Baldur's Gate er klart for Mac

Du treng ikkje vente mange dagane på å det herlege rollespelet.

Det skal godt gjerast å finne eit PC-rollespel med større klassikarstatus enn Baldur's Gate. Spelet sette rollespelgiganten BioWare på kartet for alvor, og vi veit jo alle kva suksess dei har henta i nyare tid med blant anna Mass Effect-serien.

Baldur's Gate dukka for første gong opp i 1998, og trollbatt folk med sine djupe rollespelelement og engasjerande historie. I fjor haust dukka Baldur's Gate: Enhanced Edition frå Overhaul Games opp til Windows og iPad. Dette er ein oppussa versjon av spelet som gjev høgare oppløysning på grafikken, samt nokre små på sjølve spelet. Blant anna finn vi nye figurar og regelsystemet frå Baldur's Gate II: Shadows of Amn.

Rollespel av den gamle sorten.

Mac-versjonen av Baldur's Gate: Enhanced Edition har derimot lete vente på seg. I dag har omsider Overhaul Games kunngjort at Mac-versjonen er ferdig og klar for slepp. Allereie på fredag kan du laste det ned frå utgjevaren Beamdog sine nettsider, og det vil bli tilgjengeleg på Mac App-butikken snarleg. Dette fortel Eurogamer.

Medan du ventar kan du ta ein kikk på vår omtale av Windows-versjonen av spelet. Marius var i fyr og flamme over å få spele med sin gamle ven igjen, og fyrte til med full pott:

«Baldur’s Gate er framleis eit heilt fantastisk spel. Det held seg særs godt og eg har storkoa meg med min retur til Sverdkysten. Utviklarane har definitivt lykkast i det dei prøvde på. Dei har gjort ein gammal klassikar tilgjengeleg på nye maskiner med dei krav som stillast til nylanseringar av spel i dag.»

Les også: – Vi kaller det Baldur's Gate Next Les også: Baldur's Gate er det langsiktige målet

Siste fra forsiden