Anmeldelse

Rise of the Guardians

Julemoro for dei som ikkje kan fordra utfordring.

Rise of the Guardians styrer i stor grad heilt unna den ordinære ruta for filmbaserte spel. Du veit nesten aldri veit kva du eigentleg driv på med, og eg anar verkeleg ikkje kva filmen spelet er laga til handlar om.

Det kan sjå ut til at historier er for pyser, og spelet hoppar stort sett bukk over heile konseptet ved å dytte historia inn i eit lite hjørne den berre får kome ut av via små stiliserte sekvensar som dukkar opp no og då. Resten av tida brukar du på å gjere ting eg vil tru er veldig lite representativt for kva filmen handlar om. Dette seier eg utan å ha sett den aktuelle filmen, men med mindre den handlar om fem skapningar som spring rundt og bankar mareritt frå start til slutt vil eg tru eg har rett.

Julenissen har endra seg med åra.
Julenissen har endra seg med åra.

Skuggeheim

Stort sett set filmspel deg inn i rolla som helten i spelet, og sender deg frå område til område medan du laust får fortalt dei grove trekka i historia. Ikkje her. Alt vi får vite er at den slemme fyren Pitch vil øydeleggje draumane til ungane ved å erstatte dei med mareritt. Du blir sendt til det eine området etter det andre for å banke desse mareritta, og samtidig redde ungar som er fanga i bur og liknande.

Du ser det heile ovanfrå og om spelet tek inspirasjon frå noko som helst, er det gamle hakk-og-slå-spel som Baldur’s Gate: Dark Alliance. Vi møter eit følgje på fem ulike vaktarar som alle har sine ulike eigenskapar. Dei er alle på skjermen samtidig, og du kan skifte mellom dei når du vil. Ikkje at dette har så mykje føre seg. Dei er alle svært like i bruk med unntak av at to av dei skyt fargerik magi i staden for å slå fiendane med eit våpen.

Heile spelet går i hovudsak ut på ein ting; å hamre på ein og same knapp heile tida. Det er verken kreativt eller originalt, men det har fungert før, og innleiingsvis kan det sjå ut til at det fungerer heilt OK her òg. Du denger laus på marerittskapningane som kjem i alle former og storleikar, og å sjå mørke beist gå opp i røyk er ei heilt kurant erfaring. Dei fem heltane våre samlar inn erfaringspoeng etter kvart som dei bankar mareritt, og når du går opp i nivå kan du fordele poeng på ting som styrke og helse. Det fungerer slik ein kan forvente, og vi blir gradvis sterkare samtidig med at spelet blir lettare.

Enda lettare blir det når du låser opp nye spesialangrep. Desse kan vere alt frå å lage eksplosjonar i ein solid radius til å skyte prosjektil mot fiendane. Om du fordeler poenga du får av å gå opp i nivå riktig, kan krafta du treng for slike angrep regenerere så kjapt at du nesten utelukkande kan bruke desse spesialangrepa. Om spelet var lett før, blei det brått barnemat. Som om det ikkje var nok kan du etter kvart kjøpe ulike krystallar som gjev deg enda større bonusar. Desse krystallane kostar litt peng, men pengane samlar du inn så raskt at du kan kjøpe dei dyraste og beste krystallane nesten med ein gong.

Våre heltar er klare til å kjede livet av deg.
Våre heltar er klare til å kjede livet av deg.

Fri meg frå det vanskelege

Eg veit ikkje med deg, men som liten pjokk på knapt ti år var eg fint i stand til å leve med utfordringa i spel som Super Castlevania IV. Eg forstår at dette spelet ikkje er laga for meg, men eg har større tru på målgruppa enn dette. Ungar er fullt i stand til å handtere ei utfordring så lenge dei får sjansen.

Den totale mangelen på utfordring gjer Rise of the Guardians kjapt til eit ufatteleg keisamt spel. Kvart område er delt inn i ei rekke soner, og alle desse sonene byr på nøyaktig dei same måla. Kartet viser deg alt du har å gjere, og ved å følgje det til punkt og prikke får du med deg alle fiendar, alle kister, og andre objekt som strengt tatt har null relevans for spelet utover at du har reinska ut alt eit område har å by på.

For eit så pass enkelt konsept som Rise of the Guardians er det nesten godt jobba å gjere det heile så monotont og keisamt. Vi møter dei same fiendane om igjen og om igjen, og utfordringa dei byr på er i beste fall absurd. Nokre soner har sterkare fiendar enn andre, men på generell basis vil kvart nye område by på fiendar som er like sterke – og av og til svakare – enn fiendane du møtte i det førre. Det betyr at når du har gjort deg ferdig med alle sonene i ein liten by, og reiser vidare til ein diger juleverkstad er alle fiendane du møter der omtrent like sterke som dei du møtte i byen. Heltegjengen din blir likevel sterkare, og høvlar over fiendane med begge henda fastlåst på ryggen.

Det er eit ganske lite gjennomtenkt konsept, og det blir verre. Spelet er bygd opp av fem ulike område du kan utforske. Eg seier kan fordi spelet er over før du får sjansen til å prøve alle. Målet i spelet er å tenne lysa i heimane til folk ved å luke ut mareritta, og for kvart mareritt du drep fyller eit lysmeter seg opp. Når dette er fullt er spelet over og du har sigra over Pitch. Eg nådde dette punktet halvvegs i mitt tredje område. Å sjå rulleteksten før du er halvvegs i spelet byggjer ikkje akkurat opp motivasjonen for å utforske resten av verda.

I mangel på fiendar slår vi møblane i staden.
I mangel på fiendar slår vi møblane i staden.

Hopp inn og slå

Rise of the Guardians byr på ein enkel fleirspelarmodus for opp mot fire spelarar. Kven som helst kan når som helst plukke opp ein kontrollar for å bli med, og dette har sin verdi. Det er alltid litt meir moro å spele saman med andre, men når den elendige kunstige intelligensen blir erstatta med folk som veit kva dei driv med blir berre spelet enda lettare. Plankekøyring er å ta hardt i. Dette spelet er så enkelt at ein nesten kan spele det utan å sjå på skjermen. Å bruke unnvikande manøvrar og blokkering får det heile berre til å ta lengre tid.

Snodig nok kan du berre spele lokalt. Såleis er det eit spel som kan underhalde dei minste ei stund, men det er likevel kritikkverdig i at ein i 2012 lagar eit spel sentrert rundt samarbeid der ein ikkje får lov til å logge på nett for å finne nokon å spele med. Til og med billegge småspel tilgjengelege via digital nedlasting byr på slikt.

Det mest positive ein kan seie om Rise of the Guardians er at det ser greitt ut. Det er ikkje eit spesielt vakkert spel, men hakkinga og slåinga er pakka inn i ei fin visuell ramme. Dei ulike områda er alle fargerike og svært forskjellige frå kvarandre, så i det minste får du litt å sjå på. Samtidig er dei ulike mareritta ganske tøffe, men stilige røykeffekter som heng som eit slep bak dei når dei spring.

Musikken er òg variert og god og byggjer opp ei trygg og solid julestemning sjølv i dei største basketaka. Skodespelet på er på si side heilt kurant, der dei ulike heltane leverer frå seg små strofer no og då. Hakket meir variasjon kunne vi derimot ha fått sidan det blir litt tamt å høyre dei same strofene gjenta seg fleire gongar på rad.

Den visuelle variasjon er samtidig den største variasjonen.
Den visuelle variasjon er samtidig den største variasjonen.

Konklusjon

Rise of the Guardians viser heilt tydeleg kor mykje flid som blir lagt inn i ditt gjennomsnittlege filmspel. Det er underprodusert og heilt blotta for ambisjonar. Det einaste smarte trekket som er gjort under planlegginga er å gjere dette til eit sosialt spel der dei minste kan setje seg ned saman for å jage alle mareritta frå verda. Formelen er klassisk og velprøvd. Du ser det heile ovanfrå og hakkar laus til du blir sår i tommelen. Det fungerer heilt greitt, og så snart ein fyrer det opp veit ein stort sett kva ein har i vente.

Det eg ikkje forstår er kvifor dette spelet er laga så latterleg enkelt. Det finnest null utfordring her. Alle dei fem heltane blir etter kvart mykje sterkare enn alle fiendane i spelet, og når du vitjar eit nytt område og drep den første fienden på eit slag er det noko feil.

Spelet er kanskje laga for ungar, men ungar fortener betre. Ungar kan betre, og den einaste grunnen eit born kan finne for å digge dette spelet er at det visuelt sett er ganske innbydande, og er basert på ein film dei kanskje synest var kul. Så snart det bornet har fått smaken på kor mykje betre det er med ein solid dynamikk mellom utfordring og meistring, vil nok derimot dette spelet kjapt hamne i gløymekroken.

Vis produkt

Vurdering

Rise of the Guardians

Rise of the Guardians PS3 PS3 3/10 3DS DS X360 3/10 Wii Wii U

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 30. november 2012
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Action, Rollespill
  • PEGI: 12+
  • Utgiver: D3Publisher
  • Utvikler: Torus Games

Beste priser

Vurdering

Rise of the Guardians X360 X360 3/10 3DS DS PS3 3/10 Wii Wii U

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 30. november 2012
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action, Rollespill
  • PEGI: 12+
  • Utgiver: D3Publisher
  • Utvikler: Torus Games

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen