Battlefield-designer lagar Viking-spel

I Project Wight spelar du eit monster jakta av menneske.

Om du saknar fleire spel om vikingar, har det svenske studioet The Outsiders eit lovande prosjekt på gang. I spelet som førebels går under namnet Project Wight, tek du på deg rolla som eit ungt monster i ei verd full av farlege menneske.

Du er eit av svært få gjenlevande medlem av arten din, sidan menneska har gjort sport i å jakte ned og drepe alle som deg. Tidleg i spelet vil du vere ein liten unge, og i denne forma vil du vere svært sårbar. I staden for å angripe fiendar, må du snike deg rundt, krype gjennom huler, og springe for harde livet om du blir oppdaga.

Seinare vil du derimot vakse deg stor og mektig, og kan kveste dei fleste menneske utan større problem. I ein introduksjonsvideo du kan sjø øvst i saka, kan vi til og med sjå korleis du kan gli gjennom lufta for å kome overraskande på vikingane.

Svenske veteranar

Konseptkunst frå Project Wight.
The Outsiders

Project Wight blir utvikla av eit lite studio på tolv personar i Stockholm. Sjefen for studioet er David Goldfarb som tidlegare har vore sjefsdesigner på Battlefield 3, Battlefield: Bad Company 2 og PayDay 2, for å nemne noko. Han starta The Outsiders i februar i fjor saman med ein anna DICE-veteran; Benjamin Cousins.

Vi veit førebels ikkje når Project Wight vil bli klart for lansering. Kva plattformer det vil kome til er heller ikkje stadfesta.

Det er alt for få vikingar i spelverda, men ting er i endring. For ein del år tilbake kom actionspelet Viking: Battle for Asgard frå Creative Assembly. BioWare-veteranane i Stoic lanserte tidlegare i år del to av sin The Bannar Saga-trilogi, og Ubisoft jobbar for tida med storspelet For Honor, der du blant anna kan spele som vikingar.

Siste fra forsiden