Avslør konspirasjonar i nytt rollespel

I Majestic Nights reiser vi tilbake til 80-talet der alle absurde verdsteoriar er sanne.

Om du er ein av dei som brukar mykje tid på å lese deg opp på dei mange konspirasjonsteoriane om alt frå månelandinga til kva som eigentleg skjedde 11. september 2001, er australske Epiphany Games i full sving med å lage eit spel for akkurat deg.

I Majestic Nights reiser vi tilbake til 80-talet i eit rollespel som tek sikte på å finne dei endelege svara på ei rekke konspirasjonsteoriar. I spelet tek du på deg rolla som Cardholer, ein spion som godt mogleg har vore til stade ved fleire av av hendingane dei største konspirasjonsteoriane er basert på, samt Cal, ein privatetterforskar som ikkje eingong kjenner si eiga historie særs godt.

Fokus på historia

Det herlege, glorete 80-talet.

Majestic Nights blir skildra som kjapt, med enkle mekanikkar i ei verd som tek 80-talsestetikken til det yttarste. Spelarane vil måtte tenkje smart, og bruke både dialog, sniking og rå makt for å finne svara dei er på jakt etter.

I pressemeldinga der dei har kunngjort spelet fortel sjefsdesigner Sam Jensen følgjande om kva dei vil oppnå med spelet sitt:

«Vi ville lage eit spel som er enkelt å spele og som let spelarane gå rett inn i historia. Verda og historia er dei viktigaste bitane i spelet vårt. Dei er stjernene i showet, og vi vil alt alt i spelet skal støtte opp om dei.»

Majestic Nights vil bli inndelt i sju episodar, og vil bli tilgjengeleg på Windows, Mac, iOS og Android. Den første episoden er gratis og vil bli lansert i september. Dei resterande episodane vil derimot koste pengar, og vil bli tilgjengeleg kvar for seg på månadleg basis. Utviklarane siktar seg inn på at kvar episode skal vere sjølvstendig.

For meir informasjon om Majestic Nights kan du ta ein kikk på spelets offisielle nettstad.

Om du er fan av 80-talet bør du alvorleg talt få med deg den absurde 80-talshyllesten FarCry 3: Blood Dragon.

Siste fra forsiden