Battlefield Hardline har fått dato

EA vil at du skal bruke våren på å leike politi og røvar.

Sjølv om DICE og EA grunna mange tekniske feil måtte tåle mykje kritikk etter lanseringa av Battlefield 4, har serien hatt ei høg stjerne hos mange spelarar i mange år. Med det neste spelet i serien har Dead Space-studioet Visceral Games tatt over utviklinga, og i staden for å by på soldatar i farlege krigssoner får vi no leike politi og røvar.

I dag melder Eurogamer lese at spelet som har fått namnet Battlefield Hardline endeleg har fått lanseringsdato. Spelet skulle eigentleg lanserast no i haust, men blei utsett sidan Visceral Games ville ha meir tid til å forbetre spelet basert på tilbakemeldingar etter betatesten i sommar. Den nye datoen for spelet er no sett til 19. mars.

Med eller mot lova

Vil du vere politi eller røvar?
Vil du vere politi eller røvar?

I Battlefield Hardline vrir utviklarane på den kjende Battlefield-formelen. I staden for store slagmarker med meir eller mindre realistisk krigføring får to lag der det eine spelar som kriminelle, medan det andre fungerer som lovas lange arm gå til strid mot kvarandre. Scenarioa kan variere mellom å stogge (eller gjennomføre) eit bankran, eller handtere ein gisselsituasjon.

Under E3-messa tidlegare i år kika Espen på spelet, og sjølv om han aldri har vore ein Battlefield-fan, meinte han at Battlefield Hardline kanskje kunne bli spelet som ville få han til å skifte standpunkt:

«Forskjellane frå fjorårets Battlefield-forsøk er kanskje ikkje så altfor mange, men dei endringane som har blitt tatt i bruk er betydelige nok til at spelopplevinga kjennest annleis. Det er kortare veg frå skotveksling til skotveksling, rørslene rundt på brettet er meir dynamiske enn tidlegare, og alt som skjer, skjer liksom for ein grunn: Det er eit bankran på gang!»

Det er ikkje alle som er store fans av EA for tida. Etter lanseringa av Battlefield 4 blei EA stilt for retten grunna påståtte løftebrot og tvilsam akjsehandel. Det søksmålet blei for kort tid sidan kasta ut av retten.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen