Rune Factory: Frontier
Anmeldelse

Rune Factory: Frontier

Å plante frø eller ikkje å plante frø, det er spørsmålet.

Tid er eit relativ omgrep. Det skal godt gjerast om du ikkje har erfart korleis den eine dagen er stressande og slitsam, medan den andre er eit tomt skal der du ikkje anar kva du skal finne på. Slik er det òg med tidsforbruket i Rune Factory: Frontier, det nyaste spelet i gardsbrukfamilien Harvest Moon.

Bøker er fulle av nyttig informasjon.
Bøker er fulle av nyttig informasjon.

Som ein ung mann endar du opp i den vesle byen Trampoli. Her finn du eit lite knippe personar som alle har sine spesialitetar, og dei har ein ting til felles; ein kjærleik for å plante frø i fruktbar jord. Det tek ikkje lang tid før du blir ein av dei. Med eit stort jorde til din disposisjon er det berre å hive seg i det. Du hakkar i jorda, sleng ned nokre frø, vatnar, og ventar på at ting skal skje.

Den spede starten er derimot eit mareritt for alle som verkeleg likar å ha noko å ta seg til. Det heile går i eit så ufordrageleg tregt tempo at det er lett å bli freista av alle små og urelaterte distraksjonar som skulle by seg (i mitt tilfelle er det Geometry Wars 2, men meg om det). Dagane sniglar seg av garde, og du skal ikkje sjå bort frå at du hoppar til køys før middagstid meir enn ein gong.

Rune Factory: Frontier har ein viktig mekanikk som samtidig blir spelets store hinder på vegen mot glede. Kvar handling du gjer med eit verkty, om det så skulle vere ei kanne med vatn, ein ljå eller eit sverd for å kveste fiendar, kostar deg dyrt. Runepoeng er kort fortalt din stamina, og den er ei evig utfordring. Kvar dag startar du med 500 runepoeng, og med desse skal du klare å gjennomføre alle viktige gjeremål. Det blir ei håplaus oppgåve, og dei set veldig ofte ein effektiv stoppar for all moro.

Ei verd du blir glad i
Ei verd du blir glad i

Gode planar

Det spesielle med Rune Factory: Frontier er at alt er verst i starten. Spelet blir faktisk veldig mykje betre etter kvart som du legg mange timar inn i det. Jordet ditt er delt opp i ruter, og i starten kan du berre pløye, vatne, eller slå ei av desse om gangen. Det er ein ekstremt tidkrevjande prosess som sluker alle poenga dine før du har kome skikkeleg i gong.

Du kan riktig nok kjøpe eller lage ting du kan ete for å spe på med poeng, men dette kostar pengar å få til, og pengar får du gjennom å selje dei grønsakene du har dyrka i åkeren din. Det er ein veldig langsam prosess som gir få teikn til betring.

Samtidig slit spelet med å vere hakket for fritt. Du er så fri til å gjere kva du vil til ei kvar tid at spelet ikkje ein gong tek seg bryet med å informere deg om Trampolis forskjellige fasilitetar. Du blir nøydt til å sjølv springe rundt i den vakre landsbyen for å vitje kvart einaste hus, snakke med kvar einaste person og studere alt du finn. Det er ingen veg utanom dette, for om du ikkje gjer det, vil du ikkje få det essensielle utstyret du treng. Du vil ikkje ha noko utstyr å drifte garden din med.

Dette tek tid, og du veit aldri heilt kva du skal bruke tida di på. Du vil gjerne sørgje for å få vatna alle plantene dine, og gjere det du kan for å dyrke så mykje som mogleg, men tanken på at dette kan halde deg tilbake like mykje som det dyttar deg framover forsvinn ikkje før langt inne i spelet. Det heile blir verre av at dagane eigentleg er ganske korte. Kvar dag er 24 timar, men kvart minutt er i effektiv speletid på lengde med eit sekund. Dette fører til at du ofte må halde eit stramt auge med klokka. Mest av alt fordi butikkar og andre viktige lokale opnar og stengjer til forskjellige tider.

Gode avlingar gir god råd
Gode avlingar gir god råd

Innsats gjev løn

Rune Factory: Frontier er som det meste anna i livet. Du får tilbake i forhold til det du legg inn i det. Held du ut, og går laus på gardslivet med dedikasjon, vil du få løn for strevet. Etter kvart som du dyrkar den eine matvara etter den andre, vil du ende opp med solide mengder med pengar. Ein god økonomi let deg kjøpe forskjellige ting som kan hjelpe deg i kvardagen. Huset ditt kan utvidast med både kjøken, eit laboratorium og ei smie, og desse har alle viktige nytteområde.

Viktigast av alle er nok smia. Om du oppgraderer den kan du lage nye og effektive våpen, men du kan òg oppgradere utstyret ditt. Der du først berre kan arbeide på ei rute av gongen, kan du brått vatne tre felt samtidig, og dette får alt til å gå i eit mykje større tempo. Der du i starten sleit med å få dyrka berre nokre få planter fordi du gjekk tom for runepoeng, høvlar du til slutt over store areal i rekordfart.

Etter kvart kan du i tillegg hyre inn monster til å jobbe for deg. Dei kan sanke tømmer som sakte men sikkert rotar til jordet ditt, og dei kan samle inn planter og avlingar. Generelt sett kan du setje dei til å gjere alt det du elles har sett deg nøydt til å bruke dagane på. Slik sett er det ein temmeleg god progresjon i spelet, sidan du etter kvart føler at slitet har vore verdt det, men det får deg ikkje til å gløyme den trege starten, og den evindelege pina med runepoeng.

Bli min ven eller døy
Bli min ven eller døy

Forkrøpla kamp

I motsetning til sin eldre slektning Harvet Moon, er ikkje Rune Factory-serien utelukka basert på gardsarbeid. I tillegg til å stelle med garden, må du her leggje ut på tur gjennom grotter og fjell. Dette er ein artig bit av spelet, men den har nokre store problem som hindrar den i å nå sitt fulle potensiale. Kampane er enkle nok, du du brukar berre ein knapp for å gjere alt du må gjere for å slå ned dine fiendar, men det er over så alt for fort.

Både klokka og runepoenga er begge store syndarar her. Førstnemnde gjer seg gjeldande når du endeleg har kome eit godt stykke inn i eit område, og du innser klokka er så mange at du er nøydt til å reise tilbake og i seng før den unge mannen kollapsar. Runepoenga er derimot verst. Kvart slag med våpenet ditt kostar ei dose poeng, og dette sørgjer for at eventyrferdene dine nesten alltid er over akkurat i det dei er kome godt i gong.

Du kan bøte på dette ved å dyrke planter i grottene for å mane fram spesielle runer som vil la deg fylle opp igjen runepoenga dine. Det er eit godt tilbod for å halde på lengre, men å dyrke fram ting tek fleire dagar. Samtidig må du gjerne springe over store avstandar for å plukke opp desse runene når dei først blir nødvendige. Eit anna dilemma med akkurat dette kjem i form av dei fire årstidene. Kvar plante høyrer til ei årstid, og om vår blir til sommar må du starte på ny med nye planter som kan ta lang tid å dyrke fram.

Du får sjeldan verkeleg bruke tid på å utforske fiendtlege område, og dette er veldig frustrerande. Det er problematisk først og fremst fordi det er veldig moro å springe rundt på monsterjakt. Dei forskjellige grottene er godt designa, og er fulla av ressursar du kan bruke på garden. Det er i tillegg her du lokkar med deg monster for å jobbe på garden din, noko som alltid gjer det spanande når du møter ein ny fiende, sidan du aldri veit kva område han er god på. Skulle han derimot ikkje vere ein god gardsassistent, kan du ta han med deg tilbake til grottene for å jakte andre monster saman med deg.

Eit par av dine romantiske interesser
Eit par av dine romantiske interesser

Ein ekte storsjarmør

Det er mykje som irriterer både her og der medan ein spelar Rune Factory: Frontier. Det hindrar likevel ikkje spelet i å gradvis vakse på deg, og bli meir og meir engasjerande. Dei første ti timane var for min del i stor grad eit ork å kome gjennom. Etter kvart som tida går ser ein derimot meir og meir av kva spelet har å by på. Nye element gjer seg kontinuerleg til kjenne, og det er lett å bli litt overvelda over alt ein kan gjere. Med fire årstider og mykje som kan gjerast i kvar av dei, er det nesten ingen grenser for kor lenge du kan halde på.

Det blir etter kvart eit spel som gjer deg glad. Å sjå fruktene av alt arbeidet er ei veldig god kjensle, og det motiverer deg stort til å halde fram enda litt til, om ikkje anna enn for å sjå kva du kan ende opp med om du dyrkar nokre nye planter, eller investerer i nytt utstyr. Dette er eit veldig omfattande spel som stadig gir til trass for at det krev mykje av deg, om det så skulle vere hardt arbeid eller rein frustrasjon.

Ein anna veldig positivt del av spelet er den herlege presentasjonen. Grafikken er nydeleg, og den vesle landsbyen Trampoli er fargerik og imøtekomande. Det er veldig tydeleg korleis alt er plassert og inkludert med meininga. Det kan vere alt frå korleis dei forskjellige delane av landsbyen er konstruert, til dei artige personane du møter på. Desse personane kan du i tillegg utvikle forhold til, og om du er ein god flørt kan du ende opp med eit giftemål. Det einaste som eigentleg irriterer med Trampoli i seg sjølv, er dei lange lastetidene når du går frå ein del av byen til ein annan, eller når du skal inn i eit hus.

På toppen av kaka finn vi flott musikk som sender nostalgiske tankar tilbake til den beste musikken frå 16-bit æraen. Vi finn alt frå sukkersøte melodiar til dramatiske arrangement, og dette legg ei veldig god stemning som bakteppe for gardsdrifta di.

Fargespekteret skiftar med årstidene
Fargespekteret skiftar med årstidene

Konklusjon

Rune Factory: Frontier er langt frå feilfritt. Det er mange ting som kunne ha vore gjort mykje betre, og dette gjeld spesielt kor fort tida spring frå deg. Det som derimot vil bli den største bremsa for folk flest er likevel kor tregt det heile går gjennom dei første timane. Det kryp av garde i ein fart som hadde fått sniglar til å le, og dette tærer på tolmodet.

Om du held ut, og står på, vil du derimot gradvis låse opp eit spel som har mykje å by på. Det er fornøyeleg å styre på med å plante forskjellige planter, hauste avlingane, og sjå korleis lommeboka brått held på å sprengast. Kvart krafttak du tek, blir løna på godt vis, og spelet sluttar aldri å gi deg nye distraksjonar.

Eg har kjeda meg mykje på vegen mot rikdomen, og eg har brukt mange timar på dette spelet som eg aldri får tilbake. Om spelet hadde vore litt snillare i startfasen, og samtidig gjort det lettare å finne vital informasjon, kunne dette lett ha blitt eit mykje betre spel. Slik det har enda opp, er det eit tidvis fantastisk spel som leit nok blir hemma av nokre solide uromoment.

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Rune Factory: Frontier

Rune Factory: Frontier Wii Wii 7/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 1. april 2010
  • Plattform: Wii
  • Sjanger: Rollespill, Simulator, Action
  • PEGI: Tillatt for alle
  • Utgiver: Rising Star Games
  • Utvikler: Marvelous Interactive Inc.

Beste priser

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen