Beyond: Two Souls til hausten

Willem Dafoe har ei rolle i den overnaturlege thrilleren.

Under E3-messa i fjor viste Quantic Dream for første gong fram Beyond: Two Souls. Spelet frå utviklarane av Heavy Rain følgjer i forgjengaren sine fotspor ved å bruke skodespelarar i rollene som dei ulike personane i spelet. Der andre spel berre hentar stemmer og rørsler frå skodespelarar, har Quantic Dream spesialisert seg på å gjenskape dei på ein så naturtru måte som mogleg. I Heavy Rain var det for det meste ukjende skodespelarar som prega skjermen, men dette er på ingen måte tilfelle for Beyond: Two Souls.

Hovudpersonen Jodie Holmes blir til dømes spelt av den Oscar-nominerte skodespelarinna Ellen Page, som dei fleste nok kjenner best frå Inception. I dag har Sony via sin offisielle PlayStation-blogg kunngjort eit anna velkjent namn på rollelista. Den erfarne skodespelaren Willem Dafoe får rolla som Nathan Dawkins, ein vitskapsmann som jobbar for myndigheitene med å analysere kreftene til Jodie.

Willem Dafoe som Nathan Dawkins.
Willem Dafoe som Nathan Dawkins.

Desse kreftene vil vere midtpunktet for spelet som går over 15 år av livet til Jodie. Ho har kontakt med den usynlege skapningen Aiden, og kan via denne manipulere både folk og gjenstandar. Dette var vi vitne til sjølve under E3-messa i fjor då Jodie brukte Aiden til å få ein gjeng politifolk til å skyte kvarandre. Til forskjell frå Heavy Rain får du mykje større direkte kontroll over Jodie i Beyond: Two Souls, og spelet har ikkje det same fokuset på å trykkje på mange ulike knappar for å gjere forskjellige handlingar.

Samtidig som Sony kunngjorde at Willem Dafoe er med i spelet, har vi no kome eit solid steg nærare ein konkret dato. Beyond: Two Souls kjem i sal for PlayStation 3 i oktober, og tek såleis opp konkurransen mot dei mange påkosta haustspela.

Les også: Refleksjon: Trenger vi dypere spillhistorier?
Les også: Del Toro-grøssar kan få nytt liv

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen