The First Templar
Anmeldelse

The First Templar

Verda skal reddast med religion, krig og ufrivillig latter.

Kvifor det ikkje finnest fleire spel om tempelriddarane må du ikkje spørje meg om. Dei er ei like god kjelde for gode historier og varierte former for kreativt gameplay som å ta ein tur til verdsrommet, alveland eller midtausten for tusande gong. Mitt første møte med tempelriddarane var då Broken Sword: Shadows of the Templars smaug seg inn på PC-en min i 1996. Ved sidan av den herlege historia om George og Nico blei eg minst like fascinert av alt spelet fortalde meg om desse mystiske riddarane, og heilt sidan den gong har eg alltid vore interessert kvar gong dei er eit tema.

Ikkje så rart altså, at eg venta med spaning på The First Templar. Eit actioneventyr frå bulgarske Haemimont Games. Å seie forventningane var høge blir nok å ta litt i, men å tre inn i rolla som ein tempelriddar, og samtidig få enda litt fleire konspirasjonar med religiøse overtonar seier eg aldri nei til.

Er det ikkje merkeleg korleis desse damene alltid får tid til å putte på sminka, uavhengig av omstende og tidsalder?
Er det ikkje merkeleg korleis desse damene alltid får tid til å putte på sminka, uavhengig av omstende og tidsalder?

Ikkje akkurat gullpalmen

Det blir derimot tidleg klart at sjølv om utviklarane av The First Templar i all hovudsak respekterer kjeldematerialet i aller høgste grad, er dei ikkje alltid like flinke til å skape god dramatikk. Ikkje misforstå, det er nok av drama og krig i denne forteljinga, men det kjem ikkje alltid fram på ein god måte. Dei filmsekvensane og passasjane med dialog som lett kunne ha vore engasjerande og interessante endar raskt opp med å bli lattermilde og ufullstendige.

Ein kan eigentleg ikkje klandre vår hovudperson Celian d'Arestide for dette. Skodespelaren hans gjer eigentleg ein god jobb, sjølv om han aldri treng gjere stort meir enn å lese tørt frå eit enda tørrare manuskript med ei stemme som sannsynlegvis har sett litt for mykje whisky og sigar. Dei andre karakterar i spelet er ikkje alltid like vellukka, men der Celian blir redda av ei stemme tjukk som nylagt asfalt, demonstrerer dei fleste andre skodespelarane veldig tydeleg at dei strengt tatt ikkje har mykje til materiale å jobbe med.

Dette blir ikkje betre av animasjon som har færre rørsler i andletet enn ein Ivo Caprino-figur, og eit jamt over merkverdig sett med animasjonar som pregar så og seie kvar einaste vesle sekvens der dialog er eit viktig element. Medan Celian fortel veninna si Marie at det skjedde noko med han i barndomen – før han brått avbryt seg sjølv med å slå fast at han ikkje snakkar om den meir – vrir og veivar han med handa som om han prøvar å demonstrere korleis du skal skru inn ei lyspære.

Eg kan gestikulasjon. Eg er berykta for å gjere det i stor grad sjølv, og har mang ein gong blitt avbroten av folk som byrjar å imitere meg. Men eg gestikulerer ikkje mykje. The First Templar er eit ekstremt solid døme på korleis ein lett kan overdrive noko som i røynda er mykje meir nedtona, og såleis ende opp med å ta merksemda til spelaren bort frå det historia vil formidle.

Eg treng ikkje sverd for å banke idiotar som deg!
Eg treng ikkje sverd for å banke idiotar som deg!

Det blir med andre ord ufrivillig moro, og det kan kome snåle og absurde gullkorn frå dialogen som får deg til å le. Det er likevel vanskeleg å kalle det direkte dårleg, heller litt tragikomisk. Det ligg ei god og interessant historie i grunnen her, men kombinert med den snåle presentasjonen endar det opp som ei litt lattermild og absurd greie det eigentleg ikkje er så ille å følgje med på.

Solid innmat

The First Templar er eit ganske typisk actionspel, men det har eit underhaldande kampsystem som gjer det verdt å bruke tid på. Du har ditt enkle angrep, og du kan kombinere dette med til dømes eit slag med skjoldet for å byggje opp forskjellige komboar. Samtidig er timing veldig viktig. Du kan hamre laus som du berre vil, men om du passar på å fyre avgarde neste slag umiddelbart når det førre slaget treff fienden kan du byggje opp kritiske slag som gjer kål på fiendane mykje raskare. I tillegg kan du sende av garde kraftigare angrep om du held inne knappen litt, og saman med blokkering viser spelet seg raskt å ha ein litt taktisk natur.

Diverre viser kampsystemet seg med tid og stund å vere ganske snevert. Det er på alle måtar solid, men det manglar det vesle ekstra, og du endar opp med å møte kvar kamp på same måte, enkelt og greitt sidan du ikkje har mykje å velje i. Du har totalt sett eitt enkelt basisangrep og mindre enn ei handfull med komboangrep, noko som legg alt fokuset over på balansen mellom blokkering og slag. Det blir litt stølt i lengda, og når du møter dei same fiendane så og seie heile tida, er det lett å gå litt lei.

Spelet let deg kjøpe nye angrep med opptente erfaringspoeng, men dei fleste poenga vil gå med til å oppgradere dei eigenskapane du allereie har, eller kjøpe betre helse og såkalla «Zeal»-kuler som må nyttast om du skal utføre eit komboangrep.

Celian dreiv med abstrakt fingermåling i eitt tidlegare liv.
Celian dreiv med abstrakt fingermåling i eitt tidlegare liv.

Du er derimot aldri aleine, og har alltid ein person som spring saman med deg noko som pustar litt liv inn i spelet. I tillegg til å by på litt tomprat mellom dei to, kan du når som helst skifte mellom dei for å prøve ut kva dei andre karakterane har å fare med. Det er ikkje ofte dette er nødvendig, men det blir heilt essensielt i forskjellige område der spelet byr på gåter og feller du må bruke litt list for å kome forbi. Her og der kan du i tillegg utnytte det å vere to til å liste deg inn på fiendar for å vri nakken deira bakfrå.

Ein annan grunn til at du alltid kan byte mellom to krigarar er ein enkel samarbeidsmodus. Denne byr ikkje på stort utanom at det no er to personar som har kontroll over krigarane, men den kan gjere fleire av gåtene lettare å gjennomføre. Spesielt sidan du her og der må vere på to stadar samtidig for å dra i spakar og tenne forskjellige faklar som på magisk vis får ting til å skje.

Frå den eine til den andre

Kvart kapittel byr på eit eige scenario der du møter nye utfordringar i nye område. Spelet får ein fin variasjon av dette, og sjølv om spelet ikkje er det penaste på moder jord, har det fleire fine landskap og bygningar som gjev deg litt å sjå på. Viktigare enn åsynet er alle dei forskjellige tinga du kan finne i områda. Spelet er i all hovudsak lineært der du går frå den eine staden til den andre, men kvart område er fullt av kister og eitt og anna sideoppdrag som dreg nytte av at områda ofte har mange sidevegar og bortgøymte plassar.

Når det er sagt er det ikkje vanskeleg å finne dei «skjulte» kistene. Kartet ditt viser alltid kva veg du skal gå for å finne noko, og det handlar meir om å finne vegen til målet, enn å finne ut om det finnest noko mål å leite etter.

Sjølv om dette tek vekk litt av skattejakta er det likevel verdt å bruke tida på, sidan det du finn i kistene stort sett er verdt å leite etter. Du finn til dømes ofte bonusar som gjev deg meir helse eller kraftigare angrep heilt til du er ferdig med nivået. Litt mindre meiningsfylt er dei forskjellige våpna og klesplagga du kan finne. Nytteverdien er ikkje stor sidan alt nytt utstyr er utelukkande kosmetisk, men det er eigentleg ikkje det verste. For å få eit nytt våpen eller ei ny drakt må du finne alle delane av den først. Å bry seg med å finne alt er ikkje like interessant når løna er marginal.

Ah, ein triveleg labyrint med enorme økser og massive nåleputer ser alltid så triveleg ut i starten.
Ah, ein triveleg labyrint med enorme økser og massive nåleputer ser alltid så triveleg ut i starten.

Konklusjon

The First Templar respekterer kjeldematerialet historia er basert på, men det er ikkje alltid nok. Sjølv om ein kanskje har lyst til å la seg engasjere av det som nok er meint å vere ei mørk og alvorleg historie om ein viktig epoke i vår tid, blir det litt vanskeleg når dei involverte personane heile tida seier merkelege ting.

Kombinasjonen av emosjonelt død dialog og elendig animasjon er ikkje heldig, og det tek alt for mykje av fokuset vekk frå det som faktisk betyr noko. Mellom linjene kan du lese deg fram til ei god historie, men den druknar i forsøket på å byggje band mellom hovudpersonane.

Det vi står igjen med er kampsystemet, som strengt tatt er ganske tøft. Det krev list og timing, og du merkar det godt når alt klaffar og fiendane fell utan å få inn eit einaste slag på deg.

Trass det gode kampsystemet og nokre tapre forsøk på å dytte inn litt variasjon, maktar likevel ikkje The First Templar å nå høgt opp. Det er for spinkelt og det blir alt for mykje repetisjon av tallause møte med dei same fiendane om igjen. Spelet har eit godt fundament, men det manglar eit bygg som fortener plassen.

Windows 6 /10 Nokså godt

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

The First Templar

The First Templar Windows Windows 6/10 X360

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 20. mai 2011
  • Plattform: PC
  • PEGI: 16+
  • Sjanger: Action
  • Utgiver: Kalypso Media
  • Utvikler: Haemimont

The First Templar X360 X360 Windows

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 20. mai 2011
  • Plattform: Xbox 360
  • PEGI: 16+
  • Sjanger: Action
  • Utgiver: Kalypso Media
  • Utvikler: Haemimont

Beste priser

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Alle brukere Dette gjør brukerne nå

Til toppen