Anmeldelse

Zombie Apocalypse: Never Die Alone

Eit nytt firkløver møter nye zombier, men ingen overraskingar.

Eg er mett. Forferdeleg mett. Eg har ete så mykje at eg ikkje heilt veit mi arme råd. Du veit den kjensla du får når du har stappa i deg så mykje at det kjennest som om magesekken blir strekt i alle retningar? Kjensla der berre tanken på enda eit stykke med kva det no måtte vere slags langsamt sjølvmord som ligg framfor deg på bordet gjer deg kvalm? Det er i alle fall slik det kjennest i kroppen min når eg no sit her og skal skrive om enda eit zombie-spel. Det er ikkje det at eg nødvendigvis er lei zombier – sjølv om eg eigentleg er det – men eg går litt tom for kreativitet og slik når det kjem til å skrive om dei.

Ein kan berre repetere seg sjølv så og så mange gongar før det stygge hakket i plata verkeleg byrjar å gnage på eit nivå som gjer heile greia ganske uhaldbar. Køyr like godt ein finger inn mellom ribbebeina mine og trykk på utan teikn til å roe ned, og eg hadde sannsynlegvis hatt det betre.

Men nok om skrivesperra mi, her skal det slaktast zombier.

Som bananfluge rundt komposten.
Som bananfluge rundt komposten.

Kontinuerleg utvikling

Zombie Apocalypse: Never Die Alone bryt med forgjengaren ganske fundamentalt. Det er framleis ein stikkeskytar der du fører karakteren din med ei stikke og navigerer og skyt våpenet med den andre, men heile strukturen på spelet har fått seg ei totalrenovering. Borte er dei gamle statiske nivåa der du innanfor ei godt definert sone skulle overleve inntil alle zombiene var døde før du fekk gå vidare til neste nivå.

No spelar du gjennom ti hakket meir organiske nivå som fører deg gjennom meir levande område der zombier i forskjellige storleikar og fasongar kjem mot deg etter kvart som du reiser gjennom denne halvt postapokalyptiske verda. På mange måtar er det mykje betre. Du får ei betre kjensle av progresjon, og du deltek i eventyret i mykje større grad enn i det første spelet. Du sit på sett og vis igjen med noko etter at du har leia overlevande gjennom dette lettare karikerte helvete, og redda nokre stakkars kvinner i naud samtidig.

Utgangspunktet er derimot mykje det same som før. I likskap med Left 4 Dead-serien møter vi fire overlevande som må kome seg til eit mål som på ein eller annan måte fører dei i tryggleik. På vegen dit blir det mykje tullpreik og tåpeleg humor, men der denne biten var krampeaktig dårleg i Zombie Apocalypse 1 fungerer den tidvis strålande i toaren.

Hovudgrunnen til dette er at vi no faktisk har med eit utvikla persongalleri å gjere. Vi møter fire heilt ulike personar som samtidig har heilt ulike eigenskapar å bidra med i kamp. Den mest umiddelbart handterlege er gamer-nerden Jeffrey som trur heile greia er eit spel og kallar zombier n00bs og gjerne kommenterer med at det er god grafikk på eksplosjonane. Nestemann ut er den ultrabritiske rapstjerna Def Money som tidvis brukar meir energi på å prøve å forstå Jeffrey enn på å drepe zombier, og til slutt har vi ein prest som pøvar å halde motivasjonen oppe, samt den obligatoriske baben som utviklar våpen for militæret.

Kjemien er faktisk ganske god innad i denne gjengen, og kveruleringa dei i mellom er svært ofte alt som skal til for å løfte monotonien som lett oppstår til noko enda meir underhaldande.

Disco Inferno!
Disco Inferno!

Større, meire, betre

I det store og det heile har individualitet fått ei mykje større rolle i Zombie Apocalypse: Never Die Alone. Der det første spelet presenterte ein gjeng med heilt identiske personar som berre såg forskjellige ut, har alle karakterane i Never Die Alone ulike våpen og spesialangrep. Både SMG, pumphagle, rifle med lasersikte, og to pistolar samtidig står til din disposisjon, og dei er alle så pass ulike at det er lett å utvikle favorittar. Kvar karakter har i tillegg to ekstra eigenskapar i Never Die Alone, i motsetning til den eine eksplosive bamsen du kunne kaste ut i einaren.

Det eine angrepet er som med bamsen eit objekt du kastar ut, og kvar karakter har sitt eige våpen, om det så er ein bamse eller ein gammal stereo som pumpar ut dansemusikk frå 80-talet. Flittig bruk av desse «våpna» blir raskt veldig viktig, og etter kvart som du spelar får du samle inn fleire slik at du kan kaste dei etter kvarandre om behovet skulle vere der.

Kvar karakter har i tillegg eit spesialangrep der du er mykje meir aktiv i lemlestinga av vandrande lik. Desse varierer mellom å skyte kraftigare kuler, denge folk med i cricket-kølle eller mane fram ein heilag ring som regenererer helsa til heile gruppa.

Samanlagt blir alle desse nye elementa ekstremt viktige i spelet. Du brukar det meste av tida på skyte rundt deg med karakteren din sitt utvalde våpen, men det blir samtidig ofte så mange zombier om gangen at strategisk bruk av spesialkreftene blir heilt essensielt. Akkurat her kjem eit ekstremt viktig element av spelet inn i biletet. Det herskar liten til ingen tvil om at dette er eit spel designa for fire spelarar, noko som blir enda tydelegare av at sjølv om du spelar aleine vil du alltid ha tre datastyrte kompanjongar ved di side.

Utfordringa, om vi kan bruke slike ord, kjem om du vel å spele aleine. Kritiske situasjonar der du ikkje lenger kjemper utelukkande mot trege zombier, men i tillegg møter knivkastande husmødrer og eit par gigantar kan oppstå utan forvarsel. Med fire spelarar har du fire hjernar som alle kan reagere kjapt og slenge ut nokre spesialangrep for å prøve å redde dagen. Spelar du aleine står du heil aleine om å bla deg gjennom kvar og ein av karakterane for å bruke angrepa sidan dei aldri gjer slikt på eige initiativ.

På venstre side ser du klart og tydeleg når alle spesialangrep er klare.
På venstre side ser du klart og tydeleg når alle spesialangrep er klare.

Dyster tvang

At spel designa for fleire spelarar ikkje fungerer heilt optimalt når ein spelar aleine er ikkje noko nytt. Ei heller er det eit krav. Om eit spel er meint for fleire, så er det meint for fleire. I Zombie Apocalypse: Never Die Alone får vi derimot ganske sprikande signal. Spelet er uhorveleg mykje betre om du spelar saman med andre, men du er nøydt til å spele gjennom spelet aleine for å låse opp overlevingsmodusen.

Overlevingsmodusen er på si side det du vil ha om du ikkje er heilt nøgd med den meir dynamiske nivåstrukturen i Zombie Apocalypse: Never Die Alone. Her får vi kjempe mot mengder av zombier av utvalte store område frå kampanjen, og dette fungerer på nøyaktig same måte som Zombie Apocalypse 1 sidan du skal kjempe deg gjennom fleire dagar. Ein svært kjip ting med denne modusen er derimot at det nye oppgraderingssystemet som gjer resten av spelet ganske spenstig er slått av akkurat her.

Når du spelar gjennom kampanjen vil zombiene med jamne mellomrom leggje frå seg pengar når dei døyr for andre og siste gong. Desse pengane kan du mellom nivåa bruke til å kjøpe deg betre eigenskapar i alt frå fart til våpen og spesialangrep. Du må riktig nok bruke dei forskjellige eigenskapane før du får oppgradere, men det er likevel eit triveleg system som let deg spesialisere deg litt innanfor diverse område. Kvifor dette systemet er fjerna i overlevingsmodusen er vanskeleg å forstå, spesielt med tanke på at zombiene framleis sleng rundt seg med pengar.

Når ein tenkjer over at kampanjen kan rundast aleine på under to timar er det ganske skuffande at ein ikkje får lov til å bruke dette systemet i ein modus som eksisterer primært for å hale ut levetida.

Er du for treg kan dei sivile stakkarane døy.
Er du for treg kan dei sivile stakkarane døy.

Konklusjon

Du veit eigentleg kva du får frå Zombie Apocalypse: Never Die Alone. Det er meir av den same stikkeskytande massakren du fekk i einaren, og det er eigentleg heilt greit. Slike spel har ein unekteleg sjarme, og Zombie Apocalypse innfrir utan problem den stunda det varer. Med fire vidt forskjellige karakterar som alle har eigne våpen og spesialangrep er det ikkje noko problem å kose seg ei stund. Ideelt saman med tre andre spelarar.

Denne stunda varer derimot ikkje så lenge. Zombie Apocalypse: Never Die Alone er eit veldig kort spel, til og med for eit Arcade-spel å reikne. Sjølv om det er kurant underhaldning medan det varer, byr på humor, artige våpen og ein akseptabel slutt, er det litt vanskeleg å ikkje føle seg litt snurt når det heile etter kort tid er over.

Ein halvgjort overlevingsmodus er strengt tatt ikkje nok til å gjere mykje med det, og Zombie Apocalypse: Never Die Alone endar difor raskt opp som eit spel du spelar ein kveld, og har nok med det.

Zombie Apocalypse: Never Die Alone er i sal via PlayStation Network og Xbox Live Arcade.

Vurdering

Zombie Apocalypse: Never Die Alone

Zombie Apocalypse: Never Die Alone X360 X360 6/10 PS3

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 26. oktober 2011
  • Plattform: Xbox 360
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Konami
  • Utvikler: Backbone Entertainment

Beste priser

Zombie Apocalypse: Never Die Alone PS3 PS3 X360

Spesifikasjoner

  • Lanseringsdato: 26. oktober 2011
  • Plattform: PlayStation 3
  • Sjanger: Action
  • PEGI: 18+
  • Utgiver: Konami
  • Utvikler: Backbone Entertainment

Beste priser

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Dette gjør brukerne nå

Alle brukere
Til toppen