– Dette er eit  skummelt  spel

Anmeldelse Slender: The Arrival

– Dette er eit skummelt spel

Stemningsfullt og skremmande om Slender Man.

Slender Man-myten er på mange måtar internettgenerasjonens svar på The Blair Witch Project. Den vesentlege forskjellen er at der Blair-heksa aldri viste seg for oss, er Slender Man ein synleg og (iallfall i teorien) påtakeleg antagonist, utan at det nødvendigvis gjer han mindre skremmande. For dei uinnvigde: Slender Man er ei fiktiv myteskapning som stammar frå ein tråd på forumet til nettstaden Something Awful, der poenget var å lage og leggje ut bilete av noko overnaturleg.

Nokon har slått seg laus med fargestiftane.
Nokon har slått seg laus med fargestiftane.

Slender Man er som oftast skildra som ein svært høg mann i svart dress, med svært lange armar, utan ansikt, og med tentaklar på ryggen. I fjor kom det korte, men skumle, gratisspelet Slender: The Eight Pages, utvikla hovudsakleg av Mark Hadley, som no jobbar under namnet Parsec Productions. No har altså Parsec gått saman med Blue Isle Studios for å lage ei meir fullenda speloppleving, i Slender: The Arrival.

Kort og godt

Dei som har spelt The Eight Pages vil nokså raskt kjenne seg igjen her, utan med det å seie at dette berre er meir av det same. For Slender: The Arrival er eit meir omfattande spel enn forgjengaren, men det er framleis relativt kort: Det består av ein prolog, samt fire påfølgjande sekvensar, eller kapittel, og sjølv om ein nok må bruke ei handfull forsøk på eit par av kapitla, er det heile likevel over på toppen eit par timars effektiv speletid.

Tatt i betraktning den enkle spelmekanikken er dette eigentleg mest positivt; hadde spelet vore lenger, hadde det nok òg fort blitt einsformig og i overkant repeterande. Og trass i at spelmekanikken er enkel, har eg stort sett berre godt å seie om denne, fordi den kler både spelet og sjangeren for øvrig som hand i hanske.

Men meir om mekanikken seinare, lat oss først introdusere historia: Spelet startar idet protagonisten, Lauren, må forlate bilen og ta beina fatt, fordi ei trestamme blokkerer vegen. Lauren, og dermed spelaren med henne, ser omverda gjennom eit videokamera, noko som rett nok gir meining etter kvart, men som heilt i starten verkar noko malplassert.

Ein dag, guten min, skal alt dette bli... Aaaahhh!
Ein dag, guten min, skal alt dette bli... Aaaahhh!

Fantastisk introduksjon

Ved å følgje grusvegen gjennom skogen, vil ein snart nærme seg eit hus, samtidig som mørkret er i ferd med å falle på, og stemninga dermed så smått byrjar å likne på utriveleg. Når ein kjem nærmare, ser ein at husets entrédør står open. Ja, så då går ein vel inn, då. Eg skal unnlate å skildre i detalj kva som skjer vidare, men lat oss seie det slik at det er ting ved huset som tyder på at ikkje alt er som det skal. Eg vil faktisk gå så langt som å seie at denne prologen er noko av det mest passiv-intense og uhyggjeleg stemningsskapande eg nokon gong har opplevd i spelform. Ikkje småtteri, der altså.

Når den fantastiske prologen er over, og eg skal vidare til neste sekvens, blir eg derimot, diverre, dratt rett ut av den trykkjande atmosfæren. Ein lasteskjerm mellom sekvensane er til å godta, men når eg her på brått og magisk vis blir teleportert til ein heilt ny stad, forsvinn litt av den god-nifse stemninga som hang over prologen. Ikkje det at det er så lystig i utkanten av skogen midt på natta heller, men likevel. Denne overgangen fungerte ikkje særleg godt for meg, og gjorde at eg starta andre sekvens nesten på kvilepulsstadiet, i staden for ytst på stolkanten, der eg sat på slutten av prologen.

Det obligatoriske huskestativet.
Det obligatoriske huskestativet.

Eg skal ikkje røpe mykje meir om historia, men det er på sin plass å påpeike at andre sekvens er bygt på ganske nøyaktig same lesten som The Eight Pages, om enn i eit nytt og noko meir variert landskap. Resten av sekvensane er dessutan av liknande art, men likevel stort sett akkurat varierte og korte nok til framleis å halde seg interessante og spennande. Rett nok peika det seg ut eitt kapittel som for underteikna var hakket svakare enn dei andre, men noko stort problem var heller ikkje det.

Kledeleg enkel mekanikk

Tilbake til den nemnde spelmekanikken: I all si enkelheit er den både ein velfungerande og svært viktig del av spelet: Det ein har å rutte med her er nemleg lommelykt og løyping – det er det heile. Når den langlemma luskaren er i nærleiken, byrjar biletet å flimre og lyden å skurre. Då er det på høg tid å springe. Og ja, det er skummelt, det er stressande, og nei, ein kan ikkje springe ubegrensa. Gangtempoet er dessutan ulideleg sakte, spesielt om ein har slendermannen i hælane. Alt i alt fungerer dette strålande, fordi ein føler seg fullstendig hjelpelaus og sårbar. Ein har rett og slett ingenting å stille opp med mot overmakta.

Hei, mamma! Eg er på TV!
Hei, mamma! Eg er på TV!

Til nokså rimeleg indietittel å vere, er grafikken svært god og naturtro, og spesielt imponerande er utsikta i fjerde sekvens, over ein enorm skog med fjell og dalar i bakgrunnen. Musikken bidrar på si side i aller høgste grad til den gjennomgåande nervepirrande og skumle stemninga. Og kanskje aller best: Utviklarane har vore bevisst på ikkje å bruke musikk konstant, men og å la stilla få sin plass i lydbiletet. Slik blir musikken endå meir effektfull som stemningsskapar.

Lydeffektane for øvrig er ikkje stort betre enn dei må vere, utan at det drar spelet ned i nemneverdig grad. Ein ørliten lydbug gjer faktisk at spelet tidvis kan verke endå meir urovekkjande enn det allereie er: Det hender nemleg at lyden av Lauren sine steg fortset eit par sekund etter at ho har stoppa opp, med den effekt at det høyrest ut som om det er ein annan person like i nærleiken.

Konklusjon

Til sjuande og sist er det ingen grunn til å tvile: Slender: The Arrival er eit skummelt spel. Likar du, som meg, å påføre deg sjølv høg puls og tynnslitte nervar gjennom å la deg skremme av virtuelle vanskapningar, så er dette eit spel du bør prøve. Sjølv måtte eg spele i kortare bolkar, for å få pusta ut litt innimellom.

H-hei, du der! Gå vekk!
H-hei, du der! Gå vekk!

Men dette er heller ikkje eit perfekt spel på noko vis. Det har sine småfeil og manglar. Handlinga er nokså vag, og i grunn ikkje spesielt spennande. Karakterane er innhaldslause og lite interessante. Historia blir presentert gjennom utskrifter av e-postar som ein finn undervegs, noko som eigentleg ikkje gir meining – men slik er jo skrekksjangeren: Meining blir ofra til fordel for spenning.

I så måte er dette lett å tilgi, for her er spenning nok til å fylle dei par timane det tar å runde spelet. For det Slender: The Arrival lukkast ekstremt godt med, er å skape ei stemning som gjer at du heile tida føler at det lurer noko farleg rett rundt hjørnet, at eit eller anna kjem til å dukke opp kva tid som helst, og dette eit eller anna er definitivt ute etter å skade deg. Kjensla av at ein verken heilt torer å snu seg, eller å unnlate å snu seg, og at uansett kva ein gjer, så veit ein at ein tre meter høg mann utan ansikt og med tentaklar på ryggen står ein eller annan stad der ute og ventar på ein.

Spillet er testet på følgende PC-oppsett:

  • Prosessor: Intel Core i7-2630QM 2.00 GHz
  • Minne: 4 GB DDR3 SDRAM
  • Skjermkort: Radeon HD 6770M 1 GB GDDR5
  • Operativsystem: Windows 7 Home Premium 64-bit

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Slender: The Arrival

Slender: The Arrival Windows Windows 7/10 Mac X360 PS3

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 26. mars 2013
  • Plattform: Windows
  • Sjanger: Action
  • Utvikler:

Beste priser

Slender: The Arrival Mac Mac Windows X360 PS3

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 26. mars 2013
  • Plattform: Mac
  • Sjanger: Action
  • Utvikler:

Beste priser

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Alle brukere Dette gjør brukerne nå

Til toppen