Anmeldelse

Warhammer 40,000: Kill Team

Rånetur i rommet med store, saftige våpen.

Er du klar for å knerte nokre tusen orkar? Klart du er. Vi er alltid klare for det. Space Marines er jo så beintøffe at ingen kan seie nei til dei, og det er vel akkurat her Kill Team viser sine styrker. Ein Space Marine er ein ganske hardbarka soldat, og det kjem rimeleg godt fram i dette vesle spelet som har ekstremt mange orkar, men ganske lite anna.

Warhammer 40,000: Kill Team er ein såkalla stikkeskytar. Du brukar den eine stikka til å styre soldaten din med, og den andre til å fyre laus med eitt av fleire forskjellige massive våpen som pumpar dei grøne tullingane fulle av bly. Slik spring du aleine eller saman med ein ven gjennom rustne og til dels ganske fascinerande område. Dei er flotte å sjå på, men temmeleg stygge likevel, og det er ingen tvil om at Warhammer-estetikken er i god behald.

Når blir orkeslakt ei OL-grein?
Når blir orkeslakt ei OL-grein?

Krig o hoi

Som vanleg i stikkeskytarar ser du det heile først og fremst ovanfrå, men kameraet skiftar likevel perspektiv her og der for å skape eit visuelt ytre som står i stil med innhaldet. For det meste er kameraføringa god og oversiktleg, men tidvis blir det litt vanskeleg å sjå kva som skjer. I kampens hete kan ei kameraendring gjere det lett å ende opp med å sjå på feil figur, og såleis spring du kanskje rett i døden. Dette kunne utviklarane lett ha gjort noko med, for eksempel ved å ha større skilnad på fargane til kvar soldat.

Dette er ikkje eit stort problem, og det oppstår berre no og då, men det er nok til at ein kan bli irritert av det. Med mindre du spelar aleine sjølvsagt.

Du har fire forskjellige soldattypar å velje mellom, og alle kjem med forskjellige våpen og spesialangrep. Nokre er gode i nærkamp, medan andre er best på avstand. Balansen er rimeleg grei, sjølv om det i kampens hete kan bli vanskeleg å kome til om ein samarbeider om krigføringa. Om partneren din driv med nærkamp tar han kanskje alt før skota dine når fram, og i andre situasjonar rekk ikkje nærkampshelten fram til målet før alle er døde.

I kampane der orkane straumar på frå alle kantar i eit nesten endelaust jag er ikkje dette eit stort problem. Men om ein spring langs tronge gangar for å kome fram til eit mål, endar ein lett opp med at mannen med den største pistolen tek alt, enkelt og greitt fordi han gjer meir skade.

Orkane kjem først og fremst i to former. Vi møter dei små jyplingane som kjem i store flokkar og fell som fluger for elden din, og vi finn større og meir robuste variantar som krev litt hardare innsats. Dynamikken mellom desse er ganske god, sidan det bringer eit lite strategiske element til spelet. Du treng kanskje litt avstand til dei store, og spring mot dei små medan du skyt dei ned, før du snur deg og tek resten.

Ingen grunn til å studere utsikta. Spring!
Ingen grunn til å studere utsikta. Spring!

Enkle val

Det er i praksis berre to store forskjellar på soldatane. Av dei fire soldatane er to av dei temmeleg gode på avstand, medan dei andre må ty til nærkamp for å vere skikkeleg effektive. I motsetning til skytinga brukar du ikkje analogstikka for å krige med motorsag eller sverd. Her må du ty til knapptrykking, og denne er kanskje litt i enklaste laget. Du gjer fint lite anna enn å berre trykkje inn ein og same knapp om igjen, og spelet manglar noko å setje tenna fast i.

Det einaste variasjonselementet kampsystemet byr på er dei forskjellige spesialangrepa kvar soldat har tilgang på. Eit av dei let deg skyte raskare, medan eit anna let deg setje ut eit stasjonært våpen. Desse spesialvåpna er veldig artige, og du får ofte bruk for dei. Det tek ei lita pause mellom kvar gong du får ta dei i bruk, men alt som skal til for å gjere dei klare for kamp er å skyte nokre bølingar med orkar. Strengt tatt er det ikkje nødvendig med meir. Kill Team handlar utelukkande om å skyte så mange orkar som mogleg, og den moroa ein får kjem gjennom nettopp dette. Det er ei morbid glede i å sjå korleis våpenet reinskar eit rom på kort tid.

Utover dette finn du forskjellige bonusar som kan plukkast opp. Desse får ein stort sett frå kister som ligg rundt om kring, og dei kan vere alt frå å gjere meir skade, skyte fleire skot, danne eit skjold rundt spelaren, til å sørgje for svært kompetent medisin for hardt såra krigsheltar.

Etter kvart som du drep fiendar låser du i tillegg gradvis opp forskjellige bonusar som er permanente. Som med alt anna i spelet må du drepe alt du ser, og dette er eigentleg ein grei måte å gjere ting på, sidan du stadig får oppdateringar om kor nært føreståande ein ny bonus er. Desse bonusane kan vere alt frå at spesialangrepa varer lengre, til at du gjer meir skade med dine respektive våpen. Du kan berre bruke to bonusar samtidig, så det er alltid lurt å tenkje seg litt om før ein hiv seg ut i krigen.

Her og der finn du ein kortvarig bonus som kan hjelpe stort.
Her og der finn du ein kortvarig bonus som kan hjelpe stort.

Kortvarig moro

Kill Team byr berre på fem nivå, og fleire av dei rundar du på under ein halvtime. Det er med andre ord ikkje så mykje å bite tenna sine i her. Ved sidan av kampanjen har du nokre utfordringar der alt handlar om å overleve så lenge som mogleg, og dette er artig nok ei lita stund. Heile spelet blir likevel sterkt prega av si korte levetid.

Dei fleste nivåa er ganske like, og nyttar same designfilosofi. Du spring gjennom korridorar som leiar til større rom som igjen leier til nye korridorar. På vegen opnar dører seg og slepp ut eit hav av orkar, og du skyt alt du er god for. Utviklarane har gjort ein akseptabel jobb i å dytte inn litt variasjon i desse strengt tatt ganske like områda. No og då må ein sprenge ting, finne ein spake for å opne dører, eller kanskje springe for harde livet medan ein prøvar å halde eit beist på avstand. Ein og annan gong får du i tillegg kjempe mot større fiendar, og spesielt kampen mot ein orkesjef i ein massiv robot er ganske bra gjort.

Men når du er ferdig er du ferdig. Det er vanskeleg å finne ein god grunn å gå tilbake, for det er berre så mange gongar du kan skyte dei same fiendane med dei same våpna. Det er riktig nok fire soldatar å velje mellom, men i praksis er det berre spesialangrepa som skil dei, og det er såleis ikkje så mykje å gå tilbake for. Å spele aleine er òg heilt meiningslaus sidan du berre endar opp som ein magnet for kuler, noko som skiftar mellom å vere livsfarleg og ekstremt irriterande.

Kill Team er eit spel for to, men berre om du inviterer nokon over. Hygga ein kan ha i sosialt lag skal ein ikkje kimse av, men det er litt pussig at utviklarane ikkje let oss spele over nett. Samtidig er det litt pussig at ein i eit spel der ein kan velje mellom fire soldatar, berre kan spele to samtidig. Kill Team kunne nok ha blitt mykje betre underhaldning om fire stykk kunne spele samtidig i staden for maksimalt to.

Enkle val før kvart nivå.
Enkle val før kvart nivå.

Konklusjon

Warhammer 40,000: Kill Team er kortvarig tidtrøyte og latar ikkje som om det er noko meir heller. Du får akkurat det du ber om: Mange hundre orkar som spring mot deg og fell mot kulene dine raskare enn dei får sagt eitt ord. Klart det er artig, det er nesten vanskeleg å lage ein stikkeskytar som ikkje underheld på eitt eller anna nivå, men det er samtidig ei ganske tom oppleving.

Du vil ikkje ha noko problem med å kome deg gjennom spelet – det varer berre i omlag tre timar – men det byr ikkje på nok moro til at du tek turen tilbake med det første heller. Kill Team baserer seg på solide og velbrukte mekanikkar vi har sett i veldig mange spel før, diverre klarar dei ikkje å tilføre noko eige som set det ut frå konkurransen i nemneverdig grad.

Det beste Kill Team har å by på er eigentleg sitt visuelle ytre, men sidan dette strengt tatt er Warhammer-skaparane Games Workshop si forteneste, blir det ikkje akkurat eit stort pluss for utviklaren sin del.

Vis produkt

Vurdering

Warhammer 40,000: Kill Team

Warhammer 40,000: Kill Team X360 X360 5/10 PS3 Windows

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 13. juli 2011
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 16+
  • Utgiver: THQ
  • Utvikler: THQ

Beste priser

Warhammer 40,000: Kill Team PS3 PS3 X360 Windows

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 13. juli 2011
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 16+
  • Utgiver: THQ
  • Utvikler: THQ

Beste priser

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen