Anmeldelse

The Banner Saga

Oppslukande reise frå Bioware-avhoppare

The Banner Saga blandar rollespel med turbasert strategi.

Stoic Studio

Det første som brenn sag fast i netthinna i det ein fyrer opp The Banner Saga er den særeigne og mildt sagt vakre visuelle presentasjonen. Som eit av mange Kickstarter-spel er The Banner Saga eit forsøk på å gjere noko litt anna. Frie frå tøylane ein gjerne blir tjora til med ein større utgjevar pustande i nakken, har Bioware-avhopparane i Stoic valt å gjere noko heilt spesielt.

Utviklarane har tatt med seg mykje av den rollespelerfaringa Bioware sine produksjonar har gjeve dei, men samtidig sett det heile inn i ei heilt anna ramme. Om du kan sjå føre deg ei blanding av japanske taktikkrollespel som Final Fantasy Tactics, eit snev av Heroes-serien til Ubisoft, samt den valfridomen vestlege rollespel er kjende for, er du nær ved kjærna til kva som gjer The Banner Saga til ei minneverdig oppleving.

Handteikna kunstverk

The Banner Saga byr på slåande vakre bakgrunnar som lett kunne ha vore måleri hengjande på veggen. Over det heile heng eit dramatisk og norrønt lydspor komponert av Austin Wintory, som tidlegare har komponert musikken i Journey. På toppen av alt dette utspelar ei handling seg som frå start til slutt gjer deg frustrert, amper, stressa, og ikkje minst letta når ting ein og annan gong går din veg. Dei handteikna figurane i spelet er fulle av karakter og personlegdom, og dei er deltakarar i ei historie der kvart val du gjer kan få store konsekvensar.

Vi blir sende til ei verd sterkt inspirert av vikingtida. Vi møter menneskelege krigarar og folk, samt varlane, store kjemper med horn stikkande ut av panna. Sola har brått stoppa å flytte på seg, mange meiner det er verda som er i ferd med å gå under. Menneska og varlane er i ein noko ustabil allianse, noko som er nødvendig sidan den rustningkledde og fiendtlege dredge-rasen veltar innover landet i hopetal.

Under slike omstende har folk og fe sett seg nøydde til å reise frå heimane sine og leggje ut på vandring. Folketoget som etter kvart samlar seg blir ein uhyre viktig del av spelet, og alt du gjer, både i og utanfor kamp er med på å bestemme kor mange som kjem seg heilskinna gjennom eventyret.

Når karavanen du leiar legg ut på vandring ser vi det heile frå sida. Eit stadig større tog med folk, vogner og varlar kan sjåast medan dei vandrar sakte frå den eine enden av skjermen til den andre. Når fleire sluttar seg til følgjet ditt veks sløret av føter som trampar over landskapet, når folk døyr, skjer det motsette.

Eit massivt ansvar

Det er ikkje reint få spel som skal ha deg til å redde verda, men felles for dei er at du stort sett berre må tenkje på korleis det går med deg og dine. Du treng ikkje tenkje på den store omverda i større omfang enn kva individuelle oppdrag skulle by på. Du finn ingen slike oppdrag i The Banner Saga, og her får du direkte ansvare for å ta vare på alle folka du prøvar å redde. Det heile går stødig framover utan krumspring, men du blir likevel kontinuerleg tvinga inn i vanskelege situasjonar. Dette er eit spel der utviklarane ikkje er redde for å drepe den mest populære krigaren din, eller nokon du trudde var heilag for historia.

Dei dramatiske vendingane historia tek oppnår først og fremst å formidle ein ting: Eit land i krig er ei brutal verd. Ingen er trygge.

Etter dagar og veker med marsj kan du vere sikker på at det vil byrje å skrante på maten. Moralen går ned, folk svelt i hel, og konfliktar oppstår. Det heile blir stort sett berre representert gjennom nokre tal på toppen av skjermen som stadig går nedover om du ikkje gjer veldig kloke val, men effekta er likevel slåande. Dette er eit spel som gjer deg redd for å miste alt. Du er ingen stor og uovervinneleg helt. Du er ein av mange, og fleire av dei døyr for kvart steg du tar.

Du kan velje å slå leir ein dag eller to for å få opp moralen slik at krigarane dine vil gjere ein betre jobb i dei uunngåelege kampane, men då har du enda mindre mat igjen, og du veit ikkje kor langt det er til neste landsby.

Medan følgjet vandrar oppstår no og då ulike situasjonar. Kanskje møter du nokon på vegen som vil slå seg til følgjet. Du kan stole på dei du møter, eller du kan vere paranoid og sende dei bort. Det kan gå timar med speletid før du finn ut om du gjorde det riktige valet. Dei som gav deg særs dårlege vibbar kan vise seg å ende opp som essensielle ressursar, medan andre og tilsynelatande moralske individ brått kan ha tatt livet av uskyldige og stele store mengder mat før dei stikk av.

Dette er berre eit døme på den type situasjonar du må stå ovanfor i The Banner Saga. Kva natur eit møte med nye folk vil ta er aldri godt å seie, men felles for alt eg har erfart er at det heile er svært truverdig. Det er vanskeleg å vite kva ein skal gjere nettopp fordi det heile er fortalt så bra. Sjølv om eit møte med nye folk som regel ikkje byr på meir enn ein statisk skjerm med skrift, samt nokre svaralternativ, lempar spelet eit enormt ansvar på deg. Det er litt som å lese ei bok. Forteljinga er gjort enkel, og stort sett gjennom tekst, noko som tillet spelaren å leve seg inn i spelet på ein måte fri for utviklarane sine eigne intensjonar.

Kva natur eit møte med nye folk vil ta er aldri godt å seie, men felles for alt eg har erfart er at det heile er svært truverdig.

Mat eller krig

No og då kjem du deg til ein større eller mindre by. I desse knutepunkta tek som regel spelet historia eit solid steg vidare, men du får samtidig moglegheita til å handle proviant og utstyr. Ressursane du har å bruke på slikt får du gjennom kamp, men du får likevel stadig mindre av dei. Valet mellom å kjøpe meir mat til følgjet ditt, oppgradere soldatane dine, eller kjøpe mektige gjenstandar er brutalt vanskeleg.

Meir enn ein gong har eg med tungt hjarte bestemt meg for å forlate ein by utan å få bygd opp noko som helst. Alle pengane gjekk med til mat, for eg vil jo gjerne vere ein leiar som tek godt vare på folka mine.

Slike val får raskt konsekvensar. Medan du vandrar over landskapet kan du brått få beskjed om at ei massiv samling med dredge står i vegen. Du får fleire val for korleis du vil handtere slike situasjonar. Etter å ha sett over kor mange krigarar du har, og kor mange du står ovanfor kan du velje om du vil gå til direkte åtak, gå i forsvarsmodus, eller kanskje prøve å unngå heile greia.

Når du går til krig skjer dette på to måtar. Det store slaget vil utspele seg i bakgrunnen, og kor godt dette går kjem an på kor mange krigarar du har, samt kor god moralen er. I den andre kampforma går du sjølv går aktivt inn i kampen ved å styre eit følgje på opp til seks krigarar inn i turbaserte kampar der kvart trekk kan vere livsviktig.

Kløktig strategi

Kampane utspelar seg på eit rutenett der kvar krigar kan angripe alt som står til sida, framanfor eller bakanfor. Nokre krigarar kan angripe fleire fiendar samtidig ved å bruke spesialangrep, medan andre igjen kan angripe diagonalt eller skyte med boge frå lengre avstand.

Hovudsakleg har du to svært viktige tal å forholde deg til. Kvar krigar, om det så er ven eller fiende, har eit nummer for kor sterk han eller ho er i forsvar, og i styrke. Styrke bestemmer kor mykje skade du kan gjere, men fortel deg samtidig kor mykje helse du har igjen. For å gjere skade på andre si helse er det altså styrka som brukast, men du må først gjennom forsvaret til fienden.

Enkelte fiendar har til dømes svært høgt forsvar, og å umiddelbart prøve å gjere direkte skade på slike fiendar er som regel fånyttes med mindre du har nokre veldig sterke krigarar i gruppa di. I staden må du fire ned på forsvaret inntil du kan gå laus på styrka deira. Det er mange måtar å gjere dette på, og kvar karakter har eit angrep som for det aller meste er unikt for dei. Nokre krigarar kan slå til ein fiende slik at han fyk bakover og får skade på forsvar for kvar fiende han flyg gjennom. Andre angrep gir skade til fienden du slår, men samtidig skade til alle fiendane som står rundt han.

Slike ting kan utnyttast til det store. Om du samlar ein bunke fiendar kan du på kort tid banke dei sunder og saman, men det set deg samtidig i ein risikofylt posisjon der fiendane denger den sterkaste krigaren din ned i bakken før du får sukk for deg. Den kunstige intelligensen er veldig god, og sørgjer for at kvar kamp blir ei solid utfordring. Alle triks du har, har fienden òg, og den veit å bruke dei på riktig (feil) tidspunkt. Nokre av slaga i The Banner Saga kan vere regelrett nedbrytande, medan andre igjen gjev deg eit påfyll av adrenalin som får hjartet til å danse salsa i halsgropa.

Etterdønningar

Etter kvart som krigarane dine drep fiendar vil dei for kvar fiende gå eit steg nærare oppgradering. Krigarane blir ikkje automatisk betre etter kvart som dei drep fiendar. I staden må du aktivt gå inn og promotere dei ved å bruke poeng du samlar opp ved å drepe fiendar og gjere kloke val i løpet av spelet. Du kan altså bruke dei krigarane du vil til å samle inn poeng, men du får ikkje promotert krigarar utan å bruke dei flittig.

Ein kamp kan gå både bra og dårleg. Går det dårleg og mange krigarar fell, kan dette få langsiktige konsekvensar. Ein kvar krigar som har blitt slått ut i kamp tek skade som gjev deg minuspoeng på styrke i neste kamp. Krigarane treng kvile i nokre dagar for å kome seg på topp igjen, og dette kan du ordne opp i ved å bruke eit par dagar på å slappe av.

Historia blir fortalt gjennom tekstblokker som set deg i den rette stemninga.

Skjønt, fullt så enkelt er det ikkje. Dei dagane du brukar på dette kan gå hardt ut over provianten til følgjet ditt. Eit alternativ er å berre halde fram og håpe du ikkje møter nokre fiendar før det har passert nok dagar til at krigarane dine er i form igjen.

Konklusjon

The Banner Saga er eit av dei mest oppslukande og gripande spela eg har spelt på lenge. Det driv deg vidare og er forferdeleg vanskeleg å leggje frå seg. Du vil heile tida sjå kva veg historia går, og den er brutalt ærleg om kor farleg ein krig kan vere. Folk døyr utan at du kan gjere noko med det, og spelet sender deg ein utriveleg skruball når du minst ventar det.

Kombinasjonen av å gå til krig med eit knippe kløktige krigarar, og å leie eit følgje folk og fe som aller helst vil overleve ein dag til er glimrande gjennomført. Du kjenner presset til ei kvar tid, og eg tok meg sjølv i å bite tenna saman hardt opptil fleire gongar medan eg inni meg praktisk talt trygla om å kome til ein ny by før eg mista for mange folk til hungersnaud.

The Banner Saga er det første spelet i ein planlagt trilogi. Skal vi døme etter det første kapittelet har vi mykje å sjå fram til.

Freistar det med fleire taktiske rollespel kan titlar som Final Fantasy Tactics, Fire Emblem: Awakening, og Heroes-serien til Ubisoft vere verdt ein kikk.

9
/10
The Banner Saga
Eit av dei mest oppslukande og gripande spela eg har spelt på lenge.

Siste fra forsiden