(Bilde: Ubisoft)

Tidenes musikkspel

Rocksmith er forbetra på absolutt alle punkt.

Kjensla er herleg når du berre få minutt inni eit spel innser at dette er spelet som snart kjem til å ta over livet ditt. Det var nøyaktig det som skjedde då eg som svoren Alice in Chains-fan valda gromlåta Stone som mitt første val då eg ploppa Rocksmith 2014-disken inn i Xbox 360-maskina mi. Det blei den perfekte introduksjonen til eit spel som er eit bastant svar til alle som skulle ha kritisert det første Rocksmith-spelet.

Den nye hovudmenyen er rask og enkel å navigere.
Den nye hovudmenyen er rask og enkel å navigere. (Skjermbilde: Ubisoft)

Alt er skrudd på. Alt er betre, og mange nye fantastiske element er lagt til. Resultatet er eit spel som konstant dyttar deg framover. Det fortel deg at dette kan du få til, og det dinglar ei diger og saftig gulrot framfor deg som er umogleg å ignorere.

Det praktisk talt ropar til deg at det vil gjere deg til ein betre gitarist om du berre viser det litt kjærleik. Og betre vil du bli.

Ill tempo

Om du prøvde Rocksmith frå i fjor hugsar du sannsynlegvis ein ting veldig godt. Det var tregt. Menyane var kanskje kule i ein litt grunge-inspirert stil, men å bla gjennom dei var ein svært lite intuitiv prosess som kunne gjere det til ein stor jobb å finne det du ville ha. Når spelet i tillegg bydde på solide lastetider betydde dette raskt at det å ta ei låt til ikkje alltid var like freistande. I tillegg hadde lyden eit etterslep som kunne vere vanskeleg å gjere noko med.

I Rocksmith 2014 er alt dette så og seie historie, sjølv om det fortsatt er best å bruke analoge kablar for minst mogleg etterslep. Etter å ha valt om eg ville spele rytmegitar, leadgitar eller bass, var alt berre eit knappetrykk unna. Eg var i gong med Alice in Chains-låta i løpet av berre dei sekunda det tok meg å finne den på den lange lista over låter du kan bryne deg på. Ingen lastetider kom i min veg, og å setje i gong låte når du har funne den går så raskt at du berre rekk plassere plekteret mellom fingrane før du er i gong.

Å spele gjennom ei låt fungerer som før. Om du har valt eit lågt erfaringsnivå vil du byrje med låter som er svært forenkla, og alt du treng gjere er å treffe eit par notar om gangen. Du ser notane kome mot deg mykje i same stil som Guitar Hero-serien. Etter kvart som du gjer ting riktig blir fleire og fleire notar lagt til, før du etter ein del gjennomspelingar får alle dei små detaljane.

Om du spelar ei låt godt nok vil du ende opp i Master Mode der alle instruksjonar forsvinn.
Om du spelar ei låt godt nok vil du ende opp i Master Mode der alle instruksjonar forsvinn. (Skjermbilde: Ubisoft)

Det er først her Rocksmith 2014 viser seg frå si beste side. Etter at eg hadde spelt Stone eit par gongar la eg merke til at spelet kom med fleire forslag til meg. Eitt av dei var å terpe på eit bestemt riff i «Riff Repeater». Som du kanskje hugsar frå det første Rocksmith er «Riff Repeater» ein liten modus som let deg øve på utfordrande parti. Problemet var at du måtte gjennom lange og trege menyar for å finne den. No er den berre ein knapp unna.

Midt i ei låt kan du hoppe inn i «Riff Repeater» for å velje akkurat den delen av låta du slit med. Deretter kan du velje kor vanskeleg du vil gjere den, kor raskt den skal spelast, og om tempo og utfordring skal auke etter kvart som du får den til. Det er eit genialt verkty som kan hjelpe deg til å lære utfordrande parti svært kjapt. Det einaste som kunne gjort dette betre er om spelet bydde på eit tabulatur. Av og til er det vanskeleg å få meg seg kva som eigentleg skjer på skjermen, og det å berre kunne studere det i ro og mak før ein spelar sjølv hadde vore fint.

Sjølve låtutvalet er minst like solid som i fjorårets spel. Her finn vi alt frå Bob Dylan til Pantera, og om du har fjorårets Rocksmith vil alt nedlastbart innhald bli overført til Rocksmith 2014. I tillegg kan du betale ein liten sum for å overføre nesten alle låtene frå det første spelet. På toppen av dette lanserer Ubisoft nye låtpakkar kvar veke. Å finne noko å spele er på ingen måte noko problem. Utvalet er ekstremt mannsdominert, og eg saknar litt musikk med kvinner i fronten.

«Session Mode» lar deg improvisere over eit digitalt bakgrunnsband.
«Session Mode» lar deg improvisere over eit digitalt bakgrunnsband. (Foto: Ubisoft)

Eg hadde ikkje sagt nei til litt enkel moro i form av L7s Shitlist, for å seie det slik.

Ditt eige husband

Etter å ha sjekka ut det solide og stadig større utvalet med låter spelet byr på, er det naturleg å prøve den nye modusen «Session Mode». Her skal du ikkje lære deg låter, men i staden jamme med eit kunstig bakgrunnsband. Det heile er svært enkelt i praksis. Du vel deg eit band innan ein gitt sjanger, eller set saman eit band etter eigne preferansar. Deretter vel du deg ein skala, og korleis du vil bandet skal spele.

Det er ei genial nyvinning som gjer skalatrening til ein leik. Nedst på skjermen ser du heile gitarhalsen, og der kan du samstundes sjå kvar du skal plassere fingrane for å halde deg innanfor ein bestemt skala. Etter kvart som bandet spelar kan toneartane endre seg, noko som gjer det heile til ein svært dynamisk og innvolverande prosess. Om du er som meg og verkeleg ikkje kan fordra terping på skalaer, er «Session Mode» gull verdt. Med eit massivt utval digitale band som jammar i veg med deg, skal det godt gjerast å ikkje finne noko som passar deg.

«Session Mode» er ei genial nyvinning som gjer skalatrening til ein leik.

Ulempen med «Session Mode» er korleis spelet tidvis har litt vanskeleg for å lese kor hardt du slår på strengane. Bandet ditt skal etter planen gå opp og ned i intensitet alt etter korleis du spelar. I mi erfaring er derimot eitt einaste normalt slag på ein streng nok til at bandet tek heilt av. For å få det til å roe ned må eg dempe strengane i eit sekund eller to, men då stoggar bandet å spele fullstendig.

Til trass for desse skavankane er likevel «Session Mode» kanskje den biten i Rocksmith 2014 eg har brukt mest tid på, og det er lett å gløyme seg bort medan ein spelar seg inn i impulsive soloar.

Noko for ein kvar

Den tredje hovudbolken i Rocksmith 2014 er «GuitarCade». Dette er ei samling gitarkurs kamuflert som retrospel, og er mange hakk betre enn den utgåva vi fekk i fjorårets Rocksmith. Viktigast av alt er at du ikkje lenger må låse opp spela for å få tilgang på dei. No er alle tilgjengelege frå start, noko som betyr at om du er usikker på kva låt du vil spele, kan du like godt terpe på litt teknikk i staden.

I låtlista kan du sortere etter alt frå vanskegrad til gitarstemming.
I låtlista kan du sortere etter alt frå vanskegrad til gitarstemming. (Foto: Ubisoft)

Spela kjem i mange ulike former, og er alle designa for å gjere deg betre i ein teknikk. «Scale Racer» og «Scale Warriors» byr til dømes på to ulike måtar å jobbe med skalaer på. Andre spel underviser i diverse grep medan du skyt romskip eller zombier.

Felles for alle spela er at dei er svært underhaldande, noko som er det viktigaste av alt når det kjem til å faktisk bruke desse verktya. Du får ikkje berre eit praktisk mål å jobbe mot. Du får i tillegg jaget etter høgre poengsummar og nye nivå. For min eigen del har eg merka at eg har bygd meg opp ei dagleg rutine der eg alltid tek turen innom «GuitarCade» for å terpe litt før eg går i gong med andre ting.

Konstant motivasjon

Ei av dei beste nyvinningane i Rocksmith 2014 er korleis spelet heile tida gjev deg tre ulike oppdrag. Desse kan vere alt frå å meistre så og så mange prosent i ei låt, bli betre i eit «Guitarcade»-spel, eller teste ut noko i «Session Mode». Dette sørgjer for at du til ei kvar tid har noko å strekkje deg til. Du har ein grunn til å halde fram litt til, og i staden for å lure på kva du skal gjere akkurat no, får du eit solid alternativ slengt i trynet.

Dette er gull verdt på alle måtar. Om du har berre litt av det gamer-genet som sørgjer for at du berre må finne og gjere alt eit spel byr på, kjem desse oppdraga til å gjere deg til ein betre gitarist på rekordtid. Dei oppfordrar deg til å gjere ting du elles kanskje hoppar over, og såleis utviklar du ei breidde i spelinga di som du elles kanskje ikkje hadde fått.

Kvar gong du fullfører eit oppdrag får du eit nytt, men det ligg meir bak desse oppdraga. Fleire av dei gjev deg nye innlegg til gitaren, og nye ting å leike deg med i ein eigen modus der du kan skru saman eigne gitartonar på autentisk vis. No og då låser du i tillegg opp nye låter i spelet, noko som i seg sjølv er ein herleg premie.

Foo Fighters spelar opp til dans.
Foo Fighters spelar opp til dans. (Foto: Ubisoft)

Sjølve navigeringa gjennom spelet har blitt gjort enklare ved hjelp av Kinect. Dette er eit av få spel der Kinect faktisk kan vere ein fordel. I staden for å flytte henda frå gitaren til handkontrollen kvar gong du skal gjere noko, kan du no navigere deg gjennom så og seie alt berre ved å bruke stemma. I «Session Mode» får du i tillegg litt kontroll over korleis bandet oppfører seg.

Kinect har derimot si ulempe, sjølv om denne ikkje nødvendigvis er gjeldande for alle. Eg fekk ofte problem når eg skulle stemme den lyse E-strengen, sidan Kinect oppfatta denne lyden som om eg sa «back». Det seier seg sjølv at dette kan by på problem, og på eitt tidspunkt blei det så irriterande at eg røska ut Kinect-kameraet. Om du slepp unna dette problemet er Kinect utelukkande eit pluss.

Konklusjon

Utan å ta for store ord i munnen min vil eg påstå at dette utan tvil er det beste musikkspelet gjennom tidene. Visst var Rocksmith får i fjor ei solid musikalsk pakke, men dette spelet er så vanvittig mykje betre at det går ikkje an å samanlikne. Rocksmith 2014 blandar spel og læring med motivasjon og moro på ein eksemplarisk måte andre burde ta lærdom av.

Det er lenge sidan eit spel, eller noko som helst for den saks skuld, har blitt ein så essensiell del av livet mitt på så kort tid. Eg gjer rom for Rocksmith 2014 i minst ein time kvar dag. Som regel fyrer eg det opp meir enn ein gong, og kan bli sitjande til langt på natt i «Session Mode» medan eg klimprar i veg i mitt eige vesle univers.

Om du er ein gitarist med eit ynskje om å bli betre. Om du berre vil ha det litt moro med instrumentet ditt. Om du har ein nedstøva gitar som tryglar om å bli brukt, eller om du er heilt uerfaren, men med ein liten draum om å kunne spele gitar, då er Rocksmith det perfekte spelet for deg. Det er både moro og lærerikt på ei og same tid.

For min eigen del har eg merka ein dramatisk framgang i løpet av den siste månaden som overgår kva eg fekk til med Rocksmith frå i fjor. I tillegg har huda på huda på fingertuppane mine aldri vore tjukkar, og eg må innrømme at akkurat det gjer meg litt stolt.

Vurdering


"Utan tvil det beste musikkspelet gjennom tidene."

Rocksmith 2014 Edition X360

Rocksmith 2014 Edition PS3

Rocksmith 2014 Edition Windows

Rocksmith 2014 Edition X360 X360 9/10 PS3 Windows XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 25. oktober 2013
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft

Rocksmith 2014 Edition PS3 PS3 Windows X360 XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 25. oktober 2013
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft

Rocksmith 2014 Edition Windows Windows PS3 X360 XOne PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 25. oktober 2013
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft

Beste priser

Nedlasting 89,- Til butikk
Ikke på lager 219,- Til butikk
Ikke på lager 219,- Til butikk

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen