Bli doktor i august

Trauma Center: Second Opinion følgjer i fotspora til forgjengaren Trauma Center: Under the Knife på Nintendo DS. I rolla som Derek Stiles, ein lege i startgropa, vil du bli nødt til å kjempe mot ein dødeleg sjukdom som går under namnet "GUILT" (Gangliated Utrophin Immuno Latency Toxin). Terroristgruppa Delphi er mistenkt for å stå bak sjukdomen, og du hamnar under intenst press i din kamp for å redde liv.

Skjermbilde frå Trauma Center: Second Opinion
Skjermbilde frå Trauma Center: Second Opinion

I ei pressemelding frå Nintendo, lovar dei at spelet er eit intenst action-spel der du vil bruke både Wiimoten og Nunchuck-kontrollaren til å gjere kirurgiske inngrep. Du veljer forskjellige verkty med Nunchucken, og utfører inngrepa ved å bruke Wiimoten. I følgje Nintendo vil bruken av begge kontrollarane gjere spelet enda meir realistisk og engasjerande enn Trauma Center: Under the Knife på Nintendo DS var.

I tillegg til eit variert utval av kirurgiske instrument som blant anna skalpell og pinsett, vil du kunne bruke "Healing Touch", ei ferdigheit som ein gong per operasjon vil la deg sakke ned tida for å gjere kirurgiske inngrep i eit skyhøgt tempo. Du får poeng for kor raskt og nøyaktig du utfører ein operasjon, noko som vil tvinge deg til å halde hovudet kaldt medan du etterliknar ein kirurg sine rørsler.

Spelet byr på seks kapittel, og kvart nivå kan spelast om igjen for å auke poengsummen din. I tillegg vil du kunne velje mellom forskjellige vanskegrader som passar for ferdigheitene dine.

Trauma Center: Second Opinion kjem til Wii 10. august.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen