Anmeldelse

Baten Kaitos

I Baten Kaitos: Eternal Wings and the Lost Ocean (heretter Baten Kaitos) følgjer vi eventyret til den unge Kalas. I kjend stil er han ein sint ung mann, med hemn på sinnet. Bestefaren og broren hans blei brutalt myrda, og Kalas har sverga på å finne dei ansvarlege. Han får kanskje meir enn han hadde forventa, i eit langt eventyr som spinnar over to diskar, i det som kanskje er eit av dei mest unike rollespela den siste tida, uansett plattform. Det er lenge sidan vi har sett eit spel med så fargesprakande og varierte miljø som det vi finn her. Samtidig byr Baten Kaitos på eit fascinerande og veldig underhaldande kampsystem.

På visse frontar er det mange kjende trekk ved Baten Kaitos. Du har ein ung helt, han møter ei variert gruppe av personar, og det endar raskt opp som ein kamp for å redde verda. Imperiet er den store fienden, og den store skurken er keisaren sjølv, som desperat prøvar å låse opp fem ”end magnus” som vil vekke den døde og mannevonde guden Malpercio til live igjen. Namco har i midlertid pressa inn nok av tvistar og detaljar til at historia godt kan halde deg engasjert ei god stund, men på eit grunnlag; Slå av stemmene, for all del, slå av stemmene.

Hald for øyra, dette blir ille
Det er eigentleg ganske sjokkerande at eit stort selskap som Namco kan putte mykje pengar i å produsere eit nydeleg eventyr, men samtidig øydelegge det fullstendig i lokaliseringsprosessen. Baten Kaitos har kanskje dei verste stemmene i eit spel eg nokon gong har høyrt. Det er absolutt ingen innleving her, skodespelarane les alt dirkete frå manuskriptet, og du kan høyre at dei kunne ikkje brydd seg mindre om kva dei driv med. Enda eit større sjokk er at dei to stemmene som verkeleg osar av kvalitet, kjem i form av to soldatar som brått slår av ein prat med heltane. Denne sekvensen varar kanskje i maksimum tredve sekund, og gjer eigentleg vondt verre. Du har blitt vand med dei elendige stemmene, og lar det gå, inntil du høyrer korleis det kan vere.

Trass i dialog som kan framkalle brekningar har Baten Kaitos mykje positivt. Det er kanskje eit av dei vakraste spela tilgjengeleg i dag. Dette er ikkje fordi det er teknisk imponerande, men fordi det er lagt mykje omtanke i å få ting til å sjå bra ut. Bakgrunnane er prerendrerte, og det lar deg kanskje ikkje flytte på kameraet, men det opnar for ein detaljrikdom du berre kan gløyme å sjå i ein 3D-motor. Samtidig er ikkje ormråda berre statiske bakgrunnar. Løv svaiar i vinden og skyene flyt naturleg forbi deg. Uansett, det som verkeleg gjer Baten Kaitos til noko for seg sjølv, er kampsystemet. Du skal leite lenge for å finne eit kampsystem som kan skape like mykje glede og sorg.

Alt i Baten Kaitos si verd kjem i form av nokre kort som går under namnet "magnus". Skal du kjøpe noko, plukke opp noko, eller generelt sett bruke eit eller anna, er det i form av magnus. Det er fleire typar magnus-kort, og alle har sine bruksområde. Du har kamp-magnus, som naturlegvis kun kan brukast i kamp, du har "camp-magnus" som kan brukast når som helst, bortsett frå kamp, og i tillegg har du spesielle oppdrags-magnus du kan bruke til å plukke opp ting. Med unntak av oppdrags-magnus kan du ha eit enormt antal magnus. Oppdrags-magnus er det verre med. Dette er ei form for magnus du gjerne må bruke for å løyse oppdrag. Om nokon vil ha eit glas med melk, må du til dømes gå til stallen, finne eit kar med fersk melk, for så å kapre essensen av melka. Antalet oppdrags-magnus er sterkt begrensa, så det gjeld å tenke fornuftig.

Alt rotnar over tid
Samtidig utviklar ting seg over tid, noko som kan gjere visse små oppdrag til ein kamp mot tida. Har du til dømes funne eit lite frø, vil det over tid utvikle seg til å bli ei blomst. Dette er eigentleg eit godt eksempel på noko som tar lang tid. Eit minioppdrag som kan gi deg eit fantastisk våpen, tvingar deg kanskje til å bere på dette frøet i over ti timar i faktisk speletid. Umiddelbart har du eit oppdrags-magnus mindre til å utføre andre oppdrag. Andre gjenstandar kan raskt utvikle seg i løpet av minutt. Ta ein lavaklump som eit døme, etter ca tjue minutt har den blitt ein varm stein.

Dette blir også svært tydeleg i kamp. Eit lite bambusskot du kan bruke til å lege, vil etter kvart utvikle seg til å bli ei bambusstang du kan bruke som våpen. Alternativt kan dei velsmakande bæra du fann tidlegare brått vise seg å ha blitt rotne og giftige. Samtidig er det uhorvelege mengder med kombinasjonar du kan kaste deg ut i. For det første har vi tallkomboar. Alle kort har frå eit til fire tal, og ved å enten bruke kort med det same talet, eller ved å bruke kort med tal i stigande, eller synkande rekkefølge, kan du dramatisk auke skaden du gir, eller minke det du får. Samtidig er det elementkombinasjonar. Du bør til dømes ikkje bruke både ild og vann i same angrep, sidan skaden dei gir blir trekt frå kvarandre.

Dette er også noko som gjeld i forsvar. Både du og fienden kan redusere skade ved å forsvare med motsett element av det som blir brukt til angrep. I tillegg har du oppfølgjar-kort. Enten som ein elementbonus, der visse kort kun kan brukast etter eit kort av tilsvarande element har blitt brukt, eller avsluttningskort som umiddelbart avsluttar turen din, men samtidig gir eit ekstra og spektakulært angrep. Det er også ein vesentleg forskjell på korta du brukar i kamp, og korta du brukar utanfor kamp. Kort som brukast utanfor kamp, kan kun brukast ein gong. Det er altså lurt å lege seg sjølv i kamp, sidan desse korta aldri forsvinn (med mindre det er bær som utviklar seg til å bli giftbomber sjølvsagt).

Baten Kaitos: Eternal Wings and the Lost Ocean GC GC

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 1. april 2005
  • Plattform: Nintendo GameCube
  • Utvikler: Namco Bandai

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen