Warriors: Legends of Troy
Anmeldelse

Warriors: Legends of Troy

Plukk opp sverdet og gå til kamp mot ikoniske heltar i tidenes største drama.

Store forteljingar kan kome i mange forskjellige format. Det kan vere alt frå eventyr som har gått sin gang på folkemunne, til teikneseriar om predikantar som ber politifolk om å gjere stygge ting med seg sjølv. Verkemidla er mange, men ein ting er sikkert; du vil ikkje finne mange spel på listene over dei beste historiene nokon gong fortalt. Til det har nok favorittunderhaldninga vår ein veg å gå.

Det kanadiske dotterselskapet til Tecmo Koei har derimot bestemt seg for å ta ein annan vri, for i Warriors: Legends of Troy får vi servert den legendariske historia om Akilles og den Trojanske hest. Ei forteljing om korleis kjærleik og svik kan få heile sivilisasjonar til å gå til grunne.

Å lage spel av noko som allereie er eit meisterverk kan kanskje sjå ut som ein ganske dryg snarveg, men det er meir enn grunnpilarane som skal til for at ei historie skal engasjere. Historia må i tillegg vere godt fortalt med truverdige skildringar av dramatikken, og når alt kjem til alt, er det få spel i nyare tid der historia har engasjert meg berre brøkdelen så mykje av kva Legends of Troy har gjort.

Eg skal kløyve deg i to!
Eg skal kløyve deg i to!

Mytiske heltar

Warriors: Legends of Troy har sitt opphav frå Dynasty Warriors-serien, men vel likevel å bryte med pappaen sin på kritiske punkt. Spelet sin struktur bryt med det meste vi er vande med frå korleis eit spel fortel ei historie. I staden for å spele gjennom historia med ein krigar før du kanskje spelar gjennom historia frå ein annan vinkel med ein ny, har du ingen utkåra hovudperson i dette spelet. Kvart nivå blir presentert som eit eige kapittel, og kvart kapittel blir spelt med forskjellige heltar. Etter kvart som historia går sin gang vil du spele som dei same heltane fleire gongar, men berre der historia legg opp for det.

Du får ta del i historia frå alle sider av saka, og resultatet er eit spel som dreg deg inn i kva som skjer på ein veldig engasjerande måte. Du ser ikkje handlinga berre frå ein låst vinkel, og får difor ta del i andre synspunkt og verdiar. Dette er kanskje det beste utviklarane kunne ha gjort. Historia om Troja er dramatikk på sitt beste, der svik, brorskap og den eine tragedien etter den andre står for tur. Å fortelje alt dette berre ved å følje Akilles kunne raskt ribba oss for mange viktige element.

No er det heilt tydeleg at Legends of Troy ikkje er ein stor tittel med eit enormt budsjett, men historia blir likevel fortalt på ein solid måte, med flotte filmar som gjer det aller beste ut av den teknologien budsjettet tillet. Vi kjem ikkje så nær inn på kvar person at vi blir sterkt knytta til dei, men nært nok til at det er lett å bry seg om historia. Samtidig har utviklarane realisert det gamle grekenland på ein solid måte, med truverdige område, drakter og rustningar.

Det einaste problemet er eigentleg at historia går over omlag ti år, og midtvegs er det lett å dette av litt sidan den går fort fram og det er litt vanskeleg å få skikkeleg tak på kva som skjer, og ikkje minst kvifor. Ein sterk start og ei kanonbra avslutning gjer likevel opp for dette.

Denne karen viser inga nåde, og det kjem ikkje du til å gjere heller.
Denne karen viser inga nåde, og det kjem ikkje du til å gjere heller.

Den trauste krigar

Som sagt spelar du som fleire forskjellige krigarar der vi kjem innom alt frå Akilles til Paris og ei slagkraftig kvinne som faktisk ser ut som om ho kan banke deg opp utan at ho blir mindre vakker av den grunn. Å heile tida skifte krigar har sine naturlege konsekvensar, sjølv om dei ikkje nødvendigvis er negative. Vi får ein konstant variasjon, noko som er veldig positivt med tanke på den monotonien nivådesignet av og til kan skape. Dette er som sagt eit barn av Dynasty Warriors, og det betyr einslege krigarar mot hundrevis av fiendar. Du går sjeldan til kamp mot ein og ein fiende, men i staden flokkar av fiendar som fell mot sverdet ditt som hustak ei stormfull vestlandsnatt.

Ved å konstant variere kven du spelar som får du alltid ein fersk vinkel på historia. Nokre gongar spring du rundt med sverd og skjold, medan du andre gongar brukar berre knyttnevane eller kanskje ein boge. Det sørgjer for at du vil finne nye måtar å spele på stort sett gjennom heile spelet, sjølv om kontrollsystemet alltid er det same.

I all hovudsak har du fire viktige funksjonar i kamp. Du har svake angrep, du har sterke angrep som kan knuse eit skjold om du står på litt. Du kan dytte til ein fiende i håp om å svimeslå han, eller du kan kaste deg ut i vilt og livsfarleg raseri når du har amputert livet til tilstrekkeleg mange fiendar. Du kan vere så mykje eller så lite kreativ med handa du er tildelt som du vil, og tidvis når det faktisk heilt fantastiske høgder. Kampsystemet i seg sjølv er verken originalt eller spesielt interessant utover kva vi har sett frå sjangeren før, men i tillegg til basisfunksjonane har utviklarane lagt til to element som verkeleg friskar opp kampane.

Om du serverer nok deng til ein fiende, eller kanskje spring opp til nokon bakfrå, vil du kunne utføre eit avslutningsangrep. Desse varierer både i form og kontekst og kan vere alt frå å plante eit sverd i nakkeregionen på ein fiende, til Akilles sitt ikoniske hopp kjent frå Troja-filmen til Brad Pitt. Eitt enkelt knapptrykk her og der i løpet av ein kamp er eigentleg alt som skal til for at du får ei merkbar kjensle av å vere eit overmenneske. Dette bleiknar likevel i samanlikning med det som definitivt er spelets kulaste funksjon. Når fiendane døyr kan du plukke opp våpna deira, og sjølv om du kan kjempe med dei, ligg all moroa i å kaste dei etter ein fiende som spring vekk i panikk. Eventuelt kan du kaste eit sverd på kapteinen i ei lita samling med krigarar for å øydeleggje moralen deira litt. Det er ein veldig enkel funksjon, men utteljinga er like herleg kvar gong.

Er det ikkje alltid kjærleiken som utløyser dei største tragediene?
Er det ikkje alltid kjærleiken som utløyser dei største tragediene?

Så langt, alt vel

Warriors: Legends of Troy har eigentleg berre eitt alvorleg problem. Sjølv om kampsystemet har nokre tøffe element, er det likevel temmeleg tradisjonelt og byr ikkje på mykje nytt når alt kjem til alt. Dette sørgjer for at dei stadige kampane etter kvart blir ganske einsformige. Dette er ikkje nødvendigvis kampsystemet sin feil, men først og fremst nivådesignet som i aller høgste grad er variabelt. Veldig ofte spring du berr langs vegar der du møter den eine flokken med fiendar etter den andre. Du kjempar mot nokre kapteinar og generalar her og der, men stort sett gjer du akkurat det same heile tida.

I motsetning til Dynasty Warriors-serien har du til dømes ingen strategiske mål å ta kontroll over, og du endar opp med å gjere berre ein ting heile spelet gjennom. Det kan kortast ned til eit slag om nummer, og hadde det ikkje vore for den sterke historia eller variasjonen som kjem gjennom dei forskjellige krigarane, er eg stygt redd dette spelet hadde hatt mykje mindre å by på. Spelet glir her og der over i å bli hjernedaud underhaldning der du endar opp i ei «sone» og er eitt med sverdet. Det er triveleg det, men eg skulle gjerne sett at utviklarane hadde utvida konseptet litt. Kanskje med noko så drastisk som sekvensar der du ikkje må drepe eit dusin fiendar om gongen.

Det næraste vi kjem er nokre sjefskampar som stort sett byr på solide utfordringar. Dei varierer mellom å møte ein rival til eit saleg slagsmål, eller kanskje ein kamp mot mytologiske beist som ein griff og ein cyclops. Dei fleste sjefskampane blir avslutta med «Quick Time Event»-knappesekvensar, og desse er heldigvis tilgjevande nok til at du ikkje bør ha problem med å kome gjennom dei. Nokre av dei er tafatte, men spesielt kampen mot griffen er veldig tøff, og utviklarane har i tillegg gjort ein smart jobb i å dytte inn små knappesekvensar der det gjev meining for å få fram dramatikken.

I motsetning til Dynaty Warriors-serien bør det nemnast at spelet kanskje har litt lite innhald i forhold til kva vi er vande med. Når du har spelt gjennom historia er spelet over, og dine val er å spele gjennom den fleire gongar på høgre vanskegrader, eller eventuelt ta del i nokre utfordringar der alt handlar om å drepe mest mogleg under visse restriksjonar.

Du fortel ikkje denne dama at storleiken ikkje tel.
Du fortel ikkje denne dama at storleiken ikkje tel.

Konklusjon

Dynasty Warriors-serien har alltid hatt ei kraftig polariserande effekt. Anten likar du spela, eller så hatar du dei. Det ser ikkje ut til å vere mange som ligg midt i mellom. Personleg er eg stor fan, og seier aldri nei takk til bli herren over slagmarka.

Warriors: Legends of Troy har mykje til felles med Dynasty Warriors-spela, men skil seg likevel ut. Det har eit stort fokus på historie, og dette er noko spelet tener stort på. Spelmekanikkane i seg sjølv blir aldri like solide som dei vi finn i Dynasty Warriors, men spelet har til gjengjeld nokre veldig gode idear eg gjerne skulle sett Tecmo Koei ta med seg vidare.

Dette er eigentleg det perfekte søndagsspelet. Du får ei flott gjenforteljing av ei av tidenes mest dramatiske historier, og mellom filmsekvensane får du hakke laus på både grekarar og trojanarar med eit solid kampsystem som tidvis glimtar til stort der det verkeleg set deg inn i skoa til ein av fleire mektige krigarar.

Eg hadde likevel ikkje sagt nei takk til litt meir variasjon i kva du faktisk gjer i spelet, sidan dette raskt kunne blitt mykje betre. Det blir litt monotont no og då, men jamt over er eg absolutt nøgd med mi reise til det antikke Hellas.

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Warriors: Legends of Troy

Warriors: Legends of Troy X360 X360 7/10 PS3 7/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 4. mars 2011
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Tecmo Koei
  • Utvikler: KOEI

Beste priser

Leserne mener

Ingen brukererfaringer

Skriv din erfaring

Warriors: Legends of Troy PS3 PS3 7/10 X360 7/10

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 4. mars 2011
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Tecmo Koei
  • Utvikler: KOEI

Beste priser

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen