Bli med i bestatesten av The Elder Scrolls Online

No kan du melde deg på for å teste Bethesda sitt komande storspel.

Med nesten 20 år på bakken er The Elder Scrolls ein av dei eldste og mest populære rollespelseriane som finnest på marknaden i dag. Kvart nye spel ser ut til å ta serien til nye høgder, og no er det snart klart for det største eventyret i serien så langt.

MMO-et The Elder Scrolls Online blei kunngjort i fjor, og vil ta deg med til Tamriel i ei opa verd der du kan byggje din eigen helt, og reise på eventyr saman med andre spelarar. Det er det første spelet i serien som ikkje eine og aleine fokuserer på deg som ein einsam helt, og forventningane er naturleg nok høge.

Sjølv om The Elder Scrolls Online er eit MMO og du kan slå deg saman med andre spelarar for å utforske verda, vil historia likevel sentrere rundt deg. Utviklarane har vore klare på at dei ikkje vil lage eit spel der ein må stå i kø for å ta ned eit digert beist.

I kveld har Bethesda i ei pressemelding fortalt at du kan melde deg på betatesten av spelet ved å ta ein tur til spelets offisielle nettstad. Nøyaktig når betaperioden startar seier dei derimot ingenting om.

For å feire at betatesten snart er i gong har Bethesda slengt ut ein lekker ny video som viser tre ulike fraksjonar sin kamp for å ta over The Imperial City. Kortfilmen er rimeleg langt frå kva vi kan forvente oss av sjølve spelet, men pen å sjå på er den definitivt, og du kan sjå den nedanfor.

Les også: Anmeldelse: The Elder Scrolls V: Skyrim - Dragonborn Les også: Anmeldelse: The Elder Scrolls V: Skyrim

Siste fra forsiden