Bli sjefen til superheltane

Double Fine gir deg det overordna ansvaret for å redde vera.

Sjansen er stor for at du ein eller annan gong i livet har tenkt tanken at det hadde eigentleg vore veldig fint å ha superkrefter. Om du ser urett skje framfor auga dine, eller på TV-skjermen for den saks skuld, hadde det ikkje vore dumt å sende eit lyn ned i skallen på gjerningsmannen.

Men kva skjer eigentleg bak kulissane til alle desse superheltane der ute? Det skal vi no få finne ut av i det nyaste spelet til Double Fine, studioet bak spel som Psychonauts og Brütal Legend. I det komande iPhone- og iPad-spelet Middle Manager of Justice får du rolla som ein mellomsjef som skal sørgje for at alt i superheltverda går på skiner, kan Kotaku fortelje i dag.

Har du det som skal til?

I spelet får du eit solid ansvarsområde. Ikkje berre må du hyre inn passande heltar til å rydde opp i gatene, men du må samtidig sørgje for at dei har ein skikkeleg base å opphalde seg i. Denne basen må du som i alle manager-spel oppgradere med nye fasilitetar slik at du heile tida kan ha kontroll på kva som skjer i verda, samt sørgje for at superheltane er i kampform.

Som seg hør og bør når superheltar er involverte blir det naturlegvis eit par basketak. Dette vil skje gjennom svært enkle turbaserte kampar der du kan bruke ei og anna superkraft når det passar seg. Diverse massive beist vil med jamne mellomrom òg dukke opp for å teste kor flink du er i jobben din.

Spelet vil bli gratis å spele, men følgjer likevel trenden med å la deg betale for å få ting til å skje raskare. Når du skal trene superheltane dine må du ta i bruk superium som fungerer som spelets økonomi, og om du ikkje har tid til å vente, vil du kunne punge ut for å få meir av substansen.

Middle Manager of Justice har ikkje fått nokon europeisk dato enno, men skal etter planen lanserast i Canada og USA så snart Apple ser seg nøgde med kvaliteten. I mellomtida kan du sjå den første traileren frå spelet nedanfor.

Les også: Double Fine annonserer nytt spill Les også: Double Fine dropper kopisperre

Siste fra forsiden