Anmeldelse

The Lord of the Rings: War in the North

Dette spelet er nesten betre enn lisensen det er basert på.

Det er ikkje ofte det første eg gjer etter å ha runda eit spel er å starte over på ny. Strengt tatt skjer det aldri, og eg trur dette er første gong det har skjedd i mi ni år lange karriere i Gamer.no. Når jobben din står i å spele alt det nye til ei kvar tid får ein samtidig sjeldan tid til å spele noko om igjen på generell basis, og difor beit eg meg merke i at eg nærast instinktivt trykka på Start-knappen i det eg kom tilbake til hovudmenyen.

Medan eg sat der og atter ein gong vandra gjennom den mørke og regntunge landsbyen Bree slo det meg eigentleg kvifor eg vegra meg over å gå over til neste spel. War in the North er ufyseleg bra. Det er så bra at du glir heilt og haldent inn i det i så stor grad at tid blir ein meiningslaus bagatell du ikkje kunne brydd deg mindre om. Du blir fanga i ei forførande felle full av blodige kampar, erfaringspoeng, eigenskapar og den konstante jakta på nytt og betre utstyr.

Ikkje berre eitt, men to utyske på ei og same tid.
Ikkje berre eitt, men to utyske på ei og same tid.

O heilage krig

Lord of the Rings: War in the North er noko så sjeldant som eit lisensspel som ikkje er laga under det tidspresset ein ny storfilm fører med seg. Det er eit spel sett til same univers som forfattarskapet til J.R.R. Tolkien, og i enda større grad filmane til Peter Jackson. Der dei fleste spel i dette universet vel å følgje handlinga i historia om Frodo si reise for å øydeleggje Ringen, vel actionveteranane i Snowblind ei litt anna rute med War in the North.

I staden for å ta del i eventyret som alle kjenner som innsida av si eiga lomme får vi aleine eller saman med opp til to andre spelarar sjå konflikta frå ein annan vinkel. Midgard er større enn det filmane viste, og medan brorskapen utførte sine heltedådar var det full krig lengre nord. Som seg hør og bør i eit skikkeleg fantasy-spel møter vi ei lita gruppe på tre forskjellige heltar som alle har forskjellige rasar og arbeidsområde.

Det høyrest kanskje litt klisje ut at vi møter eit nytt assortert utval av fantasy-skapningar, men slikt må ein leve med når det skal lagast spel. Snowblind har i det minste gjort ein fornuftig jobb i å fordele dei tre heltane våre på diverse område som både kjennest naturlege og viktige. Vi møter den robuste dvergen Farin som naturlegvis tek seg av den mest fysiske kampen. Eradan er spelets versjon av Aragorn, og han er ein kløppar med både boge og sverd. Til sist har vi Andriel som fungerer som den kvinnelege og alviske versjonen av Gandalf. Ho kan skyte magiske boltar og lage skjold rundt trekløveret. Ho er likevel inga pyse i nærkamp, der ho akkurat som Gandalf kan springe rundt med både stav og sverd samtidig.

Gruppesamansetninga er med andre ord akkurat det vi kunne ha venta oss. Det er noko for ein kvar smak her, og det einaste vi ikkje få spele som er ein vel eigentleg ein liten hobbit, noko som kanskje er like greitt.

Prisen for årets beste animasjon går til Snowblind for den mektige ørna Beleram.
Prisen for årets beste animasjon går til Snowblind for den mektige ørna Beleram.

Nyansert slagmark

Snowblind er utviklarane bak spel som Baldur's Gate: Dark Alliance og Champions of Norrath. Nokre herlege actionspel i flotte fantasiverder med glimrande kamp og fantastiske samarbeidsmodusar. War in the North følgjer ikkje uventa i liknande fotefar med heftig action og ein glimrande samarbeidsmodus for opp mot tre spelarar.

Tidleg i spelet kan det heile framstå som noko overflatisk. Alle dei tre heltane har i hovudsak to måtar å angripe på. Anten kan dei skyte piler eller magiske boltar mot fiendane, eller så kan dei angripe fysisk med eit kampsystem som gir blanke i alt som heiter komboangrep. Dette er ikkje eit avansert actionspel som tvingar spelaren til å bli god, og sjølv om du har eit sterkt og eit ordinært angrep finn du ingen kombinasjonar mellom dei. I staden hakkar du laus med det vanlege angrepet heilt til ein gul trekant viser seg over fienden, og du slår til med eit kraftig slag.

Det er eit svært enkelt og velfungerande system som får gjort jobben utan unødige mellomlegg. Animasjonane er nydelege og dei skapar ein flyt vi ikkje ser for ofte i slike spel. Spesielt når ein slår til med kraftige angrep for å ta livet av ein fiende oppnår spelet ein rytme som tidvis kan vitne om kampsystemet i dei siste Batman-spela.

Tyngda og detaljane ligg derimot ikkje i kampsystemet. Det er alt som ligg rundt som verkeleg skapar eit spel det blir brutalt vanskeleg å leggje frå seg. Krinsande rundt kvart slag ligg diverse eigenskapar på den eine sida, og det konstante og alltid innfriande løftet om nytt utstyr på den andre. Det er lett å sjå på lista over forskjellige eigenskapar med argusauge heilt i starten, men så snart ein ser nærare på kva du faktisk har tilgjengeleg blir det svært tydeleg kor detaljert og djupt dette spelet er. Alle heltane har eigenskapar som byggjer opp om dei andre og oppfordrar til samarbeid mellom alle spelarane.

Midgard er ei ganske brutal verd, noko Snowblind ikkje er redde for å vise.
Midgard er ei ganske brutal verd, noko Snowblind ikkje er redde for å vise.

Farin kan styrke dei andre krigarane og få svimeslåtte folk på beina igjen med eit brøl, Eradan kan bli usynleg og er ein meister med både sverd og boge, medan Andriel kan få opp eit skjold som både regenerer helsa til alle som oppheld seg i den, samtidig som alle prosjektil som blir skotne gjennom det blir kraftigare.

Etter kvart som ein spelar ser ein gradvis større og større potensiale til utspekulerte måtar å rive ned fiendane på, spesielt når ein kombinerer eigenskapane til dei forskjellige heltane. Omlag alle eigenskapar kan oppgraderast fleire gongar, og sidan du er nøydd til å spele gjennom spelet fleire gongar for å nå erfaringstoppen, kan du kose deg lenge med å finskru heltane dine. Ein ganske hyggeleg detalj er at du kan velje å lagre på forskjellige filer slik at om du til dømes vil spele både aleine og saman med ei eller fleire grupper på nett, så kan du ha individuelle filer for kvar.

Vakker produksjon

Sjølv om War in the North først og fremst handlar om å gå til brutal og særs blodig kamp mot orkar og troll, er det likevel litt rom for diverse rollespel-element. Undervegs i eventyret kjem vi til diverse kjende og ganske ukjende område der ein får rusle rundt og prate med folk, og kanskje plukke opp eitt og anna sideoppdrag.

Samtalene i War in the North fungerer på same måte som Mass Effect gjorde det populært for nokre år sidan. Spelet har ikkje noko moralsystem, men du står fritt til å velje sjølv kor mykje du vil hale ut av samtaleobjekta. Om du vil kan du berre trykkje deg forbi all dialog, men du står likevel fritt til å utforske meir om kva som skjer i Midgard. Det er godt med informasjon å hente for den som vil, og det må seiast at Snowblind har gjort ein temmeleg god jobb i å fylle ut spelet med artige detaljar som på ingen måte er nødvendige.

Du skal bøtte nedpå ganske mykje før du finn denne gubben attraktiv.
Du skal bøtte nedpå ganske mykje før du finn denne gubben attraktiv.

Ein ting du raskt vil merke er at sjølv om fleire av dei kjende personane i spelet liknar ganske mykje på seg sjølv i filmane, er det ikkje her spelet viser seg frå sine beste sider. War in the North skin sterkast når du løftar blikket litt og ser rundt deg. Spelet byr gang på gang på makelause åsyn som sidestiller Snowblind med både Epic Games, Naughty Dog og alle andre som skulle velje å prøve seg. Spelet er litt meir ujamnt i kantane og det finnest småting å reagere på her og der, men måten Snowblind har vekt Midgard til live på er ikkje noko anna enn imponerande.

Du kan sjå fleire mil inn i avgrunnen, og det er lett å stoppe opp berre for å sjå på kva som skjer i det fjerne. På eit høgt fjell kan ein sjå lysa frå orkar som marsjerer langt nede, i ein underjordisk dvergeby er det lett å bli blenda av dei vakre grottene som strekker seg langt inn i det fjerne, og Myrkskogen er trolsk, skummel og forførande på ei og same tid.

Verda er full av små detaljar som viser kor stort omhug utviklarane har brukt. Alt frå korleis forskjellige orkar går, til korleis eit troll opnar og lukkar munnen er som henta rett ut av filmen, sjølv om det samtidig er vidareført og utbrodert på ein måte som er fullstendig truverdige. På fleire punkt har animasjonane på alt frå fiendar til gigantiske ørner vore så overbevisande at det er uhyre lett å leve seg heilt inn i verda. Som prikken over i-en får vi musikk frå Inon Zur som utan å låne for mykje frå Howard Shore flettar seg inn i Midgard på ein saumlaus og dramatisk måte.

Konklusjon

The Lord of the Rings: War in the North er eit spel som byrjar omlag midt på treet, før det derifrå tek ansvar og går med stødige steg oppover og oppover til du er heilfrelst. Spelet inneheld alt som skal til for å skape eit glimrande actionspel. Det har eit enkelt kampsystem alle kan forstå og kome i gong med utan å måtte lære seg komboar, det har glimrande rollespelsystem som let deg kjøpe nye og tøffe eigenskapar med jamne mellomrom, og det har meir utstyr og våpen enn du har plass til i inventaret.

Ah, edderkoppar. Min favoritt. Kva er vel eit spel utan?
Ah, edderkoppar. Min favoritt. Kva er vel eit spel utan?

Sleng på ei stabil historie med flotte karakterar og ei nydeleg verd som til og med kan få ein litt Ringenes Herre-lei person som meg til å sjå lyset på ny, og du har ein sikker vinnar.

Spelet er skreddarsydd for å spelast over nett, på delt skjerm, eller begge alternativ samtidig, men det er likevel ikkje noko hinder for å spele aleine. Om du vil utnytte eigenskapane fullt ut og vere meir taktisk i kampane er det essensielt å spele på nett, men om du heller vil slappe av litt og nyte historia kan du ha det like triveleg aleine.

Actionrollespel av denne sorten er i tragisk mangelvare no for tida, men War in the North susar inn som eit heidundrande comeback.

The Lord of the Rings: War in the North kjem i sal onsdag 9. november, for PlayStation 3 (testet), Xbox 360 og PC.

Vis produkt

Vurdering

The Lord of the Rings: War in the North

The Lord of the Rings: War in the North PS3 PS3 9/10 Windows X360

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 9. november 2011
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Action, Rollespill
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Warner Bros.
  • Utvikler: Snowblind Studios

Beste priser

Få varsel når prisen faller

The Lord of the Rings: War in the North Windows Windows X360 PS3

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 9. november 2011
  • Plattform: Windows
  • Sjanger: Rollespill, Action
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Warner Bros.
  • Utvikler: Snowblind Studios

The Lord of the Rings: War in the North X360 X360 Windows PS3

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 9. november 2011
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Rollespill, Action
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Warner Bros.
  • Utvikler: Snowblind Studios

Beste priser

    210 210 1

Få varsel når prisen faller

Kommentarer (96)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen