Anmeldelse

World of Final Fantasy

Sukkersøt hyllest

Serien som snart har levd i ein mannsalder set ting i perspektiv.

Square Enix

Det eg lurer på mest av alt, er kven dette spelet eigentleg er laga for. World of Final Fantasy er eit veldig merkeleg spel. På den eine sida frir det så mykje til gamle Final Fantasy-fans, som no lett kan vere godt oppe i åra, at ein nesten kan bli matt. På den andre er det presentert på ein måte som heilt tydeleg er retta mot eit temmeleg ungt publikum. Det er ei interessekonflikt her som spelet aldri heilt løyser.

World of Final Fantasy er eit nydeleg spel, la det ikkje vere nokon tvil om det. Stilen er lettbeint og enkel, men er presentert på ein måte som får heile verda til å hoppe ut av skjermen. Kameravinklar er nøye planlagt for å vise deg best mogleg kor vakkert det heile er, og den enorme kreativiteten som ligg bak alle monstera i spelet er kort og godt imponerande.

Det som ikkje er like imponerande er desse deformerte chibi-figurane som har infisert spelet som eit mannevondt virus. Om du er fan av chibi-figurar kjem du sikkert til å kose deg, men for min del litt for mykje av det gode. Når ein ser på den vanvittige variasjonen i alle fiendane du kan møte på, er alle menneska og Final Fantasy-heltane spelet er proppa fullt av til samanlikning ganske kjipe. Dei har meir til felles med ei samling LEGO-figurar, enn med dei uhyre dyktige folka som i si tid skapte dei.

Det er vakkert, det skal det ha.
Øystein Furevik/Gamer.no

Trass dette er World of Final Fantasy ein fest for auga. Eg kunne ha vandra rundt i denne verda til tida stod stille. Eg skulle derimot helst ha gjort det aleine, i staden for saman med eit ulideleg søskenpar, og deira enda meir ufordragelege kompanjong som har ein the-uvane med å plassere the-ordet «the» ørten the-gangar i kvar the-setning.

Det er så ufordrageleg lite kreativt at ein kan få makk. Nokon på designteamet må ha hatt ein ekstremt god dag, for du skal vere i temmeleg godt humør for å få det føre deg at dette er ein god idé. Ikkje at det blir betre med søskenparet som styrer historia. Vi finn den irriterande dumme fysaken Lann som berre dytte in «dude» og «what the honk»(!?) i setningane sine for å poengtere kva han vil, medan den berre hakket betre systera hans Reynn stort sett brukar tida si på å poengere kor dum Lann er.

Det er ikkje morosamt. Ikkje litt ein gong. Ikkje berre fordi konseptet er oppbrukt og utan gneist, men fordi dialogane høyrest ut som om dei er forfatta av ein feilplassert utplasseringselev som eigentleg ville inn på tømrarlinja fordi han var lei av å bruke livet bak eit skrivebord. Som sagt tidlegare, det er ei interessekonflikt her. Dei som finn slik dialog morosam er for det meste ganske unge. Så unge at sjansen for at dei veit kven Squall, Cloud og Bartz er, er ganske liten.

Roleg, det er meir

Historia i World of Final Fantasy er ein ganske stor nedtur, men det er ikkje berre historia i seg sjølv som er eit problem her. Skodespelet må ta svært mykje av skulda. Å skru av stemmene gjer alt betre, det same skjer om ein skiftar talespråk til japansk. Så kva er problemet eigentleg?

Det er sørgjeleg fantasilaust og generisk. Vi får den eine stemma etter den andre utan særpreg. Stemmer som glir over i kvarandre og alle høyrest ut som om dei er plukka ut av billege teiknefilmar frå Disney-kanalen. Det er ikkje det at dei gjer ein dårleg jobb, men castinga er heilt utan inspirasjon. Meir enn ein gong har tankane mine glidd over til fabelaktige Xenoblade Chronicles som med sine britiske skodespelarar skapte noko heilt unikt. Det er det vi treng her. Noko unikt. Noko anna enn ei lang liste preglause stemmer som uansett kor mykje dei prøvar, ikkje klarar å få deg til å bry deg.

Det finnest derimot unntak, og når det først dukkar opp ei stemme som stikk seg litt ut på ein positiv måte, merkast det svært godt. World of Final Fantasy er eit spel så fullt av innhald at ein kan bli matt, og ein av dei beste delane med spelet er små sekvensar sentrert rundt kjende Final Fantasy-figurar. Snodig nok kan det sjå ut til at det er først her skodespelarane har fått lov til å leike seg. Dette er ikkje meir enn nokre filmsekvensar med eit par kampar her og der, men dei er fulle av sjarme, og kan trekke fram både smil og latter.

Det same skjer når historia vel å rette fokuset over på Final Fantasy-heltar Lann og Reynn møter på, i staden for å dvele så lenge ved søskenparet. Final Fantasy-heltane vi møter har lange historier bak seg. Vi kjenner dei frå før, og såleis får det dei seier og gjer meir meining. Historia får ein umiddelbar oppsving når slike ting skjer, sjølv om gamle heltar er redusert til blankpolerte chibi-figurar.

World of Final Fantasy tek deg til ei magisk verd.
Øystein Furevik/Gamer.no

Tilpassa for alle

Kva som er poenget bak reisa til Lann og Reynn er ikkje så frykteleg viktig. Det viktige er kva du gjer på den. På sett og vis er World of Final Fantasy eit erketradisjonelt japansk rollespel. Vi spring rundt i fargerike område, går inn og ut av soner, og møter mange fiendar på vegen. Kampane skjer på tilfeldige tidspunkt, og er som seg hør og bør turbaserte.

For å tilretteleggje for både nye (og ikkje minst unge) spelarar, samt erfarne Final Fantasy-ekspertar, har utviklarane gjort tilsynelatande alt dei kunne tenkje på. Vi får to ulike menysystem som du kan skifte mellom ved eit enkelt knappetrykk. Standardversjonen gjev oss eit lettfatteleg system der du ved å dytte på analogstikka får tilgang på ulike angrep og eigenskapar. Den andre gjev oss eit menysystem inspirert av gamle Final Fantasy-spel, og let deg velje kva du vil gjere frå ei liste.

I tillegg kan du velje mellom tre måtar spelet skal styre farten i spelet på. World of Final Fantasy nyttar ein variant av det gamle ATB (active time battle)-systemet, og let deg velje om du vil tida skal stoppe opp kvar gong det er din tur, om den berre skal stoppe om du er inne i menyar, eller om du vil den skal tikke og gå uavhengig av kva du gjer. Alle alternativ er like gyldige, og det heile kjem an på smak og behag.

Det som ikkje er like kult er kor tregt det heile her. Dei første kampane sniglar seg av garde, heilt til du skrur kamptempoet opp på maks, og held inne spoleknappen som får alt til å gå fortare.

For lett, for lett, kvifor så lett?

Kampane er tradisjonelle og turbaserte.
Øystein Furevik/Gamer.no

World of Final Fantasys kampsystem har eit svært stort problem, og det er eit problem som har gjort seg stadig meir gjeldande i japanske rollespel dei siste åra. Spelet finnest ikkje utfordrande. Det einaste som skil ein «vanskeleg» kamp frå ein vanleg kamp, er at du brukar lengre tid på å kome gjennom den. Alt for ofte har ein fiende gått av med døden etter eit heilt vanleg fysisk angrep. Det er null strategi involvert i slikt. Du treng sjeldan magi og spesialangrep, og å bruke slikt gjer ikkje stort anna enn å forlenge tida du brukar på den aktuelle kampen, sidan det går med nokre sekund på å finne fram det aktuelle angrepet.

No tenkjer du kanskje at dette er ikkje uvanleg. Alle Final Fantasy-spel blir lette etter ei stund. Joda, det kan stemme, men då har det gjerne vore løn for strevet sidan du har sanka erfaringspoeng i jakt på kraftigare heltar. Slik er det ikkje her. Du blir sterkare enn alt rundt deg ved å berre vandre gjennom området frå inngang til utgang nøyaktig slik karta legg opp til det.

Det er her World of Final Fantasys fantastiske monstersamlesystem kjem inn for å redde dagen. Dette er ikkje eit typisk spel der du har nokre heltar med deg frå start til slutt. Langt der ifrå. I World of Final Fantasy er mesteparten av poenget at du skal fange fiendar du møter i kamp, for å byggje opp ei stadig større samling av Final Fantasy-skapningar du sjølv kan bruke når du må krige.

Du vil møte alt frå Chocobo-fuglar til Mimic-kister og massive Behemothar. Alle kan fangast og byggjast opp etter kvart som du sankar inn erfaringspoeng. Det er eit genialt system som utan tvil hentar mykje inspirasjon frå Pokémon, men spelet gjer svært mykje Pokémon aldri har tenkt på.

Kunsten å stable

I staden for å ta med deg ein og ein krigar i kamp, stablar du dei i høgda, og kvar stabel kan innehalde tre krigarar. Heile opplegget er eigentleg litt teit, men det byr på ekstremt mykje moro i korleis du kan setje saman stablane dine. Dei mange skapningane har alle ulike eigenskapar og angrep, og du vil låse opp fleire etter kvart som dei går opp i erfaringsnivå. Ved å setje saman forskjellige figurar gjev du Lann og Reynn nye eigenskapar dei kan bruke i kamp.

Og premien for beste stemmeksodespelar 2017 går til Cactuar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Om ein skapning har tordenmagi, medan den andre har ismagi, vil du få tilgang på begge desse i ein kampsituasjon. Om begge skapningane har tordenmagi, vil du ende opp med kraftigare tordenmagi. Det er eit system som tryglar og ber om eksperimentering, og det er i di beste interesse å gjere nettopp det. Om du berre tviheld på dei same stablane heile tida, blir spelet raskt keisamt. Mykje av grunnen til dette er at stabelen din etter kvart har eit så høgt erfaringsnivå at du er mykje sterkare enn alt rundt deg. Ved å skifte ut kva som er i stabelen din ofte, blir utfordringa større sidan du brukar svakare skapningar.

Å bevisst gjere seg sjølv svakare høyrest kanskje noko tåpeleg ut, men akkurat her har det sin verdi. Ved å heile tida putte inn nye skapningar får du kose deg med å byggje dei opp, velje nye eigenskapar og ikkje minst finne ut kva slags magi og eigenskapar du kan ende opp med ved å skru saman ulike stablar. Det er i slike stunder spelet viser seg frå sine beste sider, og enkle kampar sluttar å bli ein irritasjon, og blir i staden ein fordel du kan bruke medan du byggjer opp sankar inn nye skapningar du kan byggje opp.

Det er ei endelaus mølle som utfører det kunststykke å aldri bli gammal. Kvart nye beist du fangar byr på spaning gjennom kva nye kombinasjonar du kan få til. Eit lite kryp kan utviklast til å bli eit massivt monster, og du kjem heile tida over noko nytt.

Og det er dette nye som endar opp med å sementere kva World of Final Fantasy er, trass sine feiltrinn. Det er noko nytt å finne uansett kvar du er. Eit nytt monster, eit massivt beist som brått byr på ei stor utfordring, Final Fantasy-legender som dukkar opp og peikar deg vidare, eller kan manast fram i kamp når du treng noko ekstra. Den nydelege musikken, og moglegheita for å sjølv velje kva Final Fantasy-spel kampmusikken skal hente sin inspirasjon frå. Det er små mange små detaljar at det er umogleg å nemne alt.

World of Final Fantasy svulmar over av små frieri til ein driven Final Fantasy-veteran, og i lengda er det vanskeleg å ikkje bli betatt. Sjølv om det er mykje som gjerne kunne ha vore betre her, klarar spelet likevel å presse på deg ynskjet om å halde fram.

Konklusjon

Ser det kjent ut?
Øystein Furevik/Gamer.no

World of Final Fantasy er eit uhyre vanskeleg spel å seie noko konkret om. Det sprikar i alle retningar. Historia er ofte platt og uinteressant, hovudpersonane er slitsame karikaturar av gamle stereotypar, og utfordringane kan vere sjeldne. Samstundes glimtar spelet til med skummelt sjarmerande sekvensar, og små oppturar i historia når ein eller anna kjær Final Fantasy-figur dukkar opp og gjer noko typisk for akkurat den personen.

Spelet er den eine stunda for lett, men den neste akkurat lett nok til at du ikkje brukar for lang tid på å byggje opp nye skapningar du har fanga. Jamt over er World of Final Fantasy fult av negative aspekt som alltid kjem med eit «men» attåt.

Om ei god historie eller solide utfordringar er viktig for deg, er ikkje dette spelet for deg. Om det ikkje er så viktig med utfordringa, og du elskar å samle og å oppdage, er derimot World of Final Fantasy eit kunststykke. Godt vaksne folk vil nok finne ei solid liste med ankepunkt, men om du vil introdusere junior for Final Fantasys-serien, kan du knapt finne eit betre alternativ.

World of Final Fantasy vil garantert bli både elska og hata, men for min del vinn det på sjarme. Spelet er berre så utruleg koseleg. Mykje skjer på autopilot, men eg elskar å vandre rundt i desse fargerike områda, med fin og nostalgisk musikken i øyra, medan eg leitar etter nye monster til samlinga mi.

7
/10
World Of Final Fantasy
Vil bli både elska og hata, men for min del vinn det på sjarme

Siste fra forsiden