Baldur's Gate II: Enhanced Edition er ute på iPad

Ein ny sjanse til å få med seg rollespelklassikaren.

Lenge før BioWare blei best kjende for storseriane Mass Effect og Dragon Age, bygde dei seg eit namn som meistrar innan rollespelsjangeren. Med Baldur's Gate-serien omskreiv dei regelboka for korleis PC-rollespel skulle lagast. Ironisk nok ved å halde seg ganske så tru mot Dungeons & Dragons-regelsettet.

For mange er Baldur's Gate II det store høgdepunktet i BioWares historie, og PC-rollespelhistoria generelt. Med eit kampsystem som bydde på suverne taktiske moglegheiter, ei god historie og stor valfridom var standarden satt.

Forbetra versjon

Slik er forskjellen på gamle og nye Baldur's Gate II.

I fjor haust blei den oppussa versjonen av Baldur's Gate II lansert for Windows og Mac. I denne har spelet fått eit grafisk løft slik at det kan spelast på større skjermar utan at alt blir grumsa til, samt nokre nye figurar. I tillegg kjem det med ekspansjonspakken Throne of Bhaal. I kveld fortel VG247 at spelet er ute på iPad. Om du har venta på å få ta med deg Baldur's Gate II på tur utan å måtte dra med deg ein laptop, har du altså sjansen no.

Vår mann Marius var svært nøgd med oppussingsarbeidet Overhaul Games har gjort. Han gav spelet ni av ti poeng, og hadde følgjande å seie:

«Råmaterialet som utviklarane har jobba med er så bra at det ikkje er behov for å gjere nokre store endringar. Sjølv om eg kom over eit par tekniske feil framstår oppussingsprosessen som svært grundig og vel gjennomført. Det er svært få ting som trekk spelet ned, mens det magiske og fantastiske originalspelet trekk veldig opp. Eg kan ikkje gjere anna enn å varmt anbefale Baldur’s Gate II: Enhanced Edition til både nye rollespillentusiastar og gamle tilhengarar av serien.»

I fjor lanserte Overhaul Games den oppussa versjonen av det første Baldur's Gate-spelet, det og fekk strålande mottaking hos oss.

Siste fra forsiden