Anmeldelse

Star Ocean: Integrity and Faithlessness

Oppskriftsmessig reise for nostalgikaren

Den ferskaste reisa i stjernetåka gjer lite nytt, på godt og vondt.

Square Enix

Star Ocean: Integrity and Faithlessness gjev meg hovudverk. Det er eit av desse spela eg veit mange kjem til å hate med inderleg lidenskap. Eit spel med så mange problemområde at eg får ei sterk kjensle av å måtte beklage meg om eg seier noko godt om det. Det er eit spel som gjer alt feil, i alle fall om vi skal måle etter kva som er dagens aksepterte standard.

Dette er eit spel med ei for det aller meste uinteressant historie. Det har ei lita verd som tvingar deg til å gå tilbake i dine eigne spor så mange gongar at du lurar på om dette var alt livet ditt hadde å by på. Det har ein drøss med underutvikla system som aldri når sitt fulle potensiale. Det har musikk du har høyrt mange gongar før, nivådesign plukka ut av ei designhandbok frå 90-talet, personar med blått hår, og ikkje minst kardinalsynd nummer ein; lagringspunkt som blir slått av heilt utan ei rasjonell forklaring.

Det er kort sagt et spel eg godt forstår svært mange vil slakte hardt, brutalt og med godt samvit.

Samtidig er det eit spel som gjer det tydeleg for meg at eg er på kollisjonskurs med spelindustriens kollektive kurs.

Eit spel for dei utstøtte

Eventyret startar i det små.
Øystein Furevik/Gamer.no

Star Ocean: Integrity and Faithlessness er ei nostalgibombe. Det er eit spel som gjer meg glad. Eg blir god og varm inni meg av å spele det, for det sender meg tilbake til ein tidsalder der denne typen spel blei sett på som noko av det fremste spelindustrien kunne by på. Det er som om nokon tok eit japansk rollespel frå 90-talet og pressa det med makt inn i ei meir moderne innpakning, utan kompromiss.

Eg set pris på det. Eg set pris på å få springe rundt i ei konsentrert verd der eg møter fiendar på dei same stadane heile tida, tek ein kjapp runddans med sverdet, sankar inn nokre poeng eg kan bruke for å bli sterkare, og spring vidare. Essensen av kva eit japansk rollespel er, og har vore, er tydeleg på plass. Utviklarane hos tri-Ace har modernisert mange av dei underliggjande systema, men essensen er likevel nøyaktig den same som spela det har sitt utspring frå.

Dette er bra, eg elskar dette, for det fungerer, og det demonstrerer at denne form for gameplay framleis har sin plass, og fungerer den dag i dag. Det fungerer derimot ikkje like godt når utviklarane prøvar å presse ei form for historieformidling som godt mogleg hadde fungert på Super Nintendo, inn i eit moderne spel, nesten utan å gjere endringar.

Det går berre ikkje. Historia i Star Ocean: Integrity and Faithlessness er, som med ei rekke andre JRPG-historier dei siste åra, eit massivt feilsteg. Utviklarane vil så gjerne at dette skal vere ei sterk forteljing om krig, kjærleik og verdien av venskap, men dei får det ikkje til. Dei har fullstendig mista syne av at tropene dei tek i bruk er så overbrukte at det skal svært dyktige folk til for å gjere det interessant. tri-Ace er ikkje så dyktige. Historia er ein einaste lang stereotyp, og dei emosjonelle hendingane blir flate og inntrykkslause.

Ei god stund ligg historia som eit bakteppe som gjer lite ut av seg. Den blir fortalt medan du spelar, nesten utan ein einaste filmsekvens. Det fungerer, men berre i den forstand at den ikkje forstyrrar deg mykje. Den er ikkje til bry. Når historia omsider tek seg opp, kjem filmsekvensane, men dei er så dårlege at store stjernekampar utspelar seg utelukkande frå kontrollrommet på eit romskip, og då blir det bry likevel. Personane er så dårleg animerte at dei mest av alt minnar om Muppet-figurar. Det hjelper ikkje med stort anna enn å tvinge fram ein ufrivillig latter. Det er smerteleg tydeleg at Star Ocean: Integrity and Faithlessness er eit spel utan budsjettet til å gjennomføre det utviklarane vil, så dei burde ha lagt lista mykje lågare.

Den visuelle sida har absolutt sine stunder.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det beste ein kan seie om forteljinga spelet byr på, er at den den er mykje betre den hårreisande groteske reisa vi fekk presentert i Star Ocean: The Last Hope. Det skal ikkje meir til enn ei sandkasse og eit par actionfigurar for å lage ei betre historie enn i Star Ocean: The Last Hope, så det seier likevel ikkje mykje.

Eg kan gjere dette heile dagen

Trass ei klønete historie har Star Ocean: Integrity and Faithlessness vunne mitt hjarte. Ikkje i stor stil slik at eg vil hugse det i framtida, men det har vore ei sterk påminning om kvifor eg er så glad i japanske rollespel, og det har gjeve meg lyst til å spele fleire, no. Ein kan ramse opp lange lister med spel som gjer alt betre enn til og med dei beste elementa i dette spelet, men det er likevel ei artig reise som gjev ein JRPG-fan det han vil ha.

Stjerna er, som forventa frå tri-Ace, kampsystemet. Det når ikkje gudenivået til kampsystemet i Star Ocean: The Last Hope, men det er likevel eit artig system som blir betre og betre etter kvart som timane går. Den største forbetringa utviklarane har gjort er at kampane no skjer saumlaust når du spring rundt i verda. Når du ser ein fiende, er det berre å springe bort til den, og kampgrensesnittet glir inn på skjermen, og forsvinn når kampen er over. Det gjer monsterjakt til ei uhyre kjapp affære.

Star Ocean: Integrity and Faithlessness byggjer vidare på kampfilosofien tri-Ace har brygga på i ei årrekke. Vi møter ei gruppe på heile sju individ, og alle saman kan vere med i kamp samtidig, sjølv om vi i store delar av spelet berre møter eit utval av persongalleriet. Det heile utspelar seg i sanntid, og du styrer berre ein figur – sjølv om du kan skifte mellom dei når du vil – medan dei andre blir styrt av kunstig intelligens. Med så mange deltakarar blir kampane raskt ei visuelt hektisk affære, og tidvis kan det bli vanskeleg å sjå kva som skjer. Dette blir likevel aldri eit problem, sidan du trener opp muskelminnet til å vite når du skal gjere kva.

Tida for eigne kamparenaer er over.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det aller beste med kampsystemet er detaljane som ligg under panseret. Ved sidan av å få tilgang til ei stadig aukane liste med ulike angrep, har Star Ocean: Integrity and Faithlessness eit rollesystem der du kan tildele kvar person fire ulike roller samtidig. Desse rollene programmerer korleis dei skal oppføre seg i kamp, og tildeler samtidig diverse bonusar og kanskje negative sider. Ut av desse rollene kan du bestemme at ein krigar til dømes utelukkande skal fokusere på svake fiendar, å sjå etter helsa til gruppa, eller halde seg på avstand for å kaste magi.

Systemet krev innsats frå spelaren for å utnyttast best mogleg, og ein skal setje seg godt inn i det for å få fullt utbytte. Til dømes finn vi roller som aleine kanskje ikkje gjer mykje nytte, men som saman med andre blir overmenneskeleg kraftige. Ei rolle aukar angrepskrafta massivt, men senkar samtidig forsvarspotensialet tilsvarande. Dette gjer deg naturlegvis farleg, men sårbar. Sleng du då i tillegg på ei rolle som gjer deg udødeleg sjølv om helsa di konstant rasar nedover, treng du berre ein aktiv magikar i bakgrunnen for å ha ein livsfarleg kombo.

Fram og tilbake, igjen

Star Ocean: Integrity and Faithlessness er ikkje eit stort spel. Om du tek deg god tid for å gjere alt av sideoppdraga som stort sett består i å drepe fiendar og sanke eller lage ressursar, kan du dra tida ut i 30-40-tala. Du kan likevel fullføre spelet på mykje kortare tid enn det. I løpet av dei første ti timane vil du ha sett nesten alt spelet har å by på av område. I løpet av den tida vil du allereie ha vitja mange av dei same stadane om att. Ikkje at det er noko problem sidan spelet har god driv dei første timane, men når historia når midtpunktet stoppar det opp.

Spelet har eit problem med driv. Den er god i starten og fantastisk i dei avsluttande timane, men nesten heilt borte i midtseksjonen. Store delar av spelet går med på å berre springe fram og tilbake for å gjere sideoppdrag, sanke erfaringspoeng for å byggje opp karakterane, men òg fordi spelet sender deg mykje fram og tilbake. For å seie det enkelt, du skal vere over gjennomsnittet glad i erfaringssanking for å ikkje bli lei i løpet av desse timane. Mitt beste råd her er å berre kome seg vidare i historia for å nå sluttpartia, som verkeleg får opp driven og intensiteten.

Spelet klarar å engasjere. Det byggjer opp om vilja til å jobbe for å bli betre. Du spring gjerne ei runde til gjennom eit område for å sanke nok poeng til å låse opp eller byggje opp eigenskapar. Du har alltid noko meir du kan lære deg, og dette blir ei svært viktig drivkraft, spesielt mot slutten av spelet når dei verkeleg tøffe eigenskapane viser seg.

Jamt over er det uansett lett å sjå at spelet byr på mykje fyllmasse som ikkje tener noko anna nytte enn å gjere spelet større på kunstig vis. I Star Ocean-spela reiser du som regel frå den eine planeten til den andre for å finne nye følgjesvener og vendingar i historia. Her skjer nesten alt på den same planeten, og den planeten er ikkje stort større enn ein av planetane i dei andre spela. Likevel prøvar utviklarane å gjere spelet like stort, og det fungerer ikkje.

Kampsystemet er spelets definitive høgdepunkt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Interaktiv plast

Det ser kanskje ikkje slik ut på bileta, men Star Ocean: Integrity and Faithlessness er tidvis eit vanvittig lekkert spel. tri-Ace har gjennom ei årrekke bygd opp ein av dei etter mitt syn beste grafikkmotorane i bransjen. Diverre kjem den aldri til sin fulle rett. Spelet har suveren lyssetjing som ofte får meg til å blunke med auka i forvirring over at eg ikkje vandrar rundt i ein by bygd opp av modellkitt. Kvaliteten på biletet er heilt suveren. Alt er klårt og tydeleg, og når alt fell på sin rette plass hoppar biletet ut av skjermen ulikt noko eg har sett på lenge.

Figurane i verda, om det så er heltar eller monster, ser alle svært bra ut. Byane er ulle av sjarme, og landskapa er no og då nydelege å sjå på, spesielt om sola heng tungt over fjelltoppane. Det som trekk ned er først og fremst kvaliteten på dei individuelle elementa. Landskapa ser flotte ut på avstand, men kjem ein nær nok fell det litt frå kvarandre. Tekstureringa er veldig bra nokre stadar, og mindre god andre. Samstundes blir mykje øydelagt av den jamt over dårlege animasjonen som ikkje held same standard som motoren dei blir brukt i.

Det er ingen tvil om at tri-Ace har svært god teknologi, men alt peikar på at dei ikkje har hatt budsjett nok til å verkeleg utnytte den. Veldig synd eigentleg, for eg skulle gjerne ha sett kva desse folka kunne ha fått til om dei verkeleg fekk sjansen.

På lydfronten får vi jamt over ein solid presentasjon. Det er atter ein gong Motoi Sakuraba som står for musikken, og har du høyrt noko av har gjort før, veit du kva du får. Spelet er fullt av pompøse komposisjonar og jazza rock om kvarandre. Strengt tatt byrjar eg å bli litt trøtt av denne oppskrifta, men det fungerer. Aller best fungerer det når musikken hoppar ut av desse trygge rammene, og glir over i det meir eksperimentelle og elektroniske. Då dukkar det opp nokre riktig så vakre lydar.

Spelet vil ikkje hauste pokalar for stemmeskodespelet, men det er mykje betre enn i seriens førre spel, og såleis er det ein opptur. Dei fleste gjer ein god jobb, og hjelper faktisk til med å gjere historia lettare å fordøye.

Konklusjon

Helten og heltinna deler ei stille stund.
Square Enix

Det blir feil å kalle Star Ocean: Integrity and Faithlessness eit spesielt godt spel, men det er likevel langt frå dårleg. Det ligg eit godt spel under overflata, og det er eit spel som gjerne vil vere eksepsjonelt. Diverre klarar ikkje utviklarane å lausrive seg frå tilsynelatande fastlåste tankar om korleis eit slikt spel skal vere. Fleire element kunne glatt ha blitt kappa bort slik at dei resterande elementa kunne blitt polert meir. Det i seg sjølv hadde kanskje gjort spelet enda kortare, men opplevinga mykje betre.

Trass mange negative element har eg hatt ei fin oppleving med spelet. Eg kjeda meg her og der, men eg kosa meg mest. Å springe rundt i jakta på å bli stadig sterkare er utan tvil det du vil bruke mest tid på her, og med eit solid kampsystem med mykje snasent under panseret er det noko det skal mykje til for å bli lei.

Star Ocean: Integrity and Faithlessness er på ingen måte eit spel for alle. Er du kritisk til japanske rollespel, eller meiner dei treng fornying, kjem du til å legge dette fort frå deg. Har du sakna litt JRPG-moro av den gamle sorten, veit du nøyaktig kva du får, på godt og vondt.

Om du er på jakt etter fleire japanske rollespel kan nyversjonen av Valkyria Chronicles, samt Wii U-rollespelet Xenoblade Chronicles X vere verdt ein kikk.

5
/10
Star Ocean: Integrity and Faithlessness
Ikkje eit spesielt godt spel, men det er likevel langt frå dårleg.

Siste fra forsiden