Anmeldelse

The Evil Within

God, gammal grøss

Resident Evil-skaparen er tilbake med eit intenst og krevjande eventyr.

Lista ligg naturlegvis høgt når Resident Evil-skapar Shinji Mikami vender tilbake til sine røter. Her har vi mannen som skapte ein av dei mest kjende og elska seriane frå Japan, før han for ni år sidan fornya og så og seie revolusjonerte sjangeren han var med på å skape med fantastiske Resident Evil 4.

Det skal godt gjerast å ikkje få høge forventningar av slikt, og det viser seg raskt at The Evil Within er langt meir Resident Evil enn sjølv Resident Evil-serien er no for tida. Der Resident Evil-serien har fått eit stadig større fokus på action i nyare utgåver, ser The Evil Within seg meir tilbake, og utviklarane har gjort alt i si makt for å byggje opp ei nifs og uhyggjeleg stemning som sørgjer for at ei råten stemning konstant sit godt i mellomgolvet.

Indre demonar

Sebastian Castellanos har ein særs dårleg dag.

Shinji Mikami kastar ikkje bort tid når han skal ta oss med til sin visjon om kva eit ekte helvete har å by på. Frå vi møter hovudpersonen Sebastian Castellanos, og til han endar opp i ein makaber og forskrudd versjon av den verkelege verda går det berre få minutt. Strengt tatt er det lett å bli litt sett ut, sidan det er litt vanskeleg å forstå kva som eigentleg skjer. Kvar vi er, og kvifor vi er der er noko spelet brukar svært lang tid på å forklare noko av. Ikkje ein gong Sebastian stiller mange spørsmål ved situasjonen. Han er ein mann av svært få ord, og kommenterer heller kva som er her akkurat no, enn det faktum at verda har blitt vrengt på ein vulgær og ekkel måte.

Dette legg likevel inga hindring i vegen for at spelet skal kunne gjere deg særs utilpass med situasjonen. Utviklarane gjort ein fantastisk jobb i å skape eit spel som osar av stemning. Det dystre og ubehagelege lydbiletet heng tungt over spelet, og er i seg sjølv nok til å gjere spelaren utilpass.

The Evil Within leikar konstant med lys og skugge. Lange, faretrugande skuggar er eit dominant tema medan kornete filter og andre kameraeffekter spelar sansane dine opptil fleire puss. Den eine stunda luskar du deg gjennom skuggane i eit håp om å ikkje bli sett av spelets mange makabre fiendar, før du seinare held lykta di framfor deg medan du sakte vandrar gjennom mørke gangar fulle av blodige lik. Det er groteskt på alle måtar, og det blir verre ved at du veit at når som helst kan eitt eller fleire av desse lika brått reise på seg, og skape livsfarlege situasjonar.

Diverre blir den visuelle presentasjonen forstyrra av to enorme, svarte kantar på toppen og botnen av skjermen, og det byr på sine problem. Her og der er det med på å skape ei tjukkare filmatisk stemning, men som regel er dei berre til hinder. Det smale synsfeltet gjer det vanskelegare å sjå ting i nærområdet, og det kan vere svært lett å berre gå rett forbi gjenstandar du kan plukke opp, sidan dei kjem utanfor dei svarte kantane.

Gammalt og nytt

The Evil Within har eit solid fokus på å drepe zombieliknande skapningar, men du får likevel ikkje lov til å leike Rambo i denne marerittaktige verda, heldigvis. Til det har du alt for få ressursar til din disposisjon. Du møter sjeldan meir enn ei handfull fiendar om gongen, men det er nok, sidan du er i ein konstant kamp mot eit knøttlite lager av ammunisjon. Om du ikkje gjer alt du kan for å bruke minst mogleg av våpna dine, kan du raskt ende opp med å få ei motorsag gjennom halsen utan mange måtar å forsvare deg på.

Du møter sjeldan meir enn ei handfull fiendar om gongen, men det er nok, sidan du er i ein konstant kamp mot eit knøttlite lager av ammunisjon.

Om du er blant dei som ikkje kan fordra kontrollsystema i Resident Evil-serien, kjem du ikkje til å finne mykje å like i The Evil Within. Spelet skor seg på same lest, og gjer det heilt umogleg å leike actionhelt. Det meste av tida berre vandrar du, om du skal springe går det utover staminaen din som raskt går tom. Om du ser ein fiende og vil hente fram eit skytevåpen vandrar Sebastian i sniglefart, og det blir difor svært viktig å halde avstand til fiendane. Kjem dei for nær blir ditt einaste alternativ raskt å bruke bein og knyttnevar, men dette er sjeldan godt for meir enn å bryte opp klynga slik at du kan kome deg unna. Er du heldig vil derimot ein eller fleire av fiendane bere på ei øks eller ein fakkel, to våpen som begge kan brukast ein gong for å raskt ta knekken på ein fiende.

Drep du fakkelberaren kan du plukke opp fakkelen for å bruke den mot dei andre.

Kva ein meiner kontrollsystemet er absolutt ei smakssak, men for min del synest eg det kler denne typen spel svært godt. Sebastian Castellanos er ingen soldat eller actionhelt. Han er strengt tatt berre ein heilt ordinær mann, og eit slikt kontrollsystem gjer det veldig tydeleg kor sårbar han faktisk er. The Evil Within handlar om å overleve, og nokre gongar betyr det å kome seg unna, i staden for å drepe alt.

Etter kvart byggjer du opp eit arsenal av nokre få våpen som alle er svært ulike, og svært nyttige. At du heile tida må vurdere kor vidt det er lurt å bruke ei av dei få kulene du har, fungerer svært godt saman med kontrollsystemet. Du kjenner det i heile kroppen kvar gong du rettar siktet mot ein fiende. Hjernen kalkulerer heile tida. Skal eg skyte han i hovudet, og satse på eg har flaks? Skal eg heller skyte han i kneet slik at han kanskje fell?

Gjer du det siste kan du tenne på liket med ei fyrstikke, og såleis bruke berre ei kule og ei fyrstikk, i staden for kanskje tre, fire eller fem kuler fordi du bomma på første skot, og no er så stressa at du blir mindre presis for kvart skot. Dette kan du ta enda vidare om du møter ei klynge fiendar på til dømes tre fiendar. Få den eine i bakken, og tenn på han slik at alle tre blir tatt. Risikoen er sjølvsagt at du kjem for nær, og endar opp som mat sjølv.

Lyssetjinga i spelet skapar enorm effekt.

Lite, men nok

Sjølv om du heile tida merkar veldig tydeleg at du har frykteleg lite å stille opp med, har utviklarane likevel makta å skape ein glimrande balanse der du trass alt heile tida har nøyaktig det du treng. Kor vidt du har meir eller mindre kjem an på deg, men om du skulle gå heilt tom, kan du vere ganske sikker på at du gjennom kloke val vil klare deg uansett.

Spelet er til dømes krydra av feller som ligg tidvis ganske godt skjult. Desse kan Sebastian desarmere, noko som gjev deg ressursar du kan bruke til å lage boltar til eit armbrøst. Boltane kan vere alt frå ein standard harpun, til eksplosive boltar og boltar som blindar fienden. Sistnemnde blindar fiendane slik at du kan snike deg inn på dei, og avslutte dei med eit knivstikk. Er du effektiv kan du på denne måten ta ut fleire fiendar på kort tid berre ved å bruke ein bolt og ein kniv.

Alternativt kan du prøve å snike deg inn på fiendar som står med ryggen til, men dette er diverre noko du alt for sjeldan får sjansen til å gjere. Større sjanse har du for å kunne lokke fiendar inn i ei felle. Nokre stadar kan det vere ei eksplosiv mine du kan utløyse med eit skot, eller du kan ta i bruk ein av spakane du finn her og der som får piggar til å skyte opp av bakken.

Det er mange moglegheiter, og sjølv om situasjonen ofte kan sjå svært svart ut, finnest det alltid håp. Sjølv mot dei tidvis ganske groteske sjefskampane som sjølvsagt dukkar opp med jamne mellomrom for å gjere livet ditt ekstra surt. Vi finn det meste du kan tenke deg av motbydelege skapningar. Ei langhåra dame med alt for mange armar og bein, ein mutert hund med ein mildt sagt råten tanngard, samt ein slaktar med banksafe som hovud er berre nokre døme på kva du vil møte på.

The Evil Within.

Sistnemnde er samtidig eit godt døme på korleis sjefskampane ikkje berre handlar om å fyre laus alle kulene du har, sidan du må springe gjennom fleire rom medan du handterer både den massive bastarden, men òg ein stadig dårlegare tilgang på oksygen.

På godt og vondt

The Evil Within er som eit nytt ledd i Resident Evil-serien på svært mange måtar, og dei fleste elementa vi har funne i den serien finn vi og her. Du kan til dømes oppgradere Sebastian etter kvart som spelet går sin gang. Dette gjer du ved å ta turen til eit forfalle galehus der du set deg i ein stol som ser mest ut som eit brutalt operasjonsutstyr. Her brukar du ei grøn veske du plukkar opp rundt om kring i spelet, og kan oppgradere alt frå kor mykje helse du har, til kor mykje skade våpna dine gjer, samt kor presise og raske dei er å bruke.

Dei fleste elementa vi har funne i Resident Evil-serien finn vi og her.

Så langt er vi i velkjent territorium, men eit system som ikkje minnar mykje om Resident Evil, er inventaret. I staden for å opne opp ryggsekken til hovudpersonen, trykkjer du no inn høgre analogstikke for å opne ein sirkelmeny. Bortsett frå at du ufrivillig kan ende opp med å opne inventaret på verst tenkjeleg tidspunkt, fungerer dette inventaret ganske bra.

Gjennom sirkelmenyen kan du lett velje våpen eller helsegjevande sprøyter, lage nye boltar til armbrøstet, eller gje eit våpen ein snarveg gjennom piltastane. Det ein bør vere obs på er at sirkelmenyen ikkje pausar spelet, den berre set ned farten. Det heile kryp av stad i sakte kino, og dette i seg sjølv er nok til å øydeleggje om du skulle vere riktig uheldig. Sjølv om det kan vere freistande å spare på ressursar slik at du kan lage akkurat dei boltane du treng, når du treng dei, kan dette lett vere ei oppskrift på ein rask død sidan du er opptatt i inventaret i staden for å halde eit auge med fienden.

Eit velplassert skot får blodspruten til å stå.

Konklusjon

The Evil Within er eit sterkt eventyr med ei uggen og tjukk stemning i beste Resident Evil-stil, noko som kanskje ikkje så rart sidan spelet kjem frå sjølve skaparen av Resident Evil-serien. Spelet sender oss på ei reise gjennom marerittaktige område fulle av groteske fiendar og scenario. Den makabre stemninga slepp aldri taket, og tidvis blir ein så utmatta og sliten av den at ein må ta ei pause. Det varer likevel ikkje lenge, sidan ein raskt vender snuten tilbake for å prøve å hamle opp med dei lumske utfordringane som gav deg nok utfordringar for berre få minutt sidan.

Spelet gjer ikkje mykje nytt utover kva Shinji Mikami gjorde førre gonga han tok turen innom skrekksjangeren, men dei nye ideane spelet byr på er smarte og meiningsfulle, om enn subtile. Det å skulle tenne på fiendar for å halde dei nede er berre eit døme på enkle ting som gjev stor, nervepirrande effekt.

Sebastians reise gjennom eit tidvis ganske så blodig helvete er ikkje det eg vil kalle direkte skummelt, eller vanskeleg å spele, men stemninga er skikkeleg uggen, og den set deg inn i ei heilt spesiell stemning medan du spelar. Om Resident Evil 4 er blant dine store opplevingar, og meiner actionfokuset har blitt for stort i nyare spel, er The Evil Within eit trygt og godt val.

The Evil Within er ikkje det einaste spelet som prøvar å få det til å gå kaldt nedover ryggen din. Glimrande Alien: Isolation er ei nervepirrande og nådelaus oppleving.

8
/10
The Evil Within
Sterkt eventyr med ei uggen og tjukk stemning i beste Resident Evil-stil.

Siste fra forsiden