Anmeldelse

Prototype 2

Med god hjelp frå deg vil New York gå opp i flammar.

Det er ei merkeleg ro som senkar seg over kroppen når ein omsider står der på toppen av ein skyskrapar og ser den raude himmelen i det fjerne. Kvelden er ung, men likevel heng den tungt over byen. I det fjerne kan du sjå skyskraparane løfte seg frå bakken som einsame kjemper. Svart røyk frå den siste eksplosjonen som skaka innbyggjarane som er uheldige nok til å bu her, medan støyen frå krigande soldatar fortel deg at det aldri er ei stille stund i New York. Samtidig blir øyra fylt med nedstemte strykarar som knar strengane med aukande intensitet.

Det er nesten vakkert. Det er kanskje ein by som held på å rakne i saumane, men det er din by. Du eig denne byen, og alle som trur noko anna har ein utriveleg konfrontasjon i vente.

Kom og få litt kos.

Herre, for ein by

Det er mykje som kjempar om merksemda di i Prototype 2, men den verkelege stjerna er byen. Alt handlar om byen som let deg gjere så uhorveleg mykje på ein så saumlaus måte at det heile flyt saman til ei herleg røre. I byrjinga spring du berre langs bakken, hoppar opp på nokre tak, og klatrar langs veggar, medan du hastar frå det eine oppdraget til det andre. Etter kvart låser derimot spelet seg opp, og du blir stadig sterkare, raskare og meir i stand til å møte alle utfordringar spelet legg i vegen din.

Det heile minnar meir om Crackdown enn det første Prototype-spelet. Når du skal frå ein stad til ein annan er det berre hustaka som gjeld, og når du etter kvart byrjar å hoppe fleire hundre meter om gongen, før du glir av stad som ein litt billeg versjon av Superman er det lett å gløyme at Crackdown har gjort mykje av dette før. Dette er betre. Det har betre flyt, og når du skal gå frå å springe og fly til å lande og slå til ein bøling med fiendar skjer det på ein så saumlaus og kjapp måte at det nesten kjennest som om det heile heng saman med solide strikkar.

I rolla som James Heller er du på hemntokt, og målet ditt er Alex Mercer, helten frå det første spelet. Det er han som får skulda når kona og dottera til Heller døyr, og Heller skyr ingen midlar for å få sin blodsrett.

Tru på ingen måte at Heller er ein snill pusekatt som følgjer alle lover og reglar i jakta på Mercer. Etter å ha blitt smitta av det same viruset som gav Mercer krefter i det første spelet legg du ut på ei lang og adrenalinpumpande reise utan omsyn for noko anna enn hemnen som held han gåande. Dei uskuldige forgjengarane fyller gatene og reagerer med panikk kvar gong eit basketak oppstår, men for Heller er dei ikkje stort meir enn livgivande mat når helsa er retrett.

Det er ikkje berre i Japan at tentaklane er store.

Brutalt engasjerande

Ved sidan av ei sandkasse som oppfordrar til leik på alle kantar er det den herlege progresjonen som vinn alle medaljar i Prototype 2. Via eit lite kart har du konstant oversikt over kvar noko kan gjerast, og du spring i stadig raskare tempo mot neste oppdrag. Sjølv om spelet aldri byr på den heilt store variasjonen i kva desse oppdraga går ut på, er det gjort på ein så engasjerande måte at det er vanskeleg å bry seg for mykje. På vegen finn du uansett eit hav av distraksjonar som kan vere alt frå objekt som kan samlast, eller leirar med mutantar som må likviderast.

Spelet held deg kontinuerleg gåande, og du får sjeldan tid til å kvile. Om det så berre er eit sideoppdrag eller ein del av den engasjerande og godt fortalte historia føler du konstant at det du gjer har verdi. Du skal ikkje gjere mange oppdraga før kameraet sirklar rundt Heller for å fortelje deg at no har han blitt enda sterkare. Nye krefter dukkar opp rett før du har gjort det meste du kan tenkje deg med den førre, og ei mengde oppgraderingar let deg styre Heller si utvikling i den retninga som kler spelestilen din best.

Som i det første spelet er det ein god balanse mellom å liste seg inn på fiendar, og å bruke overdådig vald mot alt som i utgangspunktet blei fødd med ei ryggrad. Førstnemnde kjem først og fremst til nytte når du skal ta deg inn i ein bygning, eller infiltrere ein base. Du snik deg opp mot ein soldat, og så lenge ingen ser kva du driv med kan du «ete» han, og ta over kroppen hans. Skulle offeret ditt vere omringa av fleire soldatar må du gjerne gå meir strategisk til verks og plukke ned alle andre før du til slutt får gjort det du kom for å gjere.

Uansett kor mykje list du skulle bruke endar det likevel opp i eit infernalsk basketak. Heller får etter kvart tilgang både på klør, klubber og tentaklar som skyt ut frå offeret ditt og trekk til seg alt frå fiendar til eksplosive propantankar før det heile enda opp i eit særs blodig smell. Spelet er skreddarsydd for å få deg til å bruke alt du har tilgang på, og det tek ikkje mange kampane før du stilfullt slenger deg mot fiendane, kastar dei inn i kvarandre, hoppar unna angrep, og får rakettar til å returnere til avsendar ved å ta i bruk eit piggete skjold.

Ingen er trygge når Heller slår til.

Den vanvittige mengda med rein og skjær øydelegging du endar opp med er ikkje stor mindre enn imponerande. Når stridsvogner og helikopter etter kvart melder seg inn i miksen tar det heilt av, og du riv våpna av svære tankar og sender alt av motstand til ei tidleg grav er det ikkje stort anna å gjere enn å lene seg tilbake med eit djevelsk glis om kjeften.

Trøbbel i paradis

Sjølv om Prototype 2 for det meste er ein actionfest av dei store har det sine skavankar. Mest plagsamt er eit kamera som midtvegs i ein kamp kan snu seg feil vei slik at angrepet du har store planar om å sende i trynet på ein diger gorillamutant endar opp med å miste sin verdi ved å dele ein fotgjengar i to. Saman med ein låsemekanikk som strengt tatt er ein vits kan du få eit stort problem i dei kampane som skjer i tronge område med mange fiendar på alle kantar. Sjølv om kontrollsystemet for det meste reagerer som det skal, kan kaoset skape enda meir kaos.

Til dømes har du evna til å suge livet ut av fiendar som er nær døden. Eit lite symbol rullar over dei for å fortelje dei at no kan du fikse på helsa di litt, men om det skulle vere sivile tullingar i nærleiken vil Heller ofte heller plukke opp dei, noko som riktig nok gir litt helse, men langt frå like mykje som det svære beistet du har brukt eit halvt minutt på å grisebanke. Spelet kunne godt ha vore litt meir intelligent i slike situasjonar og prioritert hakket betre.

Utover dette er det presentasjonen av hovudpersonen sjølv som skurrar mest. Det er lett å sympatisere med fyren, og dei mange korte og svært forseggjorde filmsekvensane som dyttar historia vidare skapar eit godt bilete av ein av dei få afroamerikanske spel-protagonistane. Diverre har ikkje utviklarane klart å halde seg for gode til å lage ein karikatur av han likevel.

Det er nok blod og gørre i Prototype 2.

Heller har eit ordforråd som for det meste endar opp med «fuck» eller «motherfucker» kvar gong han er sint, og sidan Heller er sint stort sett heile tida blir det ganske tåpeleg etter ei stund. Eg har null problem med banning, men det finnest gode og dårlege måtar å gjere det på. I Prototype 2 er det lett å få inntrykket av at banninga berre er der fordi utviklarane kan, og i eit feilslått forsøk på å skape ein person med «bad attitude». Sluttresultatet blir berre ufrivillig komisk, og eg tvilar på at det var målet. Mindre er meir heiter det jo, og det kunne Radical Entertainment hatt godt av å fundere litt over.

Konklusjon

Prototype 2 er ein actionfest utan like. Det er eit spel som gjev deg ei massiv sandkasse, mange herlege leikar for småvaksne born, dyttar deg uti og flirar: «kos deg».

Når James Heller er meir oppteken av å kverke fiendar enn å banne er han ein herleg hovudperson som byr på meir moro enn du har hatt på lang tid. Du kjem til å springe over hustak, hoppe fleire hundre meter om gangen, og lande med eit kraftig smell i bakken slik at bilar, sivile og nokre tøft kledde soldatar flyr fleire meter i alle retningar.

Dette er eit spel som først og fremst handlar om å ha det moro med å øydeleggje alt som øydeleggjast kan, og det oppnår dette utan problem. Det har sine små skavankar som kan skape litt kluss i dei mest intense kampane, men det aller meste av tida di vil gå med på å berre ta eit oppdrag til slik at du kan sjå kva den neste oppgraderinga vil føre med seg.

Prototype 2 er i sal for PC, PlayStation 3 (testet) og Xbox 360.

Siste fra forsiden