The 3rd Birthday
Anmeldelse

The 3rd Birthday

Ei halvnaken dame går til kamp mot forskrudde beist frå avgrunnen.

Stakkars Aya Brea. Ikkje berre veit ho ikkje heilt kven ho er, men ho sit i ei celle og får berre kome ut når ho skal risikere livet sitt for det felles gode. Spring ho ikkje rundt med eit blankpolert våpen mellom henda og eit fillete par jeans som viser meir av rumpa enn ei strategisk plassert stringtruse, klynkar og stønnar ho som om ho eigentleg trur ho driv på med noko heilt anna.

Det er til å bli lettare desillusjonert av. Det går kast i kast frå den eine hektiske konfrontasjonen med deformerte fiendar til det andre, og innimellom alt dette må du prøve å tolke den kryptiske historia som etter alt å døme er kryptisk og abstrakt utelukkande for å vere kryptisk og abstrakt. Den viktigaste observasjonen eg eigentleg sit igjen med etter alle utfordringane til Aya er at ho klynkar hakket for ofte. Skal ikkje denne dama liksom vere ganske barsk? Greitt nok at dei absurde tinga som skjer i løpet av spelet sikkert er nok til å gjere dei fleste til nervevrak med panikkanfall som hobby, men likevel. Mindre «Åh... Ah... Oh» og meir «Dra til dei svartaste svarte avgrunnar ditt utyske!», takk.

Helvete på jord i følgje Square Enix
Helvete på jord i følgje Square Enix

Schizofreni

The 3rd Birthday er i utgangspunktet eit ganske typisk tredjepersons actioneventyr, og kontrolloppsettet er deretter. På godt og vondt. Som med dei fleste PSP-spel som prøvar seg på slike ting kan kameraet bli ei utfordring. Du har direkte kontroll over det, men når denne kontollen kjem gjennom piltastane som ligg rett ovanfor styrestikka har du eit problem om kameraet brått skulle snu seg feil veg. Dette er ei problemstilling som raskt blir vanleg i The 3rd Birthday, men Square Enix har vore smarte nok til å leggje inn ein låsemekaniske som let deg finne den næraste fienden veldig greitt. Av og til låser du deg på heilt feil fiende, men det er ikkje eit stort eller vedvarande problem.

Det som skil The 3rd Birthday frå andre actionspel uavhengig av plattform er «Overdive», ein eigenskap som let Aya stupe inn i allierte soldatar for å kome seg raskt rundt i kampområdet. Dette er mykje meir enn ein gimmick, og blir raskt eit essensielt verkty for å overleve i ein stadig meir krevjande kvardag.

Innleiingsvis praktisk talt osar spelet av potensiale. Fiendane kjem mot deg i eit balansert, men utfordrande tempo, og du får bygd opp ferdigheitene dine på ein god måte medan du let deg fengje av ei dystopisk verd og eit svært stemningsfullt lydspor. Med stødig hand blir du geleida vidare i eit lineært spel som kontinuerleg sender deg frå den eine hektiske kampsona etter den andre. Fiendane dukkar stadig opp i nye og meir bestialske former, og etter kvart som utfordringa blir større, blir taktikkane dine betre, spesielt når du møter større fiendar.

Du brukar «Overdive» for å hoppe inn i ein alliert og plassere han bak ein betongkant, før du hoppar vidare til ein annan og set han i posisjon. Når alle er på rett plass ladar du opp eit synkronisert angrep som får alle dei allierte til å fyre laus mot beistet samtidig, før du avsluttar det heile med å bruke «Overdive» på den monstrøse skapningen. Sjølv om du ikkje kan ta over fiendar, kan du definitivt utføre stor skade på dei, og det er ei herleg kjensle som brer seg over kroppen når du ser arbeidet ditt få si velfortente løn.

Aya Brea, dama som gjev sukking og stønning ei ny mening.
Aya Brea, dama som gjev sukking og stønning ei ny mening.

Bli eit betre menneske

Mellom og midtvegs i større oppdrag får du lov til å ta ei pause. Dette kan vere i eit lite pauserom, eller når du er tilbake ved basen for alle operasjonane. Her får du sjansen til å lese gjennom eit hav av dokumentasjon som fyller ut hendingsforløpet, men enda viktigare er ein PC-stasjon som let deg oppgradere både våpen og Aya sine fysiske eigenskapar.

Som eit lite kast tilbake til rollespela frå PlayStation-eraen byr The 3rd Birthday på eit veldig ope system for å utvikle Aya. Ho går opp i erfaringsnivå som dei fleste andre heltar, men dette gjev ikkje deg nokon direkte val. Dine val kjem gjennom eit DNA-brett med ni rom for å plassere forskjellige former for DNA-kuler. Når du drep fiendar – spesielt med «Overdive» – vil du samle opp store mengder forskjellig DNA, og desse DNA-kluene set du inn i brettet slik du vil for å forme Aya etter dine ynskje.

Det flotte med dette systemet er kor fritt det er. DNA-kuler kjem i sett på to eller tre, og det blir eit lite puslespel å setje dei saman slik at du får best effekt. Forskjellige DNA byr på forskjellige eigenskapar, og du kan velje å byggje opp eit DNA-brett som gjer at Aya toler meir skade, kan regenerere helse, eller gjere meir skade. Du kan balansere dette heilt slik du vil, og det er veldig spanande å finne kombinasjonen av DNA som passar deg best. Seinare i spelet får du i tillegg lage fleire DNA-brett slik at du kan skifte kva oppsett du vel å bruke, noko som definitivt kan kome godt med.

Eit liknande system finnest for våpen, sjølv om det ikkje er like fritt. Alle våpen kan oppgraderast for å gjere meir skade, ha større magasin, eller vere meir presise. Dei forskjellige våpna kjem i alt frå automatvåpen til tunge rakettkastarar, og her òg blir det i stor grad opp til deg korleis du vil gå fram. Det som er viktig å merke seg er at for å få tilgang til nye oppgraderingar må du bruke den aktuelle våpnenklassen. Du kan ikkje berre kjøpe eit nytt våpen i den tru at du skal kunne oppgradere det til topps med ein gong.

Stygge beist er ingenting for moderne teknologi.
Stygge beist er ingenting for moderne teknologi.

Nedanom og heim

Det tek nokre timar før idyllen blir øydelagt. Ikkje at spelet i utgangspunktet er perfekt, men kampane er veldig underhaldande og kameraet lærer du deg å leve med. Det einaste svake elementet verdt å snakke høgt om er eigentleg at det er litt lite variasjon gjennom møte med mange like fiendar.

Dette endrar seg derimot på heilt feil måte eit stykke ut i spelet, og The 3rd Birthday kan i sine seinare timar drive alle og ein kvar til valdeleg galskap. Den fyrste gongen er det berre ei utfordring. Du møter eit digert beist som hoppar og spring raskare enn Aya er i stand til å jogge (ho får tydelegvis ikkje til noko anna). Beistet hoppar etter deg, denger til deg, og halvparten av livslinja di er borte i ein jafs. Meininga her er sjølvsagt at du skal hoppe frå person til person for å ta beistet, og når denne taktikken sit godt, blir det ein nervepirrande kamp om liv og død.

Når du i neste rom møter to av beista blir du ikkje glad. Når dei i tillegg dukkar opp igjen og igjen etter kvart som du drep dei blir du provosert. Eg har vore i fleire situasjonar der opptil fleire enorme beist kjem samtidig, og når eg har punktert det eine med eit par hundre kuler, kjem det eit nytt. Av og til kan dette marerittet stoggast ved å finne ei raud kule som er årsaka til at desse beista aldri sluttar å kome, men dei er ikkje alltid enkle å få auge på. Du veit ikkje alltid om dei er der, og du har ikkje tid til å fikle med kameraet sidan det vil gi fienden ein sjansen til å partere deg godt og grundig.

I staden håpar du på det beste og fyrer laus alt du er god for, medan du prøvar å gjere ditt beste for å forhåpentlegvis finne ei raud kule ein stad. Det er derimot ikkje alltid nok, og når fem eller seks fiendar som skyt eksplosive bobler mot deg, synkront fyrer laus frå alle vinklar på same tid er det lett å gi opp fullstendig.

The 3rd Birthday tyner PSP ganske godt.
The 3rd Birthday tyner PSP ganske godt.

Konklusjon

The 3rd Birthday er langt frå eit feilfritt spel, men det er eit spel med mange gode tankar og ei stort sett god gjennomføring. Når alt klaffar er det eit stemningsfullt og engasjerande spel som får timane til å gå. Det er stor underhaldning i å hoppe frå soldat til soldat i ein dans rundt fiendar som ikkje veit kva dei skal gjere. Når du leikar med fiendane er spelet på sitt aller beste.

Diverre har det seg slik at det i dei seinare stadia av spelet er fiendane som leikar med deg, og du kjenner alt håp svinne i takt med dei tomme magasina på våpna dine. Utfordringa i spelet blir etter kvart beinhard, og det er ikkje i nærleiken av å vere moro. Du kan gå tilbake for å spele tidlegare nivå om igjen, men skal det eigentleg vere nødvendig å måtte gjere det for å få ei balansert utfordring?

Når alt kjem til alt er The 3rd Birthday eit spel det er vanskeleg å ha ei bestemt meining om. Mesteparten av spelet er trass den forvirrande historia svært solid underhaldning, men det blir til dels øydelagt av ei rekke absurde møte med fiendane.

Dette hindrar likevel ikkje spelet frå å vere gjennomgåande god underhaldning, sjølv om litt betre balansering kunne gjort det enda betre.

PSP 7 /10 Godt

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

The 3rd Birthday

The 3rd Birthday PSP PSP 7/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 1. april 2011
  • Plattform: PSP
  • PEGI: 16+
  • Sjanger: Action
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Square Enix

Beste priser På lager Få varsel når prisen faller

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Alle brukere Dette gjør brukerne nå

Til toppen