Battlezone blir pussa opp

Sniper Elite-studioet børstar støv av to spel i den klassiske serien.

Den årlege E3-messa gjekk nyleg av stabelen i Los Angeles, og i eit hav av store kunngjeringar, kom det òg nokre som kanskje gjekk forbi i stille. Ei av dei var at Sniper Elite-studioet Rebellion har sett i gong arbeidet med ei ny tolking av Atari-klassikaren Battlezone. Dette vektorspelet frå 1980 lot oss spele i nokre av dei tidlegaste tredimensjonale miljøa spelbransjen har bydd på.

Battlezone frå 1980.

Med svært enkel grafikk flytta du ei stridsvogn rundt i svært enkle miljø fullt av geometriske former. Rebellions nye versjon vil difor bli ganske annleis, og blei kunngjort som eit VR-spel for PlayStation 4 via Project Morpheus, og for PC med enten Oculus Rift eller HTC Vive.

Battlezone 1998 får nytt liv

Battlezone frå 1998 blanda skyting med strategi.

Originale Battlezone er derimot ikkje det einaste spelet i Battlezone serien Rebellion har bestemt seg for å pusse opp. I dag fortel Eurogamer at Rebellion vil pusse opp Battlezone frå 1998 òg.

Dette spelet hadde ikkje mykje til felles med Battlezone frå 1980, og gav oss eit spel i førsteperson som blanda skyting med strategi i sanntid. Utviklinga av nyversjonen av Battlezone er i eit så pass tidleg stadium at Rebellion ikkje kan seie noko om kva vi har i vente.

Rebellion kjøpte rettane til Battlezone for to år sidan etter at Atari såg seg nøydde til å selje unna ei rekke av sine eigedommar. Ein av dei var romstrategiserien Master of Orion som blei kjøpt opp av World of Tanks-studioet Wargaming.net. Eit nytt spel i denne serien blei avduka for berre få veker sidan.

Ein trailer frå VR-spelet Battlezone kan du sjå nedanfor.

Siste fra forsiden