Assassin's Creed Rogue er offisielt

Om du ikkje har skaffa deg nye konsollar byr hausten likevel på snikmordaraction.

Heilt sidan i vår har det gått rykte om at det ikkje ville kome berre eitt, men to Assassin's Creed-spel til hausten. Det første av dei – Assassin's Creed Unity – blei kunngjort i vår og kjem til PC, PlayStation 4 og Xbox One. Der får vi ta del i den franske revolusjonen i rolla som snikmordaren Arno Dorian.

Det andre Assassin's Creed-spelet var kjent under namnet Assassin's Creed Comet, men i går fortalde vi om ein trailer som viste oss eit spel med namnet Assassin's Creed Rogue. I motsetning til Assassin's Creed Unity ville dette spelet kome berre til PlayStation 3 og Xbox 360.

I dei seine timar i går sende Ubisoft ut ei pressemelding der dei stadfesta Assassin's Creed Rogue. Spelet vil igjen ta oss med til Nord-Amerika, og denne gong i rolla som tempelriddaren Shay Patrick Cormac. Han er ein tidlegare snikmordar som har brote med brorskapet, og i spelet vil vi jakte på snikmordarar.

Tilbake til sjøs

Det blir meir skipsfart i Assassin's Creed Rogue.
Det blir meir skipsfart i Assassin's Creed Rogue.

I Assassin's Creed Rogue vil vi ta del i sjuårskrigen på 1700-talet. Vi vil få reise til ei rekke nye område, og vil blant anna kunne ta turen til den frosne Nord-Atlanteren, Appalasjene, samt New York. I pressemeldinga skryt Ubisoft over at skipsmekanikkane har blitt forbetra, og at vi får ei rekke nye våpen å leike oss med.

Spelet vil utelukkande kome til PlayStation 3 og Xbox 360, og får verken PC-versjon eller Wii U-versjon. Utviklinga blir leia av Ubisoft Sofia som tidlegare laga Assassin's Creed III: Liberation.

I pressemeldinga har regissør Martin Capel følgjande å seie om spelet:

«Vi veit det er mange Assassin's Creed-fans med Xbox 360- og PlayStation 3-konsollar som vil spele eit Assassin's Creed-spel i år. Assassin's Creed Rogue fullfører den Nord-Amerikanske sagaen som blei starta med Assassin's Creed III og Assassin's Creed IV Black Flag. Spelet vil oppfylle fans med førre generasjons konsollar sine ynskje om å få spele som ein tempelriddar.»

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen