Bayonetta 2 har fått dato

Det blir heftig action på Wii U i haust.

Om du har lengta etter å få halde fram eventyra til den spenstige actionheltinna Bayonetta er dette hausten for deg. I ein Ninteno Direct-presentasjon i går kunngjorde Nintendo at Bayonetta 2 vil bil lansert 24. oktober.

Det første Bayonetta-spelet blei lansert på Xbox 360 og PlayStation 3 i 2010. At Bayonetta 2 ville kome eksklusivt til Wii U blei difor møtt med ein del negative reaksjonar. Eksklusiviteten kjem derimot frå at Nintendo har finansiert utviklinga, og sjansen for at vi ikkje hadde fått Bayonetta 2 utan Nintendo er difor stor.

Bayonetta 2 vil bli lansert i fleire versjonar. Om du har spelt Bayonetta før kan du velje å berre kjøpe Bayonetta 2. Om du ikkje har fått med deg det første spelet har utviklarane hos Platinum Games porta Bayonetta til Wii U, og vil bli tilgjengeleg saman med Bayonetta 2, eller digitalt via Nintendo nettbutikk.

Etterlengta oppfølgjar

Det blir non stop action i Bayonetta 2.
Det blir non stop action i Bayonetta 2.

Bayonetta-serien blir utvikla av fleire veteranar frå Capcom som tidlegare stod bak til blant anna Devil May Cry-serien. I vår omtale av Bayonetta meinte vi spelet på alle måtar var solid, og at det var eit enkelt val for fans av spel som Devil May Cry og Ninja Gaiden.

Vi tok ein kikk på oppfølgjaren i fjor, og meinte det absolutt lova meir av den same, sprelske actionfesten vi kjenner frå det første spelet:

«Eg har gode nyhende til alle Bayonetta-fans: Dette ser ut til å bli akkurat den oppfølgjaren du har venta på. Vi får fleire av dei same kampscenario der Bayonetta sparkar frå seg slik berre ho kan. Kampsystemet sit som støypt, og spelets overveldande visuelle presentasjon sørgjer for at Bayonetta 2 – lik sin forgjengar – blir noko for seg sjølv.»

For dei som ikkje heilt har taket på intense actionspel, har Platinum Games til og med laga ein enkelt modus der du styrer Bayonetta berre ved å dra Wii U-pennen over skjermen på Wii U-kontrollaren.

Platinum Games har fleire jarn i elden for tida. Nyleg avslørte dei at dei er i full sving med eit spel basert på animasjonsserien The Legend of Korra, og under Microsofts pressekonferanse under E3-messa i juni fekk vi vite at dei vil lage det Xbox One-eksklusive actionspelet Scalebound.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen