Anmeldelse

The Cursed Crusade

Eit godt døme på at det enkle ofte er det beste.

Ei god stund greidde eg faktisk å innbille meg sjølv at The Cursed Crusade ikkje var så ille. Som dei fleste faste lesarane våre er klare over kjem det mykje interessant frå Europa som aldri får heilt den same merksemda som dei store amerikanske spela får. The Cursed Crusade frå franske Kylotonn Games er eitt av desse, og det skrik etter merksemd.

Det første ein merkar er at dette ser ut som noko mykje meir enn eit lite spel frå Europa. Produksjonsverdiane er langt over kva ein ventar seg, og sjølv om teksturarbeidet ofte etterlet ein del til fantasien blir det heile redda av fabelaktig lyssetjing og eit animasjonsarbeid som set mange av dei største spelutviklarane i verda til skamme. Så godt som alt er animert ved hjep av solide doser «motion capture», og det er fletta saman på ein så saumlaus måte at ein nesten aldri ser kvar den eine animasjonen sluttar og den andre byrjar.

Denz har fleire forseggjorde metodar for å seie adjø til ein fiende.
Denz har fleire forseggjorde metodar for å seie adjø til ein fiende.

Ein fasade er riktig nok ikkje noko meir enn ein fasade, men i The Crused Crusade sitt tilfelle gjer den mykje for å halde på merksemda di.

Sprøyt og historie

The Cursed Crusade sitt mest umiddelbare problem kjem ikkje før du har spelt ei stund. Spelet har eigentleg ei ufyseleg interessant historie. Den baserer seg på reelle hendingar rundt år 1200, og vi følgjer temeplriddarar og det fjerde korstoget. Eg kjende ikkje mykje til dette korstoget før eg spelet The Cursed Crusade, og såg meg nøydt til å lese litt opp på det for å sjå om noko av det spelet viste hadde rot i røynda. Det er ein nesten litt provosert skribent som sit tilbake. Historia er omlag nøyaktig den vi får servert. Ei spanande og blodig affære om korleis eit korstog i kyrkja si teneste endar opp som ei hær til leige, og gjer alt anna enn den skal.

Store delar av The Cursed Crusade kan brukast som ein historietime. Du lærer om korstoget og tempelriddarane på ein mykje meir spanande måte enn å lese tørre faktasetningar i ei bok. Så kvifor i all verda har utveklarane i Kylotonn fått det føre seg at for å fortelje ei historie i denne settinga så må dei bruke desse dramatiske hendingane som eit usselt bakteppe for ei historie om indre demonar som tek fysisk form med flammar, lysande gjenferd og horn i panna på vår kjære hovudperson?

Eg beklagar Kylotonn, men det er nesten til å grine av. Eg har høyrt om indre demonar, men å bruke ei av verdshistorias mest spanande epokar til å fortelje ei historie om døden som plukkar opp sverd, og fysisk går til åtak på folk for å ta dei med til dødsriket blir for dumt.

Naturleg nok får det sine konsekvensar for kor mykje du bryr deg om historia. Vi følgjer riddaren Denz de Bayle, som saman med spanjolen Esteban Noviembre blir med i korstoget slik at Denz kan legge ut på jakt etter den forsvunne far sin. Berre dette i seg sjølv er meir interessant enn demontullet som dukkar opp med stadige mellomrom.

Som vanleg blir skjermen raud om du er i trøbbel.
Som vanleg blir skjermen raud om du er i trøbbel.

Dynamikken mellom karakterane er for det meste god. Dialogen er heilt grei, og skodespelet er for det meste veldig solid sjølv om det blir litt overdrive her og der. Samtidig har det heile eit litt udefinerbart europeisk preg. Når vi ikkje ser alt framfor oss kjem ei forteljarstemme og introduserer alt og alle som i ei gammal eventyrbok, noko som gje spelet eit ganske forfriskande preg. Det er derimot ganske synd at spelet har eit veldig fattig lydbilete. Vi høyrer stemmer som snakkar, og litt kraftig komprimert symfonimusikk utan sjel, men det er stort sett alt. Ingen bakgrunnslyd, ingen tilfeldig støy, knapt eitt einaste fotsteg eller lyden av stoff mot stoff. Du tenkjer kanskje ikkje over det når det er der, men du merkar det når det forsvinn.

Tung realisme

Om du er på jakt etter kamp med sverd og skjold som er nokon lunde realistisk får du det ikkje stort betre enn The Cursed Crusade. Dette er eit spel der til og med kampanimasjonane er skrudde saman med «motion capture», og det gjev spelet ei heilt spesiell kjensle. Du kan praktisk talt kjenne tyngda i kvart slag, og våpna treff fienden på ein realistisk måte der du bit frå deg om du treff stoff og hud, og prellar av om du slår i rustningen til fienden.

Samtidig har du eit mylder av våpen å velje mellom. Til ei kvar tid kan du ha eit armbrøst, eit stort tohandsvåpen som til dømes eitt spyd eller stort sverd, to einhandsvåpen og eit skjold. Desse våpna kan du byte mellom og variere på som du vil. Spesielt einhandsvåpna byr på mykje moro. Du kan ha to sverd, to klubber, to økser eller ein kombinasjon av dei ovanfor. Kva du enn måtte velje kjem med sitt eige oppsett med angrep, og du kan låse opp fleire ved å bruke diverse poeng du tener etter kvart som du drep fiendar og finn små kister og liknande «skattar».

Våpna blir gradvis øydelagde etter kvart som du brukar dei, og dei blir øydelagde raskare om du brukar dei dårleg. Høgg du laus på rustningar med eit sverd vil det raskt bli sløvt, og du bør sjå deg om etter ei klubbe. Du endar opp med å byte ut våpen heile tida, og i mange situasjonar blir du nøydt til å lære deg å bruke dei forskjellige våpna av rein nødvendigheit.

Esteban gjer sjeldan noko nyttig med mindre du spelar saman med nokon.
Esteban gjer sjeldan noko nyttig med mindre du spelar saman med nokon.

Problemet er at der kampsystemet under perfekte forhold er eit gedigent adrenalinkick som gjev deg inntrykker av å bli kasta rett inn i blodige og brutale kampar, så er det sjeldan særleg perfekt. Utviklarane har brukt så mykje tid på å få alt til å sjå bra ut at dei ser ut til å ha gløymt alt det andre.

Døden som gir blanke

Kampane i The Cursed Crusade blir først og fremst plaga av to problem. Det mest umiddelbare er at kontrollane fungerer som dei skal berre når dei vil. Nokre gongar registrerer spelet kva du vil gjere, og andre gongar ikkje. Dei forskjellige knappekombinasjonane som skal til for forskjellige angrep er nesten umoglege å lære seg sidan dei berre fungerer halvparten av tida, og eit spel som eigentleg er basert på timing og finesse endar raskt opp med å bli atter eit hjernedaudt knappemosespel.

Ting blir ikkje betre av at fiendane toler latterleg mykje. For eit spel som overalt skapar eit kraftig inntrykk av at det vil vere realistisk, så er det ingenting realistisk med at du med to sylskarpe sverd skal kunne hamre laus mot ein feit gubbe i bar overkropp i det som framstår som meir enn ti minutt medan metalliske klang slår hardt mot øyra dine.

Det gjev ikkje meining på nokon måte. Og det skjer igjen og igjen. Fiendane toler langt meir enn det på nokon måte skal vere mogleg å tole, og i eit «realistisk» spel blir dette heilt feil. Det forskrudde lydbiletet gjev inntrykk av at du gjer alt heilt feil, sjølv om du utfører alle dei viktige kampteknikkane heilt riktig. Spelet byr på svært lettfattelege måtar for å dukke unna angrep og slå fiendane ut av balanse, men sjølv om du gjer dette riktig, og slår med øksa mot ein fiende som står og sjanglar i sirkel, så er det framleis dei metalliske lyden som møter deg, og du må hamre laus så lenge at du ser på klokka og vurderer å ta deg tid til noko anna.

Dei absurde demonsekvensane kjem berre som ein ekstra frustrasjon. Både Denz og Esteban lid under ei forbanning, og kan difor gå inn i ei brennheit demonverd når det skulle passe. Her kan dei sende eldkuler mot folk, samt finne skjulte vegar og liknande. Desse sekvensane kunne eg fint klart meg utan. Ikkje berre blir ikkje våre heltar særleg sterkare av å gro horn i panna, menn i tillegg har dei fleste essensielle demonfunksjonar bestemt seg for å nesten aldri fungere som dei skal.

Nokre våpen er mindre realistiske enn andre.
Nokre våpen er mindre realistiske enn andre.

Eit lite plaster på såret er at du kan spele saman med ein ven på same maskin eller over nett, og dette byr på litt høgre underhaldningsverdi, men ikkje i så stor grad at det gjer spelet nemneverdig betre. Skal du spele noko saman med andre finnest det mange betre alternativ.

Konklusjon

Forventningar skal ein vere forsiktige med, spesielt når ein har som jobb å vurdere kvaliteten på spel, men det er likevel litt vanskeleg å ikkje vere skuffa. The Cursed Crusade lovar svært godt. Det hintar om ei god forteljing basert på ein fascinerande epoke i verdshistoria, og det har eit kampsystem som både ser fabelaktig ut, og kjennest riktig frå første sekund.

Sakte, men sikker dalar det derimot nedover. Historia grev si eiga grav i eit tåpeleg samansurium om demonar og eit flammehelvete, og kampane blir øydelagde av amatørmessige feil. I det som må vere eit forsøk på å unødig hale ut lengda på spelet har Kylotonn gjort den utilgivelege feil å la fiendane tole latterlege mengder skade, og i eit spel som prøvar å framstå realistisk, er det ein dødsdom.

Etter kvart forsvinn dei fleste positive tankar du godt mogleg har danna deg innleiingsvis, og du sit igjen som ein bitter gammal fjert som lurer på når det skal kome eit spel som verkeleg maktar å fortelje i historie om tempelriddarar og korstog det går an å bry seg om.

The Cursed Crusade er i salg for PlayStation 3 (testet), Xbox 360 og PC.

Vurdering

The Cursed Crusade

The Cursed Crusade PS3 PS3 3/10 X360 Windows

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 10. oktober 2011
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Atlus
  • Utvikler: Kylotonn

Beste priser

The Cursed Crusade X360 X360 PS3 Windows

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 10. oktober 2011
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Atlus
  • Utvikler: Kylotonn

Beste priser

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen