Anmeldelse

Beautiful Katamari

Å huff! No har kongen av kosmos gjort det igjen. Eit slag tennis gikk ikkje heilt som det skulle, og kongen slo tennisballen gjennom himmelen. Tennisballen danna eit svart hol som saug med seg alt som eksisterte av stjerner og planetar, og no må du vise kva du er god for. Din jobb er enkel, rull saman dei tapte planetane frå ting du finn i nabolaget. Det er viktig med dei rette ingrediensane, og storleiken på dei nye planetane har mykje å sei for kor bra dei tek seg ut på den store svarte duken som målar bakgrunnen for universet.

Som sonen til kongen av kosmos, har du ein hard jobb framfor deg. Ikkje berre må du rulle saman desse planetane, men du må samtidig halde ryggen rak, trass i all sjikane kongen sender din veg. Han er ikkje nådig. Om ballen du rullar saman er for liten, eller ikkje er stilig nok, får du høyre det. Du får kanskje litt pryl, og eventuelt blir det vurdert om du skal bytast ut til fordel for ein av slektningane dine.

Rull for harde livet

Du er ein liten grøn mann med avlangt hovud, og du skal rulle ein katamari. Ein katamari er ein ball som sug til seg alt den rullar over. Den er som ein svamp, og når denne svampen blir større, kan den suge til seg større ting. Det byrjar i det små. Du plukkar med deg myntar, snop og anna juggel, før du går over til større ting som sumobrytarar, elefantar og Godzilla. Det er ei merkeleg og god kjensle å etter ei stund kunne rulle opp huset du for ei stund sidan sette i gong med å samle myntar i.

Kontrolloppsettet tek litt tid å kome inn i, men er eigentleg svært enkelt. Du rullar ballen, eller katamarien, ved å dytte begge analogstikkene fram samtidig. Om du skal rulle til sida, flyttar du dei sidelengs. Det er litt forvirrande i starten, men blir raskt veldig naturleg, og før du veit ordet av det har du nesten full kontroll. Eg seier nesten sidan det lett oppstår situasjonar der ting ikkje går så glatt som det burde. Av og til byrjar ting å gå frykteleg tregt, utan at du skjønar kvifor, og det er eit par svært nyttige kontrollmekanikkar som er unødvendig vanskelege å utføre. Til dømes kan du skyte fart ved å vri kjapt på analogstikkene, men det er ikkje alltid spelet reagerar på dette.

Dei forskjellege oppdraga spelet kastar deg ut på, går alle ut på det same. Du skal rulle ein ball ut frå spesifikke krav. Dette kan vere alt frå å lage Neptun av våte ting, til å lage sola av energi. Til felles for alle oppdrag, er at du startar i eit hus. Herifrå rullar du over alt du kan, heilt til katamarien har blitt større. Når katamarien veks, vil du kunne gå til stader du var for liten for før. Du startar som sagt i huset, deretter legg du på veg ut i hagen, før du ser deg rundt i nabolaget. Når du har rulla nok her, vil du kunne reise til byen, og når du igjen har blitt stor nok, ligg heile jordkloden for dine føter.

Det er eit frykteleg enkelt konsept, men det er ustyrteleg moro. Med sine geometriske former og sin elleville japanske popmusikk, byggjer spelet opp ei heilt unik stemning. Beautiful Katamari er i likskap med dei tidlegare spela i serien eit svært sparsommeleg spel på den visuelle sida. Alle figurar, skapningar og gjenstandar er modellerte av harde geometriske former, og dette strekkjer seg frå små leiketysfigurar, til enorme monster. Stilen passar perfekt til spelet, for den gjer det lett å skilje ein gjenstand frå ein anna, noko som er svært viktig for å kunne fullføre eit oppdrag skikkeleg.

Mørke skyer over leikeland

Det er som regel lett å skilje ein ting frå ein anna, problemet er i å finne ut kvar dei forskjellege tinga er. Kanskje skal du rulle opp verdisaker, men du anar ikkje kvar du finn dei. Du endar dermed opp med å rulle overalt på jakt etter dei, og plukkar opp mykje anna juggel samtidig. Dette tapar du i tillegg tid på, sidan dei fleste oppdraga går på tid. Alt som ikkje er innanfor krava til kongen, trekk ned poengsummen din, og ein låg poengsum er det mest demotiverande aspektet med heile spelet. Grunnen til det er ganske enkel, det er forferdeleg vanskeleg å få ein respektabel poengsum. Du må praktisk talt finkjemme karta gang etter gang slik at du veit kvar det du skal ha tak på ligg. Om du ikkje gjer dette, ventar berre ein skuffa konge som ikkje nølar med å fortelje deg kor ubrukeleg her.

Det er akkurat denne delen av spelet som først vitnar om den heller korte levetida til spelet. For det første byrjar du alltid i det same huset. Du er alltid i den same byen, og variasjonen er minimal. Dei einaste forskjellane kjem i form av at visse oppdrag spyttar ut forskjellege ting du kan plukke opp. Kulissane er dei same kvar gang, men innhaldet varierar i det små. Dette kan du eigentleg leve med, sidan det å rulle opp ting i seg sjølv er ein svært underhaldande ting. Etter så lite som tre timar blir ein likevel litt sjokka, over å allereie sjå rulleteksten gli over skjermen.

Kampen mot seg sjølv

Det er akkurat her ein innser kva heile spelet eigentleg handlar om. Det er ikkje berre å rulle, det handlar om å rulle ein ny ball større enn den førre. Det er praktisk talt ikkje mogleg å få ein vellukka ball på første forsøk, og dette gjer deg nøydd til å prøve om igjen og om igjen inntil du gjer kongen glad. Når du får større ballar, vil dette samtidig la deg rulle enda større ballar, sidan du vil rulle opp dei planetane du har laga sjølv når du tek turen ut i kosmos.

Det blir raskt litt suspekt, og ein lurer på om dette eigentleg er verdt å bruke tid på. Spelet handlar meir om å overgå seg sjølv, enn om å få gjere noko nytt, utan å få det heilt til. Sjølv om det er moro å rulle ballar medan ein lyttar til sær japansk musikk, er det ikkje moro nok til at ein umetteleg kan halde fram på det same nivået i time etter time. Dei forskjellege oppdraga gir deg kanskje forskjellege ting å plukke opp, men dette er ikkje nok til å skape levedyktig variasjon. Det går i det same kvar gang, og som for å gi deg litt motivasjon til å halde fram, kan du jo alltids gå på jakt etter dei forskjellege gåvene som ligg strødd rundt omkring, eller du kan leite etter slektningane dine. Ikkje at det betyr stort. Du kan velje å rulle katamarien med ein slektning, men forskjellen her er berre kosmetisk. Enda meir kosmetiske er gåvene, som temmeleg utelukka består av klede og dill dall til å kle opp figuren din med.

Som for å bøte på dette får vi nokre få alternative ting å bryne oss på. Ein samarbeidsmodus let to personar styre katamarien samtidig, men dette krev så synkron tankegang at det fell i fisk temmeleg kjapt. Kvar person må trykkje i same retning samtidig, og ballen går sjeldan den vegen du vil. Alternativt kan to personar spele mot kvarandre, og dette har sin underhaldningsverdi, men berre i små doser. Den største pådrivaren for å halde fram, vil nok for mange kome i form av ei poengtavle. Her kan du ved å vere innlogga på Xbox Live sjå kven som har laga den største katamarien, og dette kan gi deg litt engasjement for å prøve å rulle den største av dei alle.

Konklusjon

Beautiful Katamari er eit befriande og koseleg spel som gir deg grunnsolid underhaldning i nokre få timar. Så snart desse timane er over, og du eigentleg har sett alt spelet har å by på, er det derimot ikkje så mykje igjen. Å streve etter å rulle den største katamarien er ei utfordring berre dei mest engasjerte vil orke å bryne seg på i lengda, og levetida blir veldig kort. Spelet hadde eigentleg eigna seg betre som ein Xbox Live Arcade-tittel, enn som eit spel til full pris i butikkhylla, for det er eigentleg skummelt lite innhald her, til at det skal kunne vare særleg lenge.

Spelet har likevel sin verdi. Om ikkje anna, vil du i det minste få erfare noko som er svært ulikt dei mange skytespela som pregar Xbox 360. Slikt ser vi gjerne meir av, men helst med litt meir innhald.

Vurdering


Beautiful Katamari X360 X360 6/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. februar 2008
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Namco
  • Utvikler: Namco Bandai

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen