Anmeldelse

BlackSite

Ok, la oss samle oss litt og ta eit minutts stillheit for dei stakkars soldatane i BlackSite.

Frå stille landsby til helvete

Vis større

Trailer: BlackSite: Area 51 #3


Der, med det unnagjort kan vi setje i gong med å diskutere kva som gikk gale. Når ein gjer noko feil, er det til det beste for alle om ein set seg ned, analyserar situasjonen, og får alle fakta på bordet. Få klarheit i dei forskjellege faktorane som har spelt inn i fiaskoen, set dei i system, og prøv å unngå dei neste gong.

Ein ting vi veit ikkje fungerar, er rot. Rot kjem i mange former. Når det kjem til interaktiv underhaldning kan rot til dømes kome i form av nivådesign. Dette kan bety opptil fleire ting. Blant anna kan det vere rot i nivådesignet. Altså, du veit ikkje heilt kvar du er, kvar du skal gå, og kvifor du i det heile er der du er akkurat no, i staden for å til dømes vere på ein heilt anna stad. Rot kan òg vere å finne i historieforteljing. Dette er på mange måtar relatert til det eg nett sa om nivådesign. Spesielt med tanke på når du ikkje heilt veit kvar du er, og kvifor du er der. Om det er rot i sistnemnde kategori, kan dette få dramatiske utslag for den første kategorien. Om det i tillegg er rot i begge kategoriar, har du eit problem.

Ein anna faktor for kvifor ting ikkje fungerar er kunstig intelligens. Dette er ofte drivkrafta bak utfordringane den interaktive underhaldninga prøvar å formidle. Om denne er dårleg, eller som i vårt tilfelle direkte katastrofal på fleire punkt, har du enda meir du vil bli stilt til ansvar for. Eit siste, men minst like viktig punkt, er kva du let spelaren gjere. Dette kan kome i form av kva spelaren må gjere på dei forskjellege nivåa han må traske seg gjennom, men det kan samtidig vere relatert til utstyret han får bruke på vegen. Vi kan byrje vårt mikroskopiske arbeid her.

Eit våpen, mine bein for eit våpen

Eg hatar automatrifla. Eg kan like godt seie det no, så det er ute av vegen. Dette er eit forkasteleg våpen, og eg kan vel eigentleg takke Midway for at dei har fått meg til å innsjå akkurat det. BlackSite har eit minimalt utval med våpen. La oss ha det på det reine. For det meste vil du sitje fast med ein pistol og ei automatrifle. Om du dør vil du starte med desse to våpna, uansett kva våpen du hadde då livet gikk tapt. I tillegg vil du alltid starte eit nytt kapittel med desse to våpna. Det spelar inga rolle her heller kva våpen du hadde då det førre kapittelet slutta. Om eit kapittel sluttar, og eit anna trer i kraft på same område, til same tid, har det ingenting å sei. Det er pistol og automatrifle på deg min ven. Pistolen suger, så du kjem til å halde deg til automatrifla.

Du har riktignok nokre andre våpen å velje mellom, men desse er få. Dei fleste våpna er i tillegg generelt sett dårlegare enn automatrifla, så det einaste våpenet det er klokt å skifte ut er pistolen. Blant anna finn vi ein variant av pumphagla, den ser du av og til, men du kan telje alle gongane du får bruke sniper rifle og rakettkastar på ei hand. Nydeleg Midway, heilt nydeleg. Eg er imponert, de veit å glede eit sart hjarte. Takk som byr.

Ein kamp mot kaos

Historia i BlackSite er så meiningslaus at du aldri heilt veit kva som skjer. Først kjem monstra, så prøvar dei å forklare monstra, men forklaringa heng ikkje på greip. Den fortel deg kanskje kvifor ein ting er slik, men når alt du tenkjer på er kvifor i pokker alt det andre er sånn, hjelper det ikkje stort. Dei forklarar ingen av dei verkelege spørsmåla, men grev seg heller ned i ei djup grav der du sit att med ei vaksande kjensle av mark i fordøyingssystemet.

Så kva er det dei ikkje forklarar? Det spelar eigentleg inga rolle om eg røper noko av historia her, for eg forstår den ikkje. Eg kan vel seie det slik at eg framleis ikkje forstår kvifor ei gigantisk bille som skyt laser kan vandre rundt i ein by, når alt eg får høyre om er korleis dei har forska på å skape supersoldatar. Det er eit langt steg frå supersoldatar, til enorme tentaklar som dalar ned frå himmelen og slepp ut skapningar H.R. Giger forkasta på skissestadiet. Eg ventar framleis på ei forklaring.

Dette sender oss eigentleg direkte over til eit problem eg så vidt snakka om innleiingsvis: Nivådesign. Utfordringane i BlackSite er for det meste i god skytetradisjon. Du spring frå ein stad til ein anna, og skyt ned alt du ser. Dette er ganske enkelt, og det fungerar eigentleg godt nok i seg sjølv, men brått hamnar du i situasjonar som fullstendig krasjar med resten. Denne gigantiske billa er eit godt døme på dette. Den er i tillegg eit døme på patetisk kunstig intelligens.

Denne billa er ikkje dum, tvert i mot, den har ikkje forstand. Den er kontrollert av Gud, han sit der oppe og ser alt, og difor veit billa nøyaktig kvar du er til ei kvar tid. Når denne billa då skyt sin enorme stråle av død på deg, held du ikkje lenge. Du kan gøyme deg bak ting, men om du prøvar å snike deg forbi den medan du er skjult, ser han deg umiddelbart når du skal prøve å fyre av eit skot. I tillegg må du skyte den i ryggen, noko som ikkje akkurat gjer jobben din lettare.

Action frå samblebandet

Resten av fiendane fungerar for det meste som dei skal, verken meir eller mindre. Dei spring og skyt og gøymer seg av og til litt, men dei heilt store utfordringane skal du sjå langt etter. Dei forskjellege romvesna oppfører seg som dyr utan frykt, og spring mot deg uansett. Utfordringane fungerar for det meste godt nok, men eg vil bruke litt tid på det vesle laget du har med deg til ei kvar tid. Ein skulle tru poenget er at dei skal vere til hjelp, men i BlackSite er det stikk motsatt.

Ein ting du må halde auge med er lagmoralen, noko som fungerar slik at om du gjer det bra, gjer laget det bra, og omvendt. Problemet er at folka på laget ditt er dumme. Dei spring mot fienden og skyt til dei dør, og når dei dør går lagmoralen ned. Går lagmoralen ned, er det stor sjanse for at fleire dør, så du skjønar nok teikninga. Ikkje at du eigentleg treng bry deg, skytinga gjer du best sjølv. Dei kan likevel bli nyttige av og til. Du kan sende ordre til dei. Til dømes kan du merke ein fiende, og be dei drepe han. Dette blir faktisk ganske nyttige av og til, spesielt om du har ein fiende som er vanskeleg å få has på.

Dessverre må du gi fleire ordre til laget ditt. Dei kommandoane som fungerar best er valfrie, men dei pliktpålagde kommandoane er noko skikkeleg illeluktande møl. Nesten kvar einaste dør du skal gjennom må opnast av ein på laget ditt. Når du kjem til ei dør, må du merke den, og så vente på at den trege idioten skal få ræva i gir og sparke den ned. Ein skulle tru du er i stand til å gjere slikt sjølv, men tydelegvis ikkje.

Gufs frå fortida

BlackSite nyttar stolt den fjonge og flotte Unreal 3-motoren til Epic. Vi har sett at denne fungerar, men den fungerar som regel best om arbeidet med den er gjennomført. BlackSite for sin del sjonglerar mellom direkte stygt, òg svært flott. Det er som om dei forskjellege designarane ikkje har samarbeida seg i mellom på nokon måte, og då endar ein lett opp med eit produkt som verkeleg haltar. Visse område er skikkeleg flotte, det er god lyssetting, bra design, og du blir lettare litt engasjert av det. Som ein skarp kontrast kjem område der ting brått er frykteleg kantete, der teksturane er som henta frå eit tidleg PlayStation 2-spel, og overdriven bruk av «bump mapping» ser ut til å vere det einaste trikset utviklarane kan for å vekke ting til live.

I tillegg har spelet ein tendens til å brått stoppe opp i fleire sekund før skytinga held fram. Bildeoppdateringa har òg ein lei tendens til å synke ned i jorda. Det er ikkje nok til at det i seg sjølv øydeleggjar spelet, men det er meir enn nok til at du blir skikkeleg irritert når det skjer.

Om du ikkje skulle få nok av einspelardelen av BlackSite, kan du alltids kaste deg ut på Xbox Live for litt skyting. Denne delen er heilt grei, men den bleiknar fullstendig i samanlikning med konkurransen. Spel som Gears of War, Halo 3, Call of Duty 4 og Team Fortress 2 er alle milevis framfor BlackSite, noko som gjer sistnemnde heilt unødvendig, og veldig uinteressant. Kva skal du eigentleg med BlackSite når du har så mange gode alternativ?

Konklusjon

BlackSite er nesten heilt elendig. Eg seier nesten sidan det maktar å underhalde i porsjonar. Spelet har nokre intelligente utfordringar og engasjerande konfrontasjonar, men dei er for få til å gjere opp for alt det negative. Nivådesignen har sine stunder, men for det meste blir det heilt platt, og veldig uinteressant. Det fungerar, men berre akkurat, og når ein slenger på ei rekke irritasjonsmoment, rasar alt saman. I tillegg får det elendige våpenutvalet deg heile tida til å lure på når du eigentleg skal få noko nytt, men du blir alltid skuffa.

Om vi legger til ei meiningslaus historie, høgst variabel grafikk med ein del ustabilitet har vi eit spel som gir sterkt uttrykk av å ikkje vere ferdig. Det ligg faktisk eit solid skytespel under all skiten, og du kan greie å spele gjennom det, men du vil ikkje sitje igjen med gode minner, tvert imot.

Merknad: BlackSite er òg tilgjengeleg for PC, men den utgåven har vi ikkje fått muligheit til å vurdere. PlayStation 3-versjonen kommer i januar.

Vurdering


BlackSite X360 X360 3/10 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 30. november 2007
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Midway
  • Utvikler: Midway

Kommentarer (27)

Forsiden akkurat nå

Til toppen