Assassin's Creed IV-utviding blir frittståande

Du treng ikkje det fulle spelet for å ta del i eventyret til piraten Adewale.

Ferske Assassin's Creed IV: Black Flag overbeviste oss ikkje heilt. Til tross for at sekvensane der du fekk sigle på bøljan blå var forfriskande, var dei resterande delande av spelet så stagnerte at vår mann i piratkostyme meinte det var det dårlegaste spelet i serien.

Denne kritikken har ikkje stoppa Ubisoft for å produsere meir innhald til spelet. I desember slapp dei utvidinga Freedom Cry. I denne får vi ta på oss rolla som leigemordaren Adewale, ein tidlegare slave som seinare blei pirat før han fann sitt rette kall som leigemordar.

Kan spelast utan fullversjonen

Skjermbilete frå Assassin's Creed Freedom Cry.

I dag fortel Ubisoft i ei pressemeldinga at Freedom Cry snart vil bli tilgjengeleg som eit frittståande spel. Eventyret blir eksklusivt for PlayStation 3, PlayStation 4 og PC. Om du vil ta del i historia til Adewale på Xbox-konsollar må du ha det fulle spelet. Utvidinga er ikkje lansert for Wii U-versjonen av spelet, og ser ikkje ut til å dukke opp der no heller.

Freedom Cry sender oss til Haiti på 1700-talet. Adewale blir skipbroten midt i den mest brutale slaveverksemda i dei vestindiske øyene. Det som følgjer er eit eventyr der Adewale må ta opp kampen mot slaveeigarane, samt hjelpe slavane med dei midlar berre ein Assassin's Creed-helt kan stille opp med.

Assassin's Creed: Freedom Cry blir lansert på PlayStation 3 og PlayStation 4 19. februar. PC-versjonen følgjer ei knapp veke etter, den 25. februar.

Om du skal, eller vil spele Assassin's Creed IV: Black Flag på PC kan det vere ein idé å ta turen innom Hardware.nos guide til å optimalisere spelet.

Siste fra forsiden