Beyond Good & Evil 2 lagast for neste generasjon

Vi må nok vente ei stund til før vi får møte Jade igjen.

Det har vore ganske stille rundt oppfølgjaren til det ikoniske Beyond Good & Evil frå Ubisoft frå Rayman-skaparen Michel Ansel. I spelet følgde vi fotojournalisten Jade som kjempa for motstandsrørsla i kampen mot ein utanomjordisk konspirasjon. Bortsett frå ein HD-versjon av perla som kom til Xbox Live Arcade og PlayStation Network i fjor, har vi ikkje sett stort meir til oppfølgjaren enn ein liten videosnutt som dukka opp for nokre år tilbake.

No kan derimot VG247 rapportere at Michel Ancel letta litt på sløret i eit intervju med franske Toulouse Game Show. Der gjer han det ganske klart at den noverande konsollgenerasjonen ikkje har det som skal til for å skape det spelet han har i tankane.

Skjermbilete frå Beyond Good & Evil HD.

– Det er eit veldig ambisiøst spel, og vi treng betre teknologi for å oppnå dei ambisjonane. Vi fokuserer på spelet. Vi lagar det først, og så ser vi kva som kan køyre det. Vi seier ikkje 2013 fordi vi veit ikkje når det vil kome. Vi vil lage eit fantastisk spel, og det treng meir teknologi, fortel Ancel.

I tillegg hadde Ancel litt å seie om den nemnde videoen som viser heltinna Jade i vill jakt gjennom ein by. Sjølv om mange har samanlikna det vi fekk sjå der med Mirror's Edge nektar Ancel for at spelet frå svenskane i DICE har vore ein inspirasjon:

– På ingen måte. Vi hadde dette konseptet før Mirror's Edge kom ut, og vi har ei anna tilnærming til førstepersonsperspektivet enn Mirror's Edge har. Prince of Persia og Assassin's Creed ligg nærare det vi har i tankane. Vi har eit veldig dynamisk kamera som ristar og skapar eit inntrykk av eit kamerateam som følgjer Jade. Det kan kanskje få spelet til å minne litt om Mirror's Edge, men spelet i seg sjølv er veldig forskjellig.

Les også: Anmeldelse av Beyond Good & Evil HD
Les også: Spill som fortjener oppfølgere (del 3)

Siste fra forsiden