Bastion-studioet viser sitt nye spel

Supergiant Games har kunngjort sci-fi-eventyret Transistor.

Ein av våre favorittar frå 2011 var det flotte Bastion frå Supergiant Games. Det herlege eventyret fortalde historia på ein fascinerande og original måte, medan det blanda artig gameplay med minneverdig musikk og ein lekker visuell presentasjon.

I dag har Supergiant Games på nettstaden sin kunngjort kva dei har jobba med sidan den tid. I actioneventyret Transistor tek vi på oss rolla som ei ung kvinne. Etter å nesten ha blitt drepen får ho kontroll over det mektige sverdet Transistor. I løpet av spelet må ho kjempe mot fiendar i eit framtidsretta bymiljø medan ho prøvar å finne alle hemmelegheitane til sverdet.

Strategisk action?

Supergiant Games hevdar spelet saumlaust vil la deg blande strategisk tenking med kjapp action. Samtidig fortel dei at dei satsar vidare på atmosfærisk historieforteljing. Spelet blir utvikla av det same teamet som stod bak Bastion.

I samband med kunngjeringa av Transistor har utviklarane lagt ut den første traileren frå spelet. Her får vi sjå hovudpersonen Red springe rundt i dystre, men fargerike bymiljø. Stilen er unekteleg lik Bastion, sjølv om settinga er ei heilt anna. I tillegg til å by på eit eventyr frå fugleperspektiv lik det vi fekk servert i Bastion, ser Transistor ut til å by på variasjon i form av sideskrollande sekvensar.

Supergiant Games har så langt ikkje bestemt seg for kva plattformer spelet skal lanserast på, men siktar seg inn på at det skal bli tilgjengeleg tidleg neste år.

Les også: – Bastion var vår sjanse til å bryte ut Les også: Spill Bastion rett i nettleseren

Siste fra forsiden