Avsløres Wii U-datoen på torsdag?

Nintendo viser fram sitt nye vidunder.

Seinare i år er det endeleg klart for lanseringa av Nintendo sin nye konsoll Wii U. Det store spørsmålet før den tid er hovudsakleg to ting: Pris og lanseringsdato. Nintendo har i ei pressemelding i dag fortalt at dei på torsdag kl. 16.00 vil ha ei førehandsvisning av Wii U. Heile presentasjonen som blir leia av Nintendo Europa sin president Satoru Shibata kan du sjå direkte frå Nintendo Direct sin nettstad.

Ved sidan av å gå i detalj på forskjellige funksjonar Wii U byr på, er det stor sjanse for at vi endeleg får vite kva maskina vil koste, samt nøyaktig når den dukkar opp i butikkhyllene.

Vi har allereie tatt ein grundig kikk på den nye maskina, og fleire av dei komande spela. Som med Wii håpar Nintendo å endre måten du spelar på om du går til innkjøp av Wii U. Wii U vil kunne bruke ein standard Wii-kontrollar, men det er den nye kontrollaren til Wii U som vekkjer mest interesse.

Skjermbilete frå ZombiU.
Skjermbilete frå ZombiU.

Den går bort frå fjernkontrollkonseptet til Wii, og går meir tilbake til tradisjonelle handkontrollar. Vi finn derimot ein drastisk forskjell. Midt på Wii U-kontrollaren finn vi ein 6.2 tommar stor trykkfølsam skjerm.

Kva denne kan brukast til er strengt tatt opp til utviklarane, men vi har sett fleire gode døme. I ZombiU må du til dømes bruke den kvar gong du skal sjå i ryggsekken eller skifte våpen. I eit skrekkspel der målet er å gjere deg litt redd, kan slikt få mykje å seie sidan du må sjå bort frå TV-skjermen.

I andre spel som Rayman: Legends og New Super Mario Bros. U blir den brukt til stor effekt når fleire spelar saman. Alt frå ein til fire spelarar kan i begge spela springe rundt og knerte fiendar og hoppe på plattformer, medan ein ekstra spelar kan sitje med sin eigen skjerm og påverke områda rundt dei andre spelarane.

Det gjenstår å sjå om Wii U kan invitere like mange nye spelarar til å prøve noko nytt som kva Wii i si tid presterte. Nintendo har i alle fall eit mykje større fokus på kjernespelarar denne gongen, med blant anna spel som Batman: Arkham City: Armored Edition og Assassin's Creed III på veg.

Les også: Dette avslørte Nintendo onsdag kveld
Les også: Gratis nettspilling på Wii U

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen