Bli steinalderhelt i Wildman

Gas Powered Games hiv seg på folkefinansieringstrenden.

For omlag eit år sidan gjorde Double Fine braksuksess med Kickstarter-kampanjen sin for eit nytt og tradisjonelt eventyrspel. Sidan den gong har folkefinansieringssida tatt heilt av. Mange store namn har etter kvart styrt unna den tradisjonelle publiseringsmodellen og har i staden valt å be publikum om å stille om med valutaen som skal til for å lage spel.

Sjølv om vi har sett fleire vellukka kampanjar frå ukjende utviklarar med til dømes spel som War for the Overworld og Maia, har etablerte utviklarar som Peter Molyneux og Obsidian Entertainment tatt mykje av merksemda.

Medan vi ventar på skikkelege skjermbilete får vi ta til takke med litt konseptkunst.
Medan vi ventar på skikkelege skjermbilete får vi ta til takke med litt konseptkunst.

No er på ny erfarne utviklarar på jakt etter pengane dine. Denne gong er det Gas Powered Games som ber om godvilje. Dei har tidlegare stått bak solide spel som Dungeon Siege, Demigod og Superme commander, og vil no ta alt dei har lært frå rollespel og strategi for å skape noko heilt nytt.

Prosjektet deira har fått namnet Wildman, og her spelar du ein barsk krigar i steinalderen. Dette skal bli eit actionrollespel med strategiske element. Du reiser rundt på tokt aleine i både grotter og mørke skogar, men etter kvart som du byggjer opp helten din og får tak i nye våpen, vil du samtidig kunne oppgradere krigarane i hæren før du går til kamp mot rivaliserande stammar.

Nøyaktig korleis det heile vil fungere i praksis er ikkje Gas Powered Games tydelege på, men det heile høyrest ut som om det slektar litt på spel som Viking: Battle for Asgard og Brütal Legend.

Wildman vil ha eit stort fokus på å byggje opp ting slik du sjølv vil. Dette kan vere gjennom å velje blant mange eigenskapar, eller kva utstyr du vel å utvikle eller stele frå fiendane dine. Utviklarane lovar i alle fall at du skal få skape din eigen unike helt.

Gas Powered Games ber om 1,100 000 dollar, og freistar like godt med at Jeremy Soule – komponisten som har stått for musikken i småspel som Dungeon Siege, Icewind Dale og Elder Scrolls-serien – skal skru saman tonane som vil kile øyrekanalane dine medan du spelar.

Samtidig fortel utviklarane at mykje av grunnen til at dei vel Kickstarter er at dei vil lage eit spel saman med spelarane. Dei har mange idear, men har bevisst valt å la mykje stå ope slik at ein i fellesskap kan lage det beste produktet.

Kva meiner du om denne strategien? Slik det bør vere, eller ein kynisk metode for å unngå den klamme handa til eit stort publiseringsselskap?

Les også: Britene inntar Kickstarter
Les også: «Det spelar inga rolle om Project Eternity floppar»

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen