Batman til neste generasjon

Rocksteady har avslørt det siste spelet i deira Arkham-trilogi.

Rocksteady har gjort knakande god suksess med sine Batman-spel. Då dei lanserte Batman: Arkham Asylum i 2009 var det til fanfare frå både kritikarar og publikum. Arkham City som dukka opp to år seinare tok det heile eit stort steg vidare, og utvida det heile med å gi oss ein heil by å utforske, i motsetning til øya frå det første spelet.

Etter Arkham City blei det stille frå Rocksteady, og Warner Bros. sette eit internt studio i gong med å lage Batman: Arkham Origins. Det spelet sende oss tilbake i tid der vi møtte ein yngre Batman som måtte kjempe mot fleire av sine kjende fiendar for første gong. Det spelet makta ikkje heilt å nå opp til høgdene frå dei føreståande spela.

På hjul gjennom byen

Batmobilen i Arkham Knight.
Batmobilen i Arkham Knight.

I dag har Warner Bros. sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Rocksteady er langt frå ferdige med Batman. Seinare i år vil dei lansere Batman: Arkham Knight for PC, PlayStation 4 og Xbox One. Dette spelet vil igjen ta det heile eit solid steg vidare. Byen blir større, gatene breiare, alt for å gjere plass til Batmobilen som endeleg blir tilgjengeleg for spelarane.

I spelet vil Batman igjen måtte hamle opp med fleire av sine arge fiendar. Scarecrow er tilbake, og saman med skurkar som Pingvinen, Harley Quinn og Harvey "Two Face" Dent, vil han gjere det han kan får å gjere kål på Batman ein gong for alle.

Warner Bros. har vore sparsame med detaljar utover desse grunnleggjande faktorane, og har heller ikkje sendt ut skjermbilete for å gi oss eit innblikk i korleis spelet vil sjå ut. Vi har derimot fått ein filmatisk trailer som gjer sitt beste for å setje oss inn i den riktige Batman-stemninga. Den kan du sjå nedanfor.

Om du lurer på kva du skal bruke tida di på medan du ventar på Batman: Arkham Knight lanserer Warner Bros. ein HD-versjon av det sideskrollande actionspelet Batman: Arkham Origins – Blackgate 2. april.

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen