Anmeldelse

Area 51

Atter ein gong er det du som må ordne opp i rotet på Area 51. Skal desse forskarane aldri lære?

Side 1
Side 2

Dårlege serverar
Om du skulle gå lei av Area 51, eller ikkje får nok, er det også ein fleirspelar-modus du kan bryne deg på. Det ein raskt innser, er at det er vanvittig moro dei første gongane, før ein brått går lei. Det er fleire grunnar til dette. For det første er serverane forferdeleg ustabile, og kastar deg gjerne ut av mange av spela dine. I tillegg er ikkje alltid designen på bretta av den mest gjennomtenkte naturen. Eg har opptil fleire gongar erfart at to lag aldri finn kvarandre, sjølv om det er åtte spelarar på kvar side. Om det ikkje er eit godt teikn på at brettet kanskje burde ha vore redesigna, veit ikkje eg. Dette medfører også sjølvsagt at ein blir lei. Du spelar ikkje "deathmatch" for å springe rundt i fleire minutt i eit vagt håp om å få litt action.

Alt er ikkje like ille. Det fungerar ganske bra på mindre brett der kampane blir konsentrerte. Det er også ein litt artig infeksjonsmodus, der du skal unngå å bli mutant. Utgongspunktet er at ein av spelarane er mutant, og skal smitte alle dei andre. Etter kvart bilr fleire og fleire av spelarane om til mutantar, før det er ingen menneske igjen, og runda er over. Når vi snakkar om runder, det er ofte litt for mange av dei i Area 51. Kampane blir ofte unødvendig lange, noko som godt kan vere del i at det ikkje er nokon quickgame-funksjon. Eit resultat av dette blir sjølvsagt at du kanskje endar opp i kampar der ein eller anna tulling har bestemt at kvar runde skal vare i tredve minutt.

Heldigvis ser det bra ut, om vi ekskluderar PC-versjonen. På Playstation 2 framstår Area 51 som eit fargerikt og pent spel. Spesielt er røyk og lyseffektene bra, noko som for så vidt også gjeld PC-versjonen. Problemet med PC-versjonen er at spelet eigentleg ikkje ser noko spesielt betre ut enn på PlayStation 2. Du kan gjere frykteleg lite for å skru opp grafikken, og Area 51 endar raskt opp som eit ganske flatt spel. Redninga kjem i form av god design, og spelet har sine augeblikk. Spesielt må du halde auga oppe for nokre grå skapningar eit stykke ut i spelet. Dessverre, får ein sei, er ikkje alt like bra. Mutantane ser forferdelege ut. Dei ser ut som kva du vil finne i søppelbøtta til ein treåring som gjerne vil lære seg å teikne. Definitivt ikkje positivt.

Area 51 prøvar å skape stemning med litt mørk og dyster electronica. Det fungerar sånn passe. Sannsynlegvis hadde det passa litt betre om dei hadde bytta ut alt saman. Rytmane blir ofte heilt feil, og bygg på ingen måte opp om det som faktisk skjer i spelet. Når du går gjennom ei mørk gruvesjakt, blir det berre feil med klubbmusikk i høgt tempo. Powers Boothe gjer ein god jobb som majoren, og Marilyn Manson høyrest ut som seg sjølv, men det er hovudpersonen sjølv som er problemet. Du blir lei av å høyre på gode gamle David, og du får gjerne lyst til å stappe ein sko i kjeften på han, om det kunne få han til å vere stille. Makan til syting. Lydeffektane og ropa frå soldatar, er gjort veldig bra, og hjelper deg med å gløyme David duchovney ei stund.

Konklusjon
Area 51 er eit enkelt og greit spel for deg som ikkje stiller for store krav til skytespela dine. Det har sine små idèar, men ikkje noko som vil revolusjonere noko som helst. Det byrjar veldig bra, og held seg slik ei stund, før det sakte dalar nedover. Ikkje at det blir direkte dårleg, men det blir veldig likt alt for mykje. Trass dette skal det godt gjerast å ikkje kunne ha det moro med Area 51. Det er kanskje eit veldig typisk skytespel, men det har lært frå dei beste, og gjer ein god imitasjon. For litt god gamaldags action, er Area 51 eit godt val, men om du er på jakt etter noko du ikkje har prøvd før, bør du leite ein anna stad.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden