Sports Champions
Anmeldelse

Sports Champions

No kan du vere ein aktiv sportsutøvar sjølv på stormfulle dagar.

Det er godt mogleg at Wii Sports framleis vil halde på trona som det artigaste og mest sosialt underhaldande sportsspelet basert på ivrig bruk av rørsler, men om vi skal snakke presisjon finnest det ingen konkurranse. Sports Champions serverer eit imponerande stykke små spel som på meisterleg vis (med få unntak) demonstrerer nøyaktig kor presis Move-kontrollaren er.

Spelet les rørslene dine med nesten pinleg presisjon, og dette resulterer i eit spel der kroppen din praktisk talt fortel deg at du blir betre. Det er ikkje nok å berre slå eller peike i den eine og den andre retninga, du må i tillegg vinkle og vri kontrollarane omlag som du ville gjort i røynda. Dette gjer spelet enormt tilfredsstillande sidan din eigen innsats faktisk har noko å seie.

Dette får eg absolutt ikkje til
Dette får eg absolutt ikkje til

God samling

Sports Champions byr på seks forskjellige greiner du kan bryne deg på. Den første på lista over fysiske aktivitetar er diskoskasting. Akkurat denne sportsgreina får eg ikkje til på nokon måte, og det er difor litt vanskeleg å seie noko fornuftig om kor god den eigentleg er. Det er godt mogleg det er berre eg som er ein elendig diskoskastar. Kva du som spelar gjer er derimot såre enkelt. Du skal svinge disken som ein frisbee, og satse på å kome så langt som mogleg.

Sjølv om eg mistenkjer at eg er veldig dårleg på diskos, synest eg ikkje dette er spelet som demonstrerer kva Move er i stand til på best måte. Til og med når eg gjer mitt beste for å utføre dei same rørslene kvar gong, er bana til disken høgst variabel, og sjansen for at farten ikkje blir høg nok er stor. Med det i tankane er det like greitt å flytte seg vidare til ei anna sportsgrein som er mykje meir underhaldande; gladiatorkampar.

Om du alltid har sett på deg sjølv som ein ekte gladiator er fektinga i Sports Champions noko for deg. Her får du sjansen til å svinge eit sverd med all di kraft, samt forsvare deg med eit skjold. Fleire av sportsgreinene i Sports Champions let deg bruke to kontrollarar samtidig, og gladiatorkampane er ein av dei. Med to kontrollarar kan du halde sverdet med den eine, medan du held skjoldet med den andre. Dette fungerer heilt utmerka, og du får verkeleg kjensla av å vere i aktiv kamp.

Kontrollane i kampane er svært truverdige, og dei let deg angripe frå den vinkelen og sida du sjølv vil. I tillegg kan du forsvare deg i forhold til kvar neste angrep kjem frå, samt dytte motstandaren eller vike unna eit angrep. Det heile endar opp som den klart mest fysiske aktiviteten i Sports Champions sidan du endar opp med å bruke heile kroppen for å få inn dei rette slaga. Gladiatorkampane er likevel ikkje heilt vellukka sidan presisjonen ikkje er på topp. Kameraet greier ikkje registrere alle rørslene dine om du held eit høgt tempo, og du blir difor nøydt til å tvinge deg sjølv til å bruke færre og meir kalkulerte slag. Dette er ganske kjipt sidan du lett endar opp med å miste kontroll over sverdet midt i eit fabelaktig angrep, men det øydelegg likevel ikkje for at kampane er stor moro.

Bjelleklang, bjelleklang, over skog og hei...
Bjelleklang, bjelleklang, over skog og hei...

Skyt og kast

Den neste sportsgreina er bogeskyting, noko eg personleg gleda meg stort til før eg gjekk i gong, sidan eg har hatt stor moro med heimelaga bogar i mine yngre dagar. Den største suksessen med bogeskytinga er at du verkeleg får kjensla av å stå der med ein boge. Du plukkar opp ei pil, legg den inntil bogen, og dreg bakover. Eg har derimot hatt nokre irriterande utfordringar med presisjonen i denne sportsgreina òg. Ikkje misforstå, Sports Champions er imponerande nøyaktig, men her og der får spelet eit skår i gleda.

Med bogeskytinga er det handa du held bogen med som er problemet. Medan eg har stått og sikta på blinkar og frukt har eg no og då enda opp med at siktet på skjermen ligg for lågt og for langt til sida i forhold til korleis eg står. Eg har enda opp med å måtte løfte handa på ein slik måte at den kjem rett framfor ansiktet mitt, slik at eg må dukke ned eller vri hovudet i ubehagelege vinklar for å sjå skikkeleg. Ein og anna gong har i tillegg siktet brått låst seg til ein håplaus vinkel eg må skyte ut pila for å kome meg ut av.

Det har sjølvsagt streifa meg at dette kan vere grunna mi eiga kalibrering av systemet, men sjølv med omkalibrering av begge kontrollarane, samt justering av kameraet har eg ikkje fått bort problemet. Dette er likevel i stor grad eit problem ein kan bli vand med, og ein sluttar til slutt å tenkje stort på det og kan i staden nyte den elles imponerande presisjonen. Dei forskjellige utfordringane går på tid, og det er om å gjere å treffe flest mogleg blinkar, noko som både stressande og utfordrande for armane.

Sandvolleyball har derimot ingen problem med presisjonen. Du brukar kontrollarane slik du brukar henda dine om du skulle plukke opp ein volleyball, og det einaste som eigentleg trekk dette ned litt er at du står i ro. Det blir på ein måte litt tafatt å stå heilt i ro medan ein slår ballen hardt ned på motstandaren sin banehalvdel. Spelarmodellane vil automatisk springe opp til ballen slik at alt du treng gjere er å utføre dei forskjellige slaga, noko som definitivt er moro i seg sjølv, spesielt om ein spelar saman med ein ven.

Gjett korleis denne karen byggje opp motivasjonen
Gjett korleis denne karen byggje opp motivasjonen

Små ballar

Eit anna høgdepunkt er Bocce. I dette spelet skal du først kaste ein liten ball ut på bana, før du deretter må kaste større ballar så nær den nibste som du kan. Dette er eit spel som verkeleg nyttar den høge presisjonen i Move-kontrollaren. Du kan kaste ballen hardt bortover, eller du kan trille den sakte medan du vrir kontrollaren for å sende den i riktig retning. Som med fleire andre sportsgreiner i Sports Champions er dette ein god imitasjon av ein ekte sport, og du blir difor nøydt til å trene opp dine eigne fysiske eigenskapar for å bli betre. Om du kastar for langt, for kort eller ikkje er presis nok, må du trene opp din eigen koordinasjon mellom auge og hand. Dette er noko som er forbløffande motiverande for eit digitalt spel, og du kan lett ende opp med å bruke ein heil kveld berre på å plassere ballar.

Den siste sportsgreina i Sports Champions er definitivt den som aller best illustrerer kva Move er i stand til. Bordtennis i Sports Champions er godt mogleg det beste bordtennisspelet som nokon gong er laga, og grunnen er veldig enkel; det er så nært ekte bordtennis du kan kome. Skilnaden mellom dette og ekte vare er at det er mykje lettare å få til enn ekte bordtennis. Så lenge du slår innanfor riktig tidssone vil du sende den over bordet, men korleis ballen sprett til bake kjem an på korleis du slår slaget ditt. Du kan vri kontrollaren for å slå ballen oppover eller nedover, eller servere ein skru, og det er fantastisk moro å rundspele motstandaren heilt til du sender ei kanonkule av ein ball flygande frå enden av bordet.

Etter kvart som ein kjem lengre inn i aktiviteten blir det heile sjølvsagt mykje vanskelegare, og det blir ikkje lenger like lett å treffe ballen med kvart slag. Når du først kjem hit har du likevel blitt gradvis betre heile vegen, og eg likar å innbille meg sjølv at eg no er ein farleg motstandar ved eit ekte bordtennisbord.

Og slik går no dagane
Og slik går no dagane

Opp og ned

Sjølv om presisjonen i dei forskjellige sportsgreinene av og til vaklar litt er det ikkje noko ein treng bry seg stort med. Dei forskjellige sportsgreinene er underhaldande likevel, og uansett korleis ein vel å snu og vende på det, er Sports Champions på alle måtar mange gongar betre enn noko du nokon gong har sett på Wii.

Fleirspelarmodusane når ikkje heilt dei same høgdene som Wii Sports, men dette er i stor grad grunna at Sports Champions held seg til to spelarar i staden for totalt fire. Dei forskjellige sportsgreinene er likevel svært underhaldande når ein er fleire, og det er til dømes stor moro å sjå kven som er den raskaste til å skyte piler, eller kven som er den beste i bordtennis.

Noko som sparkar litt bein under spelet er at det er fullstendig usjarmerande. Jada, dette er eit rørslebasert sportsspel med mykje betre grafikk enn noko du nokon gong har sett på Wii, men kva så? Det er likevel stygt, sterilt og ekstremt lite karismatisk. Vi blir servert teknisk sett fine menyar, men dei manglar sjel. Vi finn ikkje noko av den leikne gleda vi konstant møter på Wii, og i staden for artige atletar møter vi patetiske stereotypar.

Kvar og ein av dei forskjellige atletane er ei vandrande klisje. Vi har sportsbaben, vi har cowboyen, vi har den basketballspelande afroamerikanaren som seier «yo», og vi har dei djupt konsentrerte og lettare filosofiske asiatane. Alle desse keisame og uinteressant «personane» blir sendt ut i like uinteressant område for å utføre sine sportar. Det er ikkje heilt krise sidan dette får deg til å utelukkande fokusere på kva du faktisk skal gjere, men det er ikkje akkurat ein presentasjon som ropar «spel meg» med rungande røyst.

Det er ikkje heilt korrekt sandvolleyball-antrekk (les: bikini), men la gå
Det er ikkje heilt korrekt sandvolleyball-antrekk (les: bikini), men la gå

Konklusjon

Sports Champions må seiast å vere ein suksess. Det er eit spel som verkeleg viser kva ein kan få til med ein veldig presis kontrollar. Sjølv om det finnest ein og annan skavank innanfor kontrollane, står eg igjen rimeleg imponert over kor nøyaktig det heile er. Eg har aldri før fått ei så sterk kjensle av å drive med ein ekte sport medan eg har stått framfor ein skjerm som medan eg har spela Bocce eller bordtennis. Samtidig har det aldri vore så artig å bli fysisk utsliten framfor ein skjerm som når eg har tatt del i gladiatorkampar.

Det einaste spelet eigentleg «manglar» er ein større og meir omfattande fleirspelarmodus for fleire spelarar. Det vi får er enkle kampar med ein mot ein spelar, og det når aldri heilt dei same høgdene som når fire personar spelar tennis i Wii sports. Når det er sagt er Sports Champions eit spel som er mykje betre når du spelar aleine enn kva Wii Sports nokon gong har greidd å oppnå. Dette spelet er faktisk moro aleine, og det seier eigentleg ganske mykje.

PS3 8/10 Svært godt

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Sports Champions

Sports Champions PS3 PS3 8/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 15. september 2010
  • Plattform: PlayStation 3
  • PEGI: 12+
  • Sjanger: Sport
  • Utgiver: SCEE
  • Utvikler: San Diego Studio

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen