Anmeldelse

Akrobatisk superhelt

Ein kjepphøg helt kastar seg ut i eit spenstig og festleg eventyr.

Av og til blir det litt feil å bruke morsmålet,og når det hjelp ein spesiell superhelt kledd i raud og blå kondomdrakt blir dette ekstremt tydeleg. Å kalle Peter Parker sitt alter-ego for ei vevkjerring blir berre feil. Vi held oss med andre ord til originalversjonen; Spider-Man.

I sitt nyaste eventyr møter vi ikkje mindre enn fire forskjellige versjonar av Spider-Man. Den udugelege illusjonisten Mysterio har gjennom eit uheldig basketak med vår helt Spider-Man prestert å knuse ei steintavle som tydelegvis held kontrollen på orden og kaos. Når denne tavla no er knust har «trådane» mellom dei forskjellige dimensjonane rakna, og med dette utgangspunktet presterer utviklarane å skape ein god grunn til at vi skal kunne spele som fire forskjellige heltar som likevel er ein og den same.

Slapp av, eg er ein helt!
Slapp av, eg er ein helt!

Syltynt, men fabelaktig

Du vil ikkje finne ei Spider-Man-historie av episke proporsjonar i Shattered Dimensions, men du vil garantert la deg underhalde likevel. Gjennom tre forskjellige akter får vi spele som kvar av dei forskjellige Spider-mennene i tur og orden. Dette skapar eit veldig konsist og konsentrert spel som er både innhaldsrikt og overkommeleg på same tid. Med eitt og anna unntak blir det ikkje kasta vekk tid på noko som helst, og du vil konstant bli dytta vidare i eit tempo som ofte er svært høgt.

Tidvis er det som å vere i ein interaktiv film. Så snart du kjem inn i eit område flyg kameraet framover for å vise deg ditt neste mål før ein kort filmsekvens set scena. Deretter spring du framover medan Spider-Man leverer vittige kommentarar gjennom sine fire forskjellige – og høgst profesjonelle – stemmeskodespelarar. Det er noko med dialogen i dette spelet som overgår det meste eg har høyrt før. I staden for keisam dialog utført av skodespelarar som sikkert berre ser på klokka og ventar på å få betalt, høyrest det ut som om kvar og ein av dei forskjellege skodespelarane storkosar seg med å vere i dette universet.

Både dialog og presentasjon endrar seg i tillegg drastisk mellom dei forskjellige dimensjonane. The Amazing Spider-Man (vanleg Spider-Man om du vil), er kjepphøg og evig optimist sjølv i dei mest prekære situasjonar, der han kastar seg i spindelvevet gjennom ei teikneserieinspirert verd som får Borderlands til å sjå ut som eit hobbyprosjekt. Hakk i hel kjem Spider-Man Noir som i ei svart-kvitt-verd oppfører seg meir som ein kul og iskald detektiv der han plukkar ned fiendar frå skuggane.

I Spider-Man 2099 møter vi ei høgteknologisk framtidsverd presentert gjennom ein meir realistisk stil der alt lyser og skin slik det ofte gjer når alle dei mest fancy grafikkeffektene er slått på. 2099 er ein meir alvorleg variant av Spider-Man, der han oppfører seg meir slik ein helt har for vane å gjere det, sjølv om han òg spyttar ut både det eine og det andre gullkornet i trynet på kven som skulle vere hovudfienden.

Heilt til slutt møter vi Ultimae Spider-Man, ein mørkeblå skapning som er på sitt meste kreative og valdelege når han blir sint.

Tjukk stemning i Spider-Man Noir
Tjukk stemning i Spider-Man Noir

Høgt tempo

Sjølv om vi møter fire forskjellige versjonar av Spider-Man som alle har sine forskjellar, er det meste likevel det same gjennom dei tretten oppdraga du får ta del i (fjorten om du vil ta med treninga). Spider-Man: Shattered Dimensions oppfører seg i stor grad som om vi kombinerer Devil May Cry med God of War før vi kastar inn nokre lianar du kan hoppe i når det skulle passe seg.

Som i dei fleste andre spel av liknande natur har du to forskjellige angrep. Du kan slå og du kan slå hardt, og ved å trykke inn forskjellige kombinasjonar av desse to slaga vil du kunne utføre komboangrep. Det er eit effektivt og lettvindt system som byr på mange artige møte med fiendane, men det er samtidig berre basisen av kva kampsystemet er skrudd saman av. Spider-Man har ein eigenskap ingen andre heltar eg veit om kan skryte på seg; spindelvev.

Du kan bruke spindelvevet på svært kreative og artige måtar. Blir ein kamp for intens kan du skyte spindelvev i taket for å svinge deg langt unna, før du landar på ein lyktestolpe og planlegg ditt neste trekk. Spindelvevet er samtidig veldig effektivt som eit middel i kamp. Du kan ta tak i fiendar med det, før du gjer ein av fleire ting. Du kan slenge deg mot fienden for å plante ein fot i kjeften på han, du kan hoppe bak han for å slå han der han ikkje kan forsvare seg, eller du kan slenge han inn i veggen i ein ganske festleg versjon av den gode gamle saltoen. I tillegg kan du bruke spindelvevet til å hoppe frå den eine fienden til den andre medan du sakte men sikkert tyner ut rekkene deira.

Sjølv om kampsystemet i seg sjølv er veldig underhaldande blir det snevre utvalet av fiendar etter kvart ganske uinteressant. Sjølv om du reiser mellom fire dimensjonar, og fiendane naturlegvis ser ulike ut, oppfører dei seg heilt likt. Vi finn svake fiendar som lett fell for angrepa dine, litt sterkare fiendar som skyt med rifler, nokre fiendar bak skjold, samt nokre svære kjemper viss einaste utfordring er at dei tek lang tid å felle. Du har sett alt etter kort tid, og når enkelte område berre kastar dei same fiendane på deg i større doser, forsvinn litt av gnisten.

Sjå! Eit rosa helikopter!
Sjå! Eit rosa helikopter!

Unike krefter

Det er først og fremst gjennom to forskjellige element at det store engasjementet byggjer seg opp. Kvar Spider-Man har sine heilt spesielle eigenskapar, og desse er med på å forme oppdraga i så stor grad at erfaringane blir ulike.

The Amazing Spider-Man er først og fremst ein akrobatisk atlet, og har ingen spesielle eigenskapar, men alle dei andre variantane har svært ulike måtar å gjere ting på. Spider-Man Noir held seg som sagt til skuggane, noko som gjev alle oppdraga hans mykje av den same stemninga som vi fekk i Batman: Arkham Asylum. Du ligg i skuggane, hoppar mellom hustak og lyktestolpar, og kastar spindelvev mot dei før du heiser dei opp i lufta. Eventuelt kan du klatre på veggane, men då må du kjempe mot eit kamera som gjer kva det kan for å øydeleggje alt for deg.

Alle dei andre Spider-Man-variantane er mykje meir fokuserte på kamp, og Spider-Man 2099 kan sakke ned tida for å bli meir effektiv. Ultimae Spider-Man kan i staden bli mykje kraftigare over kortare periodar av tid ved å la sinnet ta over. Sjølv om dei to siste eigenskapane i praksis er ganske like, er dei forskjellige nok til at du vil ende opp med å bruke dei på forskjellige måtar.

Det som verkeleg er høgdepunktet for kvar Spider-Man er likevel sjefskampane. Desse er alle bygd opp på kreative måtar der du må finne ut korleis du skal gå fram for å vinne. Kampane utviklar seg samtidig heile vegen gjennom slik at det ikkje er nok å berre finne ein taktikk, for så å halde seg til den resten av kampen. Alle kapitla er skrudd saman som om dei berre er der for å leie deg mot sjefen. Kvaliteten på nivådesignet varierer, men det er heilt tydeleg at i nokre område har utviklarane verkeleg hatt det moro, medan dei i andre område berre har kopiert eit rom før dei har lagt inn eit og anna unikt element for differansen si skuld.

Eg Goblin. Eg dum som eit brød og sterk som ein okse
Eg Goblin. Eg dum som eit brød og sterk som ein okse

Mykje variasjon

Sjølv om kampane til tider kan bli litt einsformige blir spelet likevel aldri keisamt. Du blir konstant presentert for nye utfordringar som tvinger deg til å bruke eigenskapane dine på nye måtar. I nokre område må du til dømes redde sivile frå fiendar. Her må du slenge deg gjennom store område og hoppe frå det eine utspringet til det andre, og dette er sekvensar som utfordrar deg til å vise kor akrobatisk du er. I ein annan situasjon må du hoppe mellom flygande tønner og kassar som blir kasta ut frå ein gigantisk virvelvind.

Sjølv om mykje av det du tar del i er utfordringar vi har sett før i mange format, presterer utviklarane å pumpe opp adrenalinet her og der ved å gjere alt veldig stort og dramatisk. I tillegg går spelet av og til vekk frå basisformelen ved å gjere nye og uventa ting. Som Spider-Man Noir spring du til dømes på eitt tidspunkt gjennom eit hus som ser ut som om det har blitt vridd og vrengt i alle retningar, medan Spider-Man 2099 no og då må fly nedover mot bakken i eit skyhøgt tempo medan du gjer ditt beste for å ikkje krasje i noko. Det er samtidig her spelet er på sitt beste. Når du får erfare noko du ikkje ventar deg.

Om du gjer ein god jobb i å kome deg gjennom dei forskjellige utfordringane spelet kastar etter deg, vil du etter kvart tene mange poeng du kan bruke på å oppgradere Spider-Man. Gjennom eit stort spindelvev vil du heile tida kunne halde eit auge med forskjellige mål du kan nå for å tene poeng. Desse poenga kan brukast til å oppgradere helse og spesielle eigenskapar dei forskjellige Spider-menna har, samtidig som du kan kjøpe nye og meir effektive angrep.

Å alltid ha noko å gjere utover å jakte ned ein stor skurk er ofte artig, men det har litt lett for å få for stort fokus. Spelet tvingar deg ikkje til å klare alle små mål, men du veit at for å bli betre treng du poeng, og då får ein likevel kjensla av at ein drepe så og så mange fiendar på den og den måten for å kunne kjøpe betre angrep. Eller hoppe så og så mange gongar mellom forskjellige objekt. Periodevis sug det liv ut av spelet, og endar opp som ein leksjon i repetisjon der du gjer den same tingen om igjen berre for å få nokre poeng til.

Spider-Man har sin eigen versjon av flogefiske
Spider-Man har sin eigen versjon av flogefiske

Konklusjon

Spider-Man: Shattered Dimensions er absolutt eit vellukka spel, og om du er på jakt etter eit spel om Spider-Man skal det godt gjerast å finne noko betre. Det er eit artig spel som ikkje tek seg sjølv høgtidleg, og konstant forar deg nye scener og dialogar som verkeleg sit der dei skal.

Spelets oppbygning sit likevel ikkje heilt optimal. Det kan tidvis sjå ut til at utviklarane har vore meir opptekne av alle dei fantastiske tinga Spider-Man kan gjere, i staden for å tenkje over kven han skal gjere det mot. Sjefskampane er stort sett herlege over heile linja, men alle møta med mindre fiendar blir etter kvart berre det same om igjen. Sjølv om kampsystemet er veldig gjennomført og lar deg gjere mykje moro, skulle eg gjerne ha sett ein større variasjon i fiendane og utfordringane dei byr på. I staden sit eg igjen med ei litt bitter kjensle av at dette er eit bra spel som kunne ha vore enda betre.

Vurdering

Spider-Man: Shattered Dimensions

Spider-Man: Shattered Dimensions PS3 PS3 7/10 X360 7/10 Wii DS

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 10. september 2010
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Action
  • Utgiver: Activision
  • Utvikler: Beenox

Beste priser

Vurdering

Spider-Man: Shattered Dimensions X360 X360 7/10 PS3 7/10 Wii DS

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 10. september 2010
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action
  • Utgiver: Activision
  • Utvikler: Beenox

Beste priser

Kommentarer (31)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen