Bayonetta-studioet lagar spel av populær animasjonsserie

The Legend of Korra får actionfylt spelmatisering seinare i år.

Platinum Games, studioet som består av fleire Capcom-avhopparar, har bygd seg opp eit svært godt rykte. Med spel som Bayonetta og Metal Gear Rising: Revengeance har dei etablert seg som ein av dei aller beste utviklarane av actionspel vi har i dag. Spela deira er ofte heftige opplevingar der ting får unna i ei skyhøgt tempo.

I dag fortel IGN at den amerikanske spelbautaen Activision har hyra inn Platinum Games for å lage eit spel basert på den populære animasjonsserien The Legend of Korra, som er oppfølgjarserien til den populære animasjonsserien Avatar: The Last Aribender. Spelet vil bli tilgjengeleg via nedlasting mot slutten av året på PC, Xbox One, Xbox 360, PlayStation 4 og PlayStation 3.

Ein kamp med elementa

I spelet vil vi ta på oss rolla som hovudpersonen Korra, og vil kunne bruke elementa eld, jord, luft og vatn for å kjempe mot ei lang rekke fiendar. The Legend of Korra-skribent Tim Hendrick står for historia. Eit turbasert strategispel frå Webfoot Technologies er òg under produksjon, og vil bli tilgjengeleg på 3DS i løpet av året.

Meir info enn det har vi ikkje å by på heilt enno. Du kan sjå den første traileren nedanfor, men den viser strengt tatt ikkje noko som fortel oss korleis spelet vil bli.

Ved sidan av å lage The Legend of Korra har Platinum Games fleire jarn i elden for tida. Dei lagar Bayonetta 2 for Wii U, og kunngjorde actionspelet Scalebound for Xbox One under E3-messa i Los Angeles.

Siste fra forsiden