vakkert spel som klarar å leve opp til sitt blendande ytre med gjennomførte og uhyre engasjerande mekanikkar.

Spelet hentar tilbake spelgleda ein fekk frå gamle klassikarar som Super Metroid og Castlevania, for ikkje å gløyme plattformslagerar som ei lang rekke Super Mario-spel. Spelet er vakkert, og det er det folk flest vil bite seg merke i, men det er likevel ikkje dette du vil hugse spelet for. Det du vil hugse er ei reise gjennom ei magisk verd som heile vegen gav deg nye og spanande utfordringar. Ei verd som tvang deg i kne, men som likevel gav deg det du trengde for å kome deg sigrande forbi alle hinder med hovudet heva og eit tilfreds glis om munnen.

Når spelet er så pass gjennomført, kan ein leve med at ikkje alt er heilt perfekt.

Her kan du sjå oss spele litt av Ori and the Blind Forest »

8
/10
Ori And The Blind Forest
Det du vil hugse er ei reise gjennom ei magisk verd.
8
/10
Ori And The Blind Forest
Det du vil hugse er ei reise gjennom ei magisk verd.

Siste fra forsiden