ArmA-utviklarar ute av fengsel

Etter fire månader bak murane er tsjekkarane på veg heim.

I september kunne vi fortelje at to utviklarar frå den tsjekkiske utviklaren Bohemia Interactive hadde blitt arrestert i Hellas. Ivan Buchta og Martin Pezlar blei anklaga for spionasje etter å ha filma millitære installasjonar på øya Lemnos. Bohemia hevda på si side at utviklarane berre var på ferie i landet, og utelukkande hadde filma på offentlege område på Lemnos.

Bohemia sitt komande ArmA 3 utspelar seg på nettopp denne øya, og Buchta og Pezlar har blitt skulda for å drive spionasje då dei filma dei militære installasjonane. Dette har Bohemia sjølv nekta for, sidan grunnarbeidet for spelet allereie er ferdig, og utviklarane ikkje gjorde noko utover det andre turistar gjer. Øya i spelet er samtidig mindre enn den verkelege øya, og inkluderer ingen av dei same militære installasjonane.

Arrestasjonen har fått mykje merksemd, og den tsjekkiske presidenten blei sjølv engasjert i saka og opna dialog med den greske presidenten for å finne ei løysing.

Etter fire lange månader kan det no sjå ut til at konflikta er på veg til å finne ein positiv slutt for dei to tsjekkarane. Via VG247 får vi høyre at Buchta og Pezlar no er ute av fengsel etter å ha betalt ein kausjon på 5000 euro per person. At dei i tillegg har fått lov til å reise heimover mot Tsjekkia er enda ein indikasjon på at livet kan gå tilbake mot normalen for utviklarane.

Saka har tatt ekstra lang tid grunna ein streik i det greske rettsvesenet som har ført til fleire utsetjingar. No kan derimot dei to omsider halde fram arbeidet sitt på ArmA 3 og DayZ, noko DayZ-skaparen Dean Hall på twitter uttrykker si glede for:

«Ivan og Martin har fått kausjon etter 128 dagar! Dette er dei beste nyhenda eg kunne ha motteke! Gler meg til å sjå dei.»

Les også: Trodde filmsnutt fra ArmA II var ekte film
Les også: Lanserer gratis ArmA-spill

Kommentarer (23)

Forsiden akkurat nå

Til toppen