Beyond: Two Souls får fleirspelar

Turbasert løysing for dei som vil spele saman.

Om vi ser bort frå PlayStation 4 blir Beyond: Two Souls blant dei største sleppa frå Sony til hausten. Spelet kjem frå Heavy Rain-studioet Quantic Dream og vil setje oss inn i rolla som jenta Jodie. Saman med spøkjelset Aiden må ho kome seg gjennom det Quantic Dream lovar vil bli eit emosjonelt og intenst spel.

I dag kan vi hos VG247 lese at spelet får ein snodig fleirspelarmodus om du gjerne vil spele saman med nokon andre. I tospelarmodusen vil spelaren kunne trykkje på trekantknappen for å gi kontrollen over til den andre spelaren som då vil spele som Aiden. Begge spelarane kan derimot ikkje spele på same tid, noko som vil sende spelarane fram og tilbake mellom å vere deltakar og tilskodar.

Det er hardt å vere tenåring.

Spel med mobilen

Fleirspelarmodusen er derimot ikkje låst til å bruke ein handkontroll. Ved å laste ned ein app til iOS eller Android vil du kunne trykkje på mobil- eller nettbrettskjermen for å utføre handlingane i spelet.

Vi tok ein kikk på spelet seinast i vår, og vår mann hadde blant anna dette å seie om det han såg:

«Alt tyder på at David Cage og Quantic Dream med Beyond: Two Souls rykker enda nærare ein fullendt visjon om gode filminspirerte spel med narrativ og kjensler som hovudfokus. Om dei lykkast med dette ambisiøse målet veit vi dog ikkje før vi får prøve den ferdige opplevinga i haust.»

Beyond: Two Souls kjem i sal for PlayStation 3 11. oktober, og er med andre ord rett rundt hjørnet.

Les også: – Setter ikke pris på at de stjal utseendet mitt Les også: – Dataspill har mye å lære av film

Siste fra forsiden