Bli motedesignar på Nintendo DS

No er det tid for å hente fram nål og tråd.

Creative Patterns har kunngjort Fashion Designer: Style Icon, eit spel som vil la deg teste ut dine ferdigheiter som klesdesignar. I spelet vil du gå på skule for å lære alt om å lage klede, før du startar di eiga bedrift som motedesignar. Ved å gjere ein god jobb, vil du gradvis kunne lokke til deg større og viktigare kundar.

Skjermbilde frå Fashion Designer: Style Icon

Kreasjonane du kjem opp med som designar, vil kunne bli brukt i både katalogar og på filmplakatar. Du vil i tillegg kunne kle opp modellar på catwalken, heilt ned til kva hårfrisyre og sminke dei skal ha for å best vise fram klesplagga dine.

Talentet ditt vil bli vurdert ut frå til dømes kva designval du gjer, kor lang tid du brukar på kreasjonane dine, og nøyaktigheit. Du må vere den beste på alle desse punkta om du skal bli den leiande motedesignaren i verda.

Om ei karriere som designar ikkje skulle vere nok, vil spelet i tillegg innehalde ein "Free Mode". I denne modusen kan du lage klesplagg på sparket om du skulle få inspirasjon. Om du er trygg på ferdigheitene dine, kan du i tillegg utfordre ein ven til ei reell design-utfordring gjennom fleirspelar-modusen.

Spelet vil i følgje Creative Patterns innehalde mengder med opplåsbart materiell som til dømes mønster, spesielle stoff, og supermodellar. For å låse opp dei aller beste tinga, må du sjølvsagt vere den beste designaren.

Fashion Designer: Style Icon kjem til Nintendo DS i november.

Siste fra forsiden