Blackguards 2 sparkar nyåret i gong

Om du er glad i taktiske rollespel får du ein god start på 2015.

Det har vore eit godt år for dei som likar taktiske rollespel. Vi har fått ei rekke solide rollespel, og blant dei første som blei lansert i år fann vi Blackguards. Det var eit glimrande spel som sette oss inn i rolla som ein gjeng tvilsame typar som la ut på eventyr i ei mørk verd blotta for dei fargerike områda vi gjerne finn i fantasy-spel.

Sidan lanseringa av Blackguards har tyske Daedalic vore travle med å skru saman oppfølgjaren. I dag har dei sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Blackguards 2 vil bli lansert 20. januar på Steam, GOG og ei rekke andre nettbutikkar.

Større og meir utfordrande

Turbasert taktikk vender tilbake i Blackguards 2.
Turbasert taktikk vender tilbake i Blackguards 2.

I pressemeldinga fortel Daedalic at utviklinga av Blackguards 2 i stor grad er basert på tilbakemeldingane etter det første spelet. Essensen i spelet vil i stor grad vere den same, og du vil framleis velje kvar du skal gå frå eit stort kart, før du hiv deg inn i turbaserte kampar på eit heksagonalt nett. Utviklarane lovar derimot at kampane skal bli langt større enn dei vi fann i forgjengaren, samt by på mange nye utfordringar.

Ved sidan av dette byr Blackguards 2 på ein meir open struktur. I staden for å berre gå frå område til område medan du tek del i historia, vil spelet by på fleire fraksjonar som kjempar om makt i ein open struktur. Om du tapar eit slag kan du miste kontroll over eit område, og bli nøydd til å prøve å ta det tilbake seinare.

Om Blackguards 2 blir eit spel av same kvalitet som Blackguards har vi noko å glede oss til. I vår omtale av Blackguards meinte vi det var eit solid og utfordrande rollespel som passar perfekt for spelarar som likar å ha full kontroll over korleis krigarane deira skal skruast saman.

Andre taktiske rollespel frå i år som er verdt å få med seg er The Banner Saga og Divinity: Original Sin.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen