Arbeidet med Lords of the Fallen 2 er i gang

Men først kjem Dark Souls-konkurrenten til mobil.

Med jamt over gode kritikkar og solide salstal har det utfordrande rollespelet Lords of the Fallen blitt ein suksess for tyske Deck 13. Spelet som blei produsert av den tidlegare The Witcher-produsenten Tomasz Gop henta mykje inspirasjon frå From Softwares ekstremt utfordrande Dark Souls-serie, og bydde på nådelause utfordringar i eit mørkt fantasy-univers.

No har Tomasz Gop avslørt at arbeidet med ein oppfølgjar er i gong. Sidan Lords of the Fallen blei lansert så nyleg som i slutten av oktober er oppfølgjaren naturleg nok i det svært tidlege konseptstadiet, og konkrete detaljar finnest ikkje så langt.

Ved sidan av å pønske ut oppfølgjaren har Deck 13 samstundes avslørt at Lords of the Fallen vil kome til iOS- og Android-plattformer neste år. Om dette vil bli ei direkte portering av spelet, eller eit nytt spel i same univers har ikkje utviklarane vore tydelege på.

Forfriskande vanskeleg

Lords of the Fallen viser ingen nåde.
Lords of the Fallen viser ingen nåde.

Då Lords of the Fallen dukka opp i reaksjonen blei vi glade for å møte ei solid utfordring i ei verd full av ganske enkle spel. Det var på ingen måte eit problemfritt spel, men den gode kjensla av å meistre utfordringane enda opp gjere Lords of the Fallen til eit minneverdig eventyr:

«Heldigvis er spelet, i det store og heile, meir rettferdig enn det er urettferdig. Når Lords of the Fallen lar deg kjempe mot invasjonen av store og små demonar på riktige premissar er det ofte ein fryd å spele gjennom. Gleda av å meistre det gjenkjennelege, men likevel utfordrande kamp- og magissystemet, overgår frustrasjonen over å døy mykje og hardt. I ei tid der mange utviklarar ikkje tør å sette spelaren på prøve er det fint at nokon vågar.»

Det er ikkje lenge til vi får fleire brutale utfordringar å bryne oss på. Til våren blir From Softwares viktoriansk-inspirierte rollespel Bloodborne lansert eksklusivt på PlayStation 4.

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen