Bjørnar i Kinectimals

Dine varmaste draumar kjem snart til live.

At Kinect blei ein suksess for Microsoft herskar det fint lite med tvil om. Sidan lanseringa i november har Kinect selt godt over ti millionar eksemplar. Utvalet med spel har derimot ikkje vore det beste. Etter lanseringsbølgja som såg fleire gode og dårlege spel, har det vore temmeleg stille rundt Microsoft sin rørsleteknologi.

Hausten er tida for endring, og i år blir ikkje noko unntak. Ved sidan av fleire nye Kinect-spel som Kinect Star Wars og Once Upon a Monster, får eitt av dei beste lanseringsspela til Kinect seg ei lita endring. Går du i butikken seinare i haust vil du ikkje lenger finne Kinectimals, men i staden vil Kinectimals Now with Bears! lyse mot deg med sine massive og livsfarlege dådyrauge.

Skal det vere ein bamseklem?
Skal det vere ein bamseklem?

I denne nye versjonen av Kinectimals møter vi – som du kanskje greier å tenkje deg – bjørnar. I eit spel så langt reservert for verdas beste dyr – katten – blir det no enda meir å velje mellom.

Kinectimals Now with Bears! vil introdusere eit heilt nytt område der ein kan følgje Kaptein Blackwood si jakt etter ein nedgraven gjenstand. Vi vil i tillegg møte ein ny guide som går under namnet Bumblina. Som med kattane i det originale Kinectimals vil bjørnane i Kinectimals Now with Bears! kome i mange former. Både brunbjørnar, isbjørnar og pandabjørnar vil gjere seg tilgjengelege for kos og leik.

Om du ikkje skulle vere interessert i å punge ut for Kinectimals ein gong til, vil alt det nye innhaldet bli tilgjengeleg for nedlasting frå Xbox Live.

Eg ventar i spaning på framtidige års potensielle oppdateringar som Kinectimals Now with Dogs!, Kinectimals Now with Rodents!, og min personlege favoritt: Kinectimals Now with Dinosaurs!

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Kommentarer (13)

Forsiden akkurat nå

Til toppen