Anmeldelse

Silent Hill: Book of Memories

Ikkje alle sidesprang er like vellukka.

Å prøve noko nytt er for å seie det enkelt, ikkje noko nytt. Halo-serien tok steget ut i strategiverda med Halo Wars, og den blodsugande dampyren BloodRayne dukka i fjor opp i det sideskrollande spelet BloodRayne: Betrayal med snasen og handteikna grafikk. Sistnemnde stod WayForward for, og det er det same studioet som no har fått oppgåve med å gjere noko heilt nytt med Silent Hill-serien.

Der vi er vande med Silent Hill-spel som gjer sitt aller beste for å få det til å kile kaldt nedover ryggen, er Book of Memories eit hakk-og-slå-spel i god gammal stil. Skrekken er borte, og tilbake står vi igjen med eit isometrisk perspektiv og intens hamring på knappar til alt er døydt.

Ikkje akkurat Silent Hill slik vi kjenner serien, altså.

Ikkje Silent Hill utan desse damene.

Ungdomsskulen

Historia i Book of Memories er ikkje stort anna enn eit påskot for å sende deg inn i nivå fulle av fiendar henta ut av Silent Hill-universet. Før vi går i gong får vi skru saman vår eigen helt frå eit utval stereotypar som inkluderer goth og nerd. Nokre få val på utsjånad og kjønn er alt som krevst før du får servert ei bok som på snodig vis fortel historia om livet ditt så langt. Naturlegvis freistar det å sjå kva som skjer om du skriv di eiga fortsetjing, og eventyret er i gong.

Alle nivå startar likt. Etter ein solid lastesekvens som tek hakket for lang tid blir du presentert for Valtiel, ein mørk gubbe som likar å gje deg oppdrag. Når du har fått det vesle av info som karen har å by på legg du ut på ei vandring gjennom ei solid mengde rom fletta saman av nakne korridorar. Kvart rom byr på utfordringar i større eller mindre grad. Nokre rom byr berre på eit par fiendar av varianten zombiehundar eller morbide sjukepleiarar, medan andre kastar pyramidehovudet og flygande krek på oss.

Om du har spelt Baldur’s Gate: Dark Alliance nokon gong veit du kva du har i vente. Dette er grei skuring i stilen «drep alt du ser», og det fungerer heilt greitt. Rundt omkring finn du små våpen som knivar eller plankar, og med dei hamrar du laus på alle fiendar til dei forsvinn i ei glødande sky. Utfordringa i løpet av dei første kapitla er ikkje mykje å skryte av. Du fyller raskt opp inventaret med helsepakkar, og fiendane byr på minimalt med utfordring. Det viktigaste du må passe på er at du ikkje øydelegg våpna dine før du har funne eit nytt.

Alle våpen i spelet blir gradvis øydelagde, og du kan bruke skiftenøklar for å reparere dei. Akkurat dette blir strengt tatt ikkje nødvendig før du utover i spelet finn større og betre våpen du gjerne vil ta vare på. Knivar, balltre og jernstenger finn du nok av som det er. Du vil alltid ha eit våpen, men nøyaktig kva våpen kan krevje ei vurdering av situasjonen. Her og der finn du til dømes skytevåpen som alle brukar ei gitt mengde ammunisjon, og det er ikkje alltid like lett å vite om du heller bør ha ei pumphagle i inventaret enn eit digert tohandssverd som får fiendane til å brenne.

Nokre våpen krev to hender, medan andre berre krev ei. Med mindre våpen kan du ha eitt i kvar hand, men dette er ein litt dårleg utnytta mekanikk sidan kvart våpen krev trykk på individuelle knappar. Å hamre fram og tilbake fører sjeldan mykje godt med seg, men om ein har ei kjøtøks i ei hand og ein pistol i den andre kan det bli ganske effektivt om du kjempar mot ei variert samling av fiendar.

Du skal få din dose luguber monsterdesign.

Brått sa det stopp

Medan du drep fiendar og saumfarar alle romma i kvart nivå vil du etter kvart plukke opp nokre slantar du kan bruke til å kjøpe helsepakkar, skiftenøklar og våpen om du skulle gå tom. Ei viktigare investering viser seg kjapt å vere ei utviding av plassen i inventaret. Spelet er for det meste ganske lett, men du kjem til eit punkt der vanskegrada brått stig mange hakk, og då er det lurt å ha plass til ein del våpen, helsepakkar og andre nødvendige ting.

Dette er eit punkt der det kan vere lurt å hoppe på nett om du ikkje allereie har gjort det. Book of Memories er bygd for samarbeid for opp mot fire personar, og om ein har nokre vener å spele med stig underhaldningsverdien drastisk, samtidig som den stigande utfordringa blir lettare å handtere. Det skal godt gjerast å finne dei heilt store taktikkane i spelet, og spelet handlar framleis berre om å hamre laus, men å sjå store fiendar dette ned etter at fleire spelarar har hakka laus er definitivt ei god kjensle. Diverre er det ikkje alltid like lett å finne nokon å spele saman med.

Sjølv om Book of Memories bryt drastisk med stilen frå tidlegare Silent Hill-spel, har WayForward likevel gjort tapre forsøk på å byggje opp ei stemning som i det minste viser honnør til sine forgjengarar. Musikken er melankolsk og tidvis vakker, og dei mange romma du går gjennom har identitet og mange små detaljar i både teksturering og inventar som vekkjer dei til live.

Romma er fylte med bord, stolar, kommodar og komfyrar, og i tillegg til å kunne skjule både våpen, pengar og gjenstandar, kan det meste øydeleggjast. Når ein i tillegg dyttar inn små feller som ligg plasserte rundt omkring gjev det romma ei god kjensle av velkomen interaktivitet.

Du må raskt gjennom ganske mange rom før du når slutten på eit nivå, og heldigvis kjem dette godt fram gjennom eit veldig oversiktleg kart som heile tida visast på skjermen. Du er aldri i tvil om kvar du er, og det er lett å leggje ein plan for kvar du skal gå først sidan det stort sett er veldig lett å forutsjå kvar avstikkarane ligg, og kvar vegen mot målet er.

Omsider har Silent Hill blitt ei sosial erfaring.

Når du omsider når målet vil du får premie om du har klart utfordringa frå Valtiel, og før du slepp fri må du gjennomføre ei lita tankenøtt der du må plassere statuer i rett rekkjefølgje. Korleis du skal klare dette vil du finne lappar med hint om, men dei byr sjeldan på mykje hovudbry, og dei er ofte så enkle som at fem statuer frå store til små vandrar mot sola.

Å stige i gradene

Silent Hill: book of Memories byr på nokre enkle rollespelelement. Etter kvart som du drep fiendar sankar du inn erfaringspoeng, og med dei kan du byggje opp karakteren din slik det passer deg. Spelet byr på ei solid liste med eigenskapar å forbetre, men det er ganske uoversiktleg å finne ut kva dei ulike parametra eigentleg gjer. Først må du trykkje på eit symbol på skjermen, og så må du trykkje på eit knøttlite symbol ved sidan av parameteret for å sjå kva du tener på ei oppgradering.

Det er ein slik tungvindt måte å gjere ting på som får meg til å mislike trykkontrollar. Spelet byr ikkje på mange av dei, og stort sett er det enkle og greie ting som å trykkje på ei helsepakke for å bruke den. Når symbola er små og vanskelege å treffe med ein tjukk tommel saknar eg derimot piltastar og infovindauge som sprett opp av seg sjølv.

Samtidig merkar ein ikkje så alt for mykje til justeringane ein gjer på karakteren sin. Du skal leggje ganske mange poeng i ein bolk før du verkeleg ser resultat, men det hjelper på at ein kan utruste karakteren sin med ulike magiske gjenstandar som kjem med nokre plussar her og der.

Større effekt har enkelt bonusar ein kan plukke opp medan ein spelar. Ein kjem ikkje over desse ofte, men å gå til kamp mot eit digert beist etter å ha plukka opp magi som gjer deg umogleg å drepe i nokre sekund er gull verd.

Lurer på kva som skjer om eg knuser denne.

Konklusjon

Silent Hill: Book of Memories framstår som eit noko uferdig produkt. Ikkje fordi det har feil og tekniske problem, men fordi det manglar retning. Å lage eit hakk-og-slå-spel i Silent Hill-universet er ei grei sak sjølv om det sikkert tergar nokon, men det ser ikkje heilt ut til at utviklarane har tenkt så nøye over kva dette betyr. Ved sidan av estetikken som heilt tydeleg er Silent Hill og såleis full av identitet, er det frykteleg lite her som gjer spelet interessant. Det er berre enda eit spel i ei lang rekke av spel som let deg hakke laus på fiendar i det eine rommet etter det andre.

Eg saknar det vesle ekstra, og det som gjev meg ein god grunn til å kome tilbake. Silent Hill: Book of Memories er ikkje stort meir enn eit temmeleg generisk spel i ein sjanger som gong på gong har blitt gjort betre. Det kan ikkje kallast dårleg, og det byr tross alt på nokre timar med grei underhaldning. Det blir likevel aldri meir enn akkurat det; grei underhaldning.

Siste fra forsiden