Bastion-studioets framtidsvisjon har fått dato

Actioneventyret Transistor slår nokre taktiske slag neste månad.

Supergiant Games

Ein av redaksjonen yndlingar frå 2011 var det herlege actioneventyret Bastion frå Supergiant Games. I dette spelet møtte vi ein liten pjokk som fekk oppleve eit unikt eventyr der verda bygde seg opp rundt spelaren, medan ei forteljarstemme bretta ut historia, og kommenterte handlingane dine.

Tre år seinare er det neste prosjektet til Supergiant Games klart for lansering. Dette spelet heiter Transistor, og her møter vi ei kvinne som etter å ha blitt angripen mistar stemma si. Ho sit derimot igjen med eit snakkande sverd som hjelper ho på vegen mot svar.

I dag skriv VG247 at Transistor har fått lanseringsdato på PlayStation 4 og Windows 21. mai.

Taktisk action

Som Bastion byr Transistor på ein særeigen visuell stil.

Transistor følgjer i Bastions fotefar på mange måtar, men gjer likevel sine eigne ting. Kampsystemet er til dømes heilt nytt, og vil leggje stor vekt på taktikk. Du kan stoppe tida for å planleggje nøye, men du har ikkje ubegrensa med moglegheiter før tida er ute.

Vår mann Audun tok ein kikk på Transitor under GDC-messa i San Francisco førre månad. Han meinte absolutt dette er noko å sjå fram til:

«Medan Bastion i stor grad handla om å finne ut av apokalypsen og den ruinerte verda, handlar Transistor tilsynelatande om å la seg fortape i ein fantastisk framtidsvisjon. Supergiant Games spelar på mange av de same notane som tidlegare, med eit isometrisk perspektiv, eit spelområde der ein må knerte fiendar som dukkar opp på vegen, og eit heilt nydelig estetisk utrykk.»

Om du vil vite meir om Supergiant Games bør du få med deg artikkelen om vårt besøk til hovudkvartera deira. Merk at artikkelen krev Ekstra-medlemskap.

Siste fra forsiden